Gå videre til innhold
Utanlandssuksess for norsk bok om mørket

Pressemelding -

Utanlandssuksess for norsk bok om mørket

Sigri Sandbergs bok Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på Finse slår stort an i utlandet. Agenturet til Sandberg, Winje Agency melder at boka er selt til Tyskland, Nederland, Polen og Italia. Fleire land og språk står for tur. 

I boka skriv Sandberg om mørket som er like viktig som det naturlege lyset, for oss menneske, dyr og alt som lever.

Meir om boka: Vinteren i Noreg er lang og svart. Eller er han eigentleg det? To tredelar av nordmenn bur no slik at dei ikkje kan sjå Mjølkevegen. Det blir stadig fleire gatelykter, utelys og skjermar. Kva gjer alt dette kunstige lyset med oss menneske, med dyra og alt som lever?

Sigri Sandberg har alltid vore mørkredd. Ho dreg aleine til fjells vinterstid for å finne ut meir om mørket og eigen redsel. Vi møter også ei anna kvinne, Christiane Ritter, som overvintra i ei fangsthytte på Svalbard i 1934.

Sandberg skriv om kva som skjer i kroppen når det blir natt. Ho fortel om søvn, stjerner, svarte hol, nordlys og mørketid, men også om himmellover og den globale kampen for nattehimmelen. Kanskje er det slik at dette mørket Sandberg er så redd for, er mykje viktigare enn vi trur?

«Sandbergs bok er både aktuell og vakker, og føyer seg inn i rekken av sakprosa som poengterer hvor viktig naturen, stillheten - og nå mørket - er for oss.»

Janne Bjørgan, Bergensavisen

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO