Gå videre til innhold
Foto: Pål Hodne
Foto: Pål Hodne

Pressemelding -

Utveg er ein sterk debutroman om forventningar, fordomar og tradisjon

Ny roman for ungdom av debutant Erling A. Westgaard Flote

Johanne er 17 år og har allereie begynt å planlegge framtida si når ho er ferdig på skulen. Ho vil studere psykologi, flytte ut av den tronge bygda og oppleve verda. Men foreldra har andre planar for henne, dei vil at ho skal ta over slektsgarden.

Gjennom nokre varme veker i mai bli Johanne tvinga til å ta eit oppgjer med familien sin, venene sine og ikkje minst med seg sjølv.

Utveg er ein roman om venskap, om det å vekse opp og finne ut at vaksne ikkje alltid gjer det rette, og kanskje finne nye vegar ein ikkje visste fanst.

Erling A. Westgaard Flote (f.1983) kjem frå Volda og har ein mastergrad i historie og arbeidar som lektor i den vidaregåande skulen. Utveg er den første romanen hans.

Lansering på Litteraturhuset i Fredrikstad 30.april klokka 18:00.

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO