Gå videre til innhold
Vårlista 2013 frå Det Norske Samlaget

Pressemelding -

Vårlista 2013 frå Det Norske Samlaget

Bla i vårlista HER

Are Kalvø, Jon Fosse og Patti Smith kjem alle med nye bøker på Samlaget i vår. Kalvø har ved hjelp av folket skrive ei ny grunnlov. Boka med tittelen Ny grunnlov er basert på serien Riksforsamlinga som startar på NRK i februar. Jon Fosse og Patti Smith kjem med dikt. Lars Mæhle debuterer som krimbokforfattarar der handlinga er lagt til Nordmarka, og forfattarduoen Kroken & Kolden følgjer opp med ny krimbok frå Gudbrandsdalen. Magnhild Folkvord har skrive biografi om Fredrikke Marie Qvam som var sentral i stemmerettskampen. I høve Språkåret og den aktuelle sidemålsdebatten, kjem Janne Nygård og Vebjørn Sture med pamfletten Kva skal vi med sidemål? Argument og fakta.

Samlaget har tre debutantar i vår, to som skriv for vaksne; Erica Löfström og Odd Eirik Færevåg og Marit Lajord som skriv for barn. Samlaget har som vanleg ei sterk barne- og ungdomsbokliste, mellom anna med nye, omsette bøker i seriane Cherub og Villheks av Robert Muchamore og Lene Kaaberbøl.

 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO