Gå videre til innhold
Unni og Gunni - ny sprelsk peikebokserie for dei minste

Pressemelding -

Unni og Gunni - ny sprelsk peikebokserie for dei minste

Unni og Gunni er ein ny sjarmerande peikebokserie av Anna R. Folkestad. Unni og Gunni er to gode venner som liker forandring. Dei to pingvinane er ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt, og finn alltid ei løysing på utfordringane dei møter undervegs. Her er kvardagssituasjonar og humor som passar for barn frå 2 år og oppover. Dei to første bøkene i serien kjem ut no Unni og Gunni reiser og Unni og Gunni malar. Unni og Gunni kjem også ut som bok-appar i slutten av september.

Pingvin-ansiktsmalimgansiktsmaling, opplesing og signering på Ark Stord laurdag 1.9. kl 14.

Anna R. Folkestad (f. 1983) frå Stord debuterte i 2011 med bildeboka Henrik And, som kjem på russisk i 2012.

 

ANNA R. FOLKESTAD: UNNI OG GUNNI REISER

 Unni og Gunni ser på himmelen.

- Me burde på ein måte kome oss litt vekk, seier Unni.

- Einig, seier Gunni.

- Me reiser! ropar Unni.

 Men ein treng litt utstyr for å reise. Og korleis veit ein kor ein skal? Unni og Gunni finn fram kart og kompass og anna utstyr. Så flyr dei framover, bakover, over, under, opp og ned – og til slutt landar dei ein heilt ny stad.

 

ANNA R. FOLKESTAD: UNNI OG GUNNI MALAR

Unni og Gunni ser på huset.

- Me burde på ein måte fått litt farge på det, seier Unni.

- Einig, seier Gunni.

- Me malar! ropar Unni.

Men ein treng litt utstyr for å male. Og har dei nok fargar? Unni og Gunni finn fram koster og stiger og anna utstyr. Så blandar dei raudt og blått, gult og raudt, blått og gult.

 

 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO