Gå videre til innhold
Edmund Austigard, adm. direktør i Det Norske Samlaget. Foto: Sara Olivia Sanderud
Edmund Austigard, adm. direktør i Det Norske Samlaget. Foto: Sara Olivia Sanderud

Pressemelding -

Vidareføring av Forfattarskulen for skrivande med minoritetsbakgrunn

Samlaget er glade for at regjeringa ser behovet for å oppretthalde støtta til nynorsk litteratur på omlag same nivå som for 2022. 

Dette budsjettforslaget betyr at Samlaget og Minotenk kan vidareføre Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring på omlag same lest som i år. Vidare at den omfattande og ressurskrevjande satsinga på litteratur for barn og unge kan halde fram. Budsjettforslaget betyr dermed mykje for unge lesande, og ikkje minst arbeidet med å auke mangfaldet i litteraturen og den offentlege samtalen. I budsjettsøknaden peika Samlaget på behovet for å styrke tilgangen på nynorsk litteratur for barn og unge. Det er framleis slik at tilbodet på nynorsk ikkje kan samanliknast med bokmålstilbodet. Særleg gjeld dette viktige sjangrar som sakprosabøker, serielitteratur og lettlesbøker. 

Budsjettframlegget inneber ikkje noko reell styrking, men vidareføring av nivået for 2022. Samlaget er uroa for at ulikt litteraturtilbod kan gi ulike opplæringsvilkår for barn og unge, og vil arbeide vidare med partia stortinget for å betre situasjonen på sikt.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Anne Liv Tresselt

Sals-og marknadssjef 905 61 322

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO