Gå videre til innhold
Skodespelaren og songaren Anette Amelia Hoff-Larsen frå Bergen har mange erfaringar bak seg, mellom anna har ho deltatt i Grand Prix fleire gonger. No er ho klar for rolla som høvdingdotter frå Uganda i The Book of Mormon.
Skodespelaren og songaren Anette Amelia Hoff-Larsen frå Bergen har mange erfaringar bak seg, mellom anna har ho deltatt i Grand Prix fleire gonger. No er ho klar for rolla som høvdingdotter frå Uganda i The Book of Mormon.

Blogginnlegg -

Anette Amelia Larsen skal spele Nabulungi: - Som ein godtepose!

Denne musikalen er ein godtepose av humor, punchline og drive!

Eg trur aldri eg har vore på teater og ledd frå først til sist. Dét gjorde eg då eg såg Book of Mormon i London. Dessutan var det utroleg kult å sjå aldersspennet i salen. Eg sat ved sida av ei dame på 50-60 år som lo så høgt, og eg tenkte: Har vi same humor?! Framfor meg satt nokre 20-åringar som lo akkurat like mykje. Det var som om heile salen var på same bølgjelengd.

Eg speler Nabulungi, ei jente i landsbyen i Uganda. Ho er dotter av Mafala, og blir kjærleiksinteressa til Eldste Cunningham. Ho drøymer om eit betre liv og trur at det finst eit draumeland som ho kan komme seg til om ho berre omfamnar denne mormonartrua. Så det gjer ho og får med seg heile landsbyen i å stå opp mot den valdelege generalen. Songen «Sal-tlay-ka-siti» er ein av låtane i musikalen som tek alt ned, som viser naivitet, sårheit og håp. Det er også viktig i ein sånn samanheng.

Mykje i denne framsyninga er veldig drygt. Men så merker du at andre rundt deg i salen ler, og det er liksom ein forløysande latter. Det som er genialt med The Book of Mormon, er at dei midt i all humoren har fletta inn så mange viktige tema. Du gir folk latter ein kveld, men forhåpentlegvis også ettertanke.

Det er Are Kalvø som har omsett stykket, og eg er så glad for at det skal spelast her på Det Norske Teatret. Eg trur det blir mykje morosamare på nynorsk! Men det er det sjølvsagt publikum som avgjer. Eg trur iallfall det blir bra, og eg gler meg!

Fortalt til Erlend Tårnesvik Dreiås. Foto: Siren Høyland Sæter

Related links

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge