Skip to main content

Antigone minner meg om mamma og pappa

Blogginnlegg   •   feb 14, 2017 11:44 CET

Sara Khorami spelar tittelrolla i klassikaren Antigone.

– Dette stykket minner meg intenst om mamma og pappa. Dei har ofra utruleg mykje for det dei trur på, seier Sara med eit alvorleg drag og viftar krøllene over skuldra med ei umedviten rørsle. Ho sit djupt planta i ein av designstolane i Det Norske Teatrets foajé. Men det er ikkje sjølvsagt at ho skulle sitte akkurat her. Det er ho veldig klar over. Ho kjenner seg heldig. Foreldra arbeidde for fridom og demokrati i heimlandet Iran, og i 1985 kom dei til Noreg som flyktningar. To år seinare blei Sara fødd. Hadde dei blitt i Iran og overlevd, måtte krøllene blitt gøymt under eit sjal. Ikkje som eit personleg val, men som eit nasjonalt politisk påbod.

For fem år sidan blei Sara tatt opp som del av det første kullet studentar ved Det Norske Teatrets utdanning for skodespelarspirer med bakgrunn utanfor Europa, Det Multinorske. Og no, drygt to år etter ferdig utdanning, skal ho spele sjølvaste hovudrolla i Sofokles’ klassiske drama. Det kjennest som ein siger. Det er framleis ikkje kvardagskost at nokon med fleirkulturell bakgrunn spelar dei store rollene ved teatera, men Sara er med på å bane veg for at dette med tid ikkje vil vere noka stor sak i det heile. Men denne gongen er bakgrunnen og familiehistoria hennar ein udiskutabel styrke i arbeidet med rolla.

Sara trur iranarar og grekarar har ein del felles, til dømes i det høviske og litt opphøgde språket: – Om du for eksempel seier til nokon at dei har ein fin kjole, kan dei i Iran svare: «Nei, det er dine auge som ser vakkert». Eller om nokon har fine sko: «Å, dei er ikkje meg verdige! Sjå her, ta dei!».

OFRAR ALT

– Eg har tenkt mykje på mine eigne verdiar i det siste. Kor mykje ville eg ha ofra? Korleis ville eg ha vore, dersom eg hadde vakse opp i Iran og ikkje i Bærum? spør Sara og lener seg engasjert fram i stolen. Blikket er fast. Bestemt, men leitar i lufta etter svar ho ikkje kan finne.

Antigone handlar om ei ung jente som står opp for det ho meiner er rett, sjølv om ho trassar Kreon, den nye kongen, som også er onkelen og snart skal bli svigerfaren hennar. Brørne har drepe kvarandre i ein blodig krig om herredømmet over byen Theben. Den eine broren, Eteokles, den tidlegare kongen, får ei anstendig gravferd. Men Polyneikes, den andre broren, han som gjekk til åtak på byen og broren for å ta makta, skal etter kong Kreons påbod ligge som åte for rev og ramn, oppå jorda. Antigone vel å følgje hjartet sitt, og gudanes påbod om at alle døde skal bli lagt i jord. For dette brotsverket må ho bøte med livet.

– Kvar tysdag samlast kvinner i Iran i gatene i hovudstaden Teheran og tar av seg hidjaben. For dette risikerer dei 70 piskeslag. Ville eg ha tort det? Ville eg ha stått opp mot systemet, slik foreldra mine gjorde? Eller ville eg ha bøygd hovudet?

undrar Sara. Ho leiter etter styrke for å gi kraft til den sterke karakteren ho snart skal gi liv til på scenen. Motstand kan gi ein uante krefter. Sjølv om det ikkje var så mykje politisk undertrykking heime i Bærum, har Sara kjent på det å vere annleis, og jobba hardt for å passe inn. I barndommen skapte ho seg mange alter ego for å skli inn i dei ulike kulturane ho var ein del av. Tidleg i barndommen merka ho ikkje så mykje til at andre såg på henne som annleis, men som vaksen har ho skjønt at naboen som alltid laga apelydar når ho eller nokon i familien gjekk forbi var det første og kanskje sterkaste møtet med rasisme ho har opplevd. Han var elles fengselsbetjent.

MANGE ROLLAR

– Foreldra mine var veldig opptekne av at eg skulle bli godt integrert. Dei sende meg på alt frå ballett, jazzdans, song, symjing, langrenn, blokkfløyte, hiphop og pianotimar til basket. Det kunne nesten bli i meste laget. Heime prata vi både farsi og norsk, i tillegg til at eg og far min hadde eit hemmeleg språk vi kalla karachati som vi nytta når vi tok kvit krem i fjeset og spelte teater heime.

– Regissøren for Antigone, Johannes Holmen Dahl, er glad i eit litt meir «tilbakehalde» uttrykk. Eg ser for meg ei rista colaflaske der ein slepper ut trykket litt etter litt. Det blir ei god øving for ei perser-guri som meg, haha!

Men det var altså mange stader Sara skulle tilpasse seg. Det var heime, det var på skolen, det var på besøk hos bestemor. Ho innbilte seg til dømes at ho var Michael Jackson – både svart og kvit. Eller Jeanette, ei ekte bærumsjente med perler i øyra og langt lyst hår.

– Heime var det to timar dansing kvar dag etter desserten. Vi dansa til alt frå Bob Marley til tradisjonell persisk musikk. Det var lidenskap og kjensler. Sterke kjensler, seier Sara og ler. HØGT! Det gjer ho ofte.

På vidaregåande gjekk ho på den skolen alle dei «flinke pikene» skulle gå. Her gjaldt det å halde kjenslene litt meir i sjakk og ikkje skilje seg for mykje ut. I dag ser Sara på det å vere annleis som ein styrke. Og kanskje det er nett denne vekslinga mellom ulike sosiale scener som har gjort henne til skodespelar?

FRIDOM TIL Å UTTRYKKE SEG

I Iran hadde Sara hamna i fengsel og blitt torturert for å uttrykke seg på den måten ho gjer her i Noreg. Eit stykke som Antigone hadde aldri blitt sett opp. – Det verste som kan hende meg her, er at nokon tenkjer at eg er ein dårleg skodespelar. Eg må ikkje i fengsel. Mamma og pappa har alltid sagt at eg skal kose meg med yrket mitt. Bruk det! Rop ut!

Det er ei gåve å kunne uttrykke seg fritt.

For foreldra heime i Iran byrja det med at mora blei utvist frå skolen. Bestevenninna hennar blei drepen. Onkelen blei sterkt skadd i ei bilulykke og fekk ikkje den hjelpa han skulle hatt da han kom til sjukehuset og døydde av skadane. Han var ein av dei førande i rørsla som gjorde opprør mot den andelege og politiske leiaren Khomeinis diktatur. Fleire av vennene til foreldra «forsvann» eller blei drepne. Da skjønte Saras foreldre at det ikkje var trygt for dei i landet lenger, og dei søkte og fekk innvilga politisk asyl i Noreg. Mor til Sara var berre 19 år da dei kom til landet.

FRIDOM TIL Å VERE UEINIG

– Når ein veks opp med desse historiene, får ein eit litt anna perspektiv på kva fridom er.

Det vakre her er at vi kan vere ueinige, men så kan vi drikke kaffi i lag etterpå. I Iran kan ein bli drepen. Dette vil vere med på å prege mi Antigone, meiner Sara.

– Når ein ser stykket, tenkjer ein kanskje: Hæ?! Kvifor er det SÅ viktig for henne å gravlegge den broren? Men dette har bygd seg opp over tid, tenkjer eg. Dette er dropen som får begeret til å renne over for Antigone. Ho har eit sinne som har bygd seg opp.
Sara tek ein uvant pause før ho bøyer seg framover og skyt ut ein finger: Til slutt blir ein berre sånn. (Ho tek ein ny pause): NÅ!
Det plutselege sinnet vik raskt for eit breitt smil, og ho lener seg tilbake i stolen.

Sara i salen under prøver inne på Hovudscenen.

ANTIGONES OPPMODING 

Det finst mange Antigoner både gjennom historia og i dag. Sterke kvinner som har stått opp for det dei meinte var rett, koste kva det koste ville. Saras store forbilde er landsmodera Gro Harlem Brundtland. Ho var mellom anna med på å kjempe for sjølvvald abort, den gongen det var eit svært brennbart tema.

– Eg trur ikkje ein treng å komme frå Iran for å kjenne på at det finst urett ein kan og bør stå opp imot, både i samfunnet, på skolen, på arbeidsplassen eller i vennegjengen.

Det finst mykje eg er ueinig i Noreg i dag, og som eg sikkert burde engasjert meg mykje sterkare i. Asylbarn som blir kasta ut når dei blir 18 år, er eit klart eksempel. Mot all diskriminering, urettferd og forskjellsbehandling. I stykket ligg det ei klar oppmoding om å engasjere seg. Vi er så heldige i Noreg som faktisk har moglegheit til å gjere nettopp det.

TEKST Åsne H. Dahl Torp FOTO Stig Håvard Dirdal

FAKTA

Sara Khorami (f. 1987)

Studerte ved skodespelarlinja ved Norsk Institutt for Scene og Studio frå 2009 til 2010
Student ved teaterutdanninga Det Multinorske ved Det Norske Teatret frå 2012-2015.
Knytt til Det Norske Teatret sidan 2015
Har spelt mellom anna dotter i huset i Kven er redd?, hovudrolla i Herr marmelade og den unge kvinna i Draum om hausten
Er for tida aktuell både i Herostratos og Antigone på Det Norske Teatret

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar