Gå videre til innhold
Frå venstre: ​Siri Hanson, Tormod Skålsvik (prosjektleiar hos Akvaplan-niva), Øystein Skofteland, Råmund Skjold, Gerhard Inge Storebø, Arnt-Ivar Kverndal, Tom Georg Indrevik
Frå venstre: ​Siri Hanson, Tormod Skålsvik (prosjektleiar hos Akvaplan-niva), Øystein Skofteland, Råmund Skjold, Gerhard Inge Storebø, Arnt-Ivar Kverndal, Tom Georg Indrevik

Nyhet -

Akvaplan-niva: «Moglegheitsstudie for framtidsretta akvakultur»

PRESSEMELDING FRÅ GODE SIRKLAR

Sund, Fjell og Øygarden som blir nye Øygarden kommune frå 2020, er i dag ein sterk havbruksregion i Hordaland. Havbruksæringa omset for meir enn 5 milliardar kroner årleg og sysselset direkte omlag 300 personar. Det er likavel ei oppfatning at potensialet for produksjon, bearbeiding og verdiskaping i Sund, Fjell og Øygarden er større enn det ein oppnår med dagens organisering, driftskonsept og teknologi. Kommunane har difor vedteke at ein skal gjennomføra ei kunnskapsbasert moglegheitsstudie for framtidsretta akvakultur. Studien skal få fram potensialet som regionen har for framtidsretta lakseoppdrett, og korleis kommunane kan leggje betre til rette for næringa i åra som kjem. Dette er samstundes kommunane sitt bidrag for at produksjonsområde 3 og 4 skal kome seg over fra rødt til gult og grønt lys!

Anbodskonkurranse:

Gode Sirklar har på vegne av kommunane gjennomført ein anbodskonkurranse. Valet av ekstern konsulent falt på Akvaplan-niva, som har satt saman ei sterk fagleg prosjektgruppe med medarbeidarar frå Norconsult AS, Samfunns- og næringslivsforsking (SNF) ved Noregs Handelshøgskule og Høgskulen på Vestlandet.

Mål:

Målsettingane med moglegheitsstudien er todelt:

  1. Skaffe fram eit kunnskapsgrunnlag som er nyttig for havbruksaktørane si drift og strategiske utvikling, og som kan sikre ei berekraftig vekst og verdiskaping
  2. Sørgja for eit kunnskapsbasert innspel til kommunane til bruk i ei proaktiv nærings- og arealplanlegging

På basis av moglegheitsstudien er det ei målsetting å setje i gang tiltak som kan bidra til å utløyse potensialet for framtidig verdiskaping.

Prosjektet gjennomførast i løpet av 2019.

Innhald:

Moglegheitsanalysen vil innehalde seks hovudelar;

  1. NÅ – situasjonen basert på tilgjengeleg kunnskap frå regionen
  2. Oversikt over dei viktigaste kunnskapshola og kva slags konsekvensar eller risiko det har for beskrivinga av NÅ-situasjonen
  3. Mogelegheiter og potensiale for framtidsretta akvakulturi regionen dei næraste 10 år framover, når ein tek omsyn til nye driftskonsept, ny teknologi og nye måtar å organisere drifta på
  4. Vurderingar av verdiskapingspotensialet i den havbruksbaserte verdikjeda i regionen
  5. Konsekvensar og tilrådingar for arealbruken i regionen
  6. Ein konkret handlingsplan (kort – mellomlang sikt) som syner kva som er dei viktigaste tiltaka

Organisering:

Prosjektet organiserast med ei styringsgruppe. Styringsgruppa er satt saman av representantar frå prosjekteigarane; kommunane Sund, Fjell og Øygarden. Gode Sirklar, som er kommunane sitt felles utviklingsapparat, har det overordna prosjektansvaret.

På oppstartsmøte blei gjennomført tysdag 7. mai deltok Siri Hanson frå Hordaland Fylkeskommune, Tormod Skålsvik som er prosjektleiar i Akvaplan-niva, Øystein Skofteland frå Norconsult, Råmund Skjold som er kommunalsjef for tekniske tenester i nye Øygarden kommune, Gerhard Inge Storebø som er spesialrådgjevar i Sund kommune, Arnt-Ivar Kverndal som er prosjektleiar i Gode Sirklar og Tom Georg Indrevik som mellom anna er styreleiar i Gode Sirklar og varaordførar i Fjell kommune.

Tormod Skålsvik som er prosjektleiar i Akvaplan-niva uttaler:

-Det er svært spanande å få jobba med eit slikt prosjekt som dette i ei tid der både teknologiutvikling og berekraft har stort fokus i havbruksnæringa, samstundes som mange kommunar jobbar med oppdaterte kystsoneplanar. Vi vil analysera ulike utviklingsbaner for lokalitetsstrukturar og teknologival, og sjå på kva dette kan bety for både produksjon, fiskehelse og miljø. Vidare vil vi gjennomføre ei analyse av kva havbruksnæringa betyr for kommunane med tanke på lokal verdiskaping, og korleis dette kan bli påverka av framtidige utviklingstrekk.

Varaordfører i Fjell kommune og styreleiar i Gode Sirklar Tom Georg Indrevik seier i ein kommentar:

-Vi er ein sterk sjømatregion, og kommunane ynskjer å leggje til rette for i vidare utvikling og vekst. Vårt viktigaste bidrag er å gje næringsaktørane føreseielege og gode rammevilkår. Tilgang til gode areal i sjø er i så måte svært viktig. Dette spennande prosjektet vil gje kommunane ein god oversikt over nå-situasjonen og samstundes gode faglege råd om korleis me kan leggje betre til rette framover!  

Related links

Emner

Kontakter

Trude Borch

Trude Borch

Pressekontakt Seniorrådgiver +47 979 65 179

Relatert innhold

Fra forskning til verdiskaping

Akvaplan-niva AS er et forsknings- og rådgivingsselskap i NIVA-gruppen (Norsk institutt for vannforskning). NIVA-gruppen består av stiftelsen NIVA, og de heleide datterselskapene Akvaplan-niva AS, NIVA Chile og NIVA China Ltd med over 400 ansatte og sterke fagmiljø. Akvaplan-niva har hovedkontor i Framsenteret i Tromsø og kontorer i Alta, Bodø, Trondheim, Oslo, Bergen og Reykjavik. Vi har pr i dag 130 ansatte. Vår forskningsstasjon FISK ligger på Kvaløya, ca 2 mil fra Tromsø sentrum.

Vi tilbyr rådgivningstjenester og FoU-bistand innen akvakultur for alle vann-tilknyttede miljøutfordringer. Forskning er en meget viktig del av vår virksomhet og våre forskere har kompetanse innen biologi, økologi, økotoksikologi, kjemi og oseanografi. Våre viktigste kundegrupper er havbruksnæringen, energi-sektoren og ulike forskningsfond. Akvaplan-niva er ISO 9001 sertifisert og har egne kjemiske og biologiske laboratorier som er akkreditert i henhold til anerkjente standarder.

Akvaplan-niva
Hjalmar Johansens gate 14
9007 Tromsø
Norway