Gå videre til innhold

Pressemelding -

Verdas yngste til Sørpolen kjem med bok: Karen Kyllesø "Heilt aleine"

Karen Kyllesø er den yngste som har gått aleine til Sørpolen nokonsinne. I boka Heilt aleine. 54 dagar på tur til Sørpolen skriv ho sjølv om kvifor ho drog, korleis ho førebudde seg, og korleis det gjekk.


Boka blir lansert på ULLTRA-festivalen i Stavanger torsdag 25.9.


Det finst mange unge som drøymer om å dra til verdas ytterpunkt, men berre dei færraste set draumane ut i livet. Som 21-åring stod Karen Kyllesø på Sørpolen etter 54 dagar aleine på tur.

Kva fekk ho til å leggje ut på ei så lang, einsam reise til det kaldaste og mest isolerte kontinentet på kloden?

«Etter kvart som åra gjekk, vart grensa flytta lenger og lenger framfor meg. Turane vart lengre og lengre og på sett og vis meir og meir ekstreme. Det å stadig finne nye utfordringar har vore ein måte å stadig jakte etter meistring på.»

I denne personlege og spektakulære forteljinga får du svaret på korleis ho klarte å gå dei 1130 kilometrane inn til Sørpolen – og kva ho tenkte på undervegs.

Les starten av boka her: https://issuu.com/detnorskesam...

KAREN KYLLESØ (f. 2003) er ein eventyrar og polfarar frå Årdal i Rogaland. Den 13. januar 2025 blei ho verdas yngste som har klart å gå aleine til Sørpolen. Som 15-åring blei ho den yngste i verda til å krysse Grønland på ski.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter