Skip to main content

Dei store kreftene

Blogginnlegg   •   feb 15, 2017 07:30 CET

- Men kvifor eigentleg Antigone?

Johannes: Kvifor ikkje, får eg lyst å seie. Eg har sansen for tragedien. Den passar no. Den passar i eit stort rom. Tragedien skapar eit stort rom. Det er noko med det romlege i tragedien. Det storarta ved den. Tragedien interesserer meg som form, kanskje meir enn dramaet. Det handlar om måten det er skrive på. Dei eksistensielle erfaringane, arketypane.

Nia: Det er stemmer som står mot kvarandre meir enn psykologien hos einskilde menneske.

Johannes: Dramatikaren set fram problematikkar fulle av motsetnader og lar dei ulike kreftene eller synsmåtane stå der. Det er uløyselege dilemma, store livsspørsmål.

- Er det aktuelt?

Nia: Eg er ambivalent til det ordet.

Johannes: Ein kan finne aktuelle tema i Antigone. Kva skjer dersom politiske avgjerder strider mot personlege overtydingar? Kva vil det seie å stå tilsynelatande aleine og heve stemma for det ein trur på? På den andre sida: Kor langt skal ein gå i å tene eit samfunn? Når er det på tide å gi etter, dersom det viser seg at ein kan ha handla gale, eller at dei fastsette lovene ikkje er rettferdige?

Ein kan snakke om frigjering og kvinnekamp. Ein kan ramse opp andre problemstillingar òg. Men det er ikkje heilt poenget. Det er det tidlause som er det sentrale.

- Det var jo dei gamle grekarane som fann opp dialogen, så å seie. Eg tenker på Platons dialogar, og korleis Sokrates gjennom motseiing skapar ein filosofisk metode.

Johannes: Ja, både tragedien og den filosofiske dialogen tvingar fram refleksjon hos oss. Det er liksom ikkje spesifikke forteljingar, men refleksjon over dei store spørsmåla. Dramaet er knytt til konteksten, til det spesielle, men tragedien handlar om det tid- og stadlause.

Nia: Og det er derfor tragedien er så romleg. Alt scenisk materiale tvingar fram eigne rom. Men her er det ikkje konkrete landskap eller interiør. Det handlar om det storslegne og samstundes så vesle mennesket. Ved å fjerne det spesifikke i miljøet blir rommet abstrakt og tidlaust.

Johannes: I eit rom som ikkje skil heilt mellom scene og sal, kan vi erfare noko saman. Det handlar om grunnproblema med det å vere menneske. I den vestlege verda i dag handlar så mykje om å realisere seg sjølv. I tragedien derimot er menneska underlagt evige makter. Og sjølv om vi kanskje omtalar maktene på ulike måtar i dag, så kjenner vi dei igjen. Vi er alle underlagt paradokset om at vi er fødde for å døy.

- Teaterrommet på Hovudscenen på Det Norske har jo tydelege greske førebilde?

Nia: Ja, det har same forma. Det store amfiet er djupt demokratisk. Her er det ikkje noka lagdeling, ingen losjar, det er berre ulik avstand til scenen. Slik må dei ha tenkt, arkitektane til DNT tidleg på åttitalet. Teaterrommet er med på å understreke openheita og det monumentale. Golvflata strekar under at vi er i same rommet som det som skjer på scenen. Det er ikkje noko titteskåp.

Johannes: På Nationaltheatret eller andre teater som liknar på det, der sit publikum og ser på noko inne i eit slags skåp. Ein ser inn i ei anna verd. Filmen og fjernsynet har vidareutvikla den sida av den dramatiske kunsten. Her er vi ein del av denne verda. Det er noko anna.

Nia: Eg er opptatt av det scenografiske, ikkje for scenografiens eiga skyld, men for å skape dialog i rommet. Eg vil ikkje ha pynt, og det har vi heller ikkje laga. Det er tomt på eit vis, men det har også alt det som eit teaterrom har, lys, teatermaskineri, heisemekanismar osv. Det at rommet er så tomt, skapar ei slik tidløyse som vi snakka om. Vi vil ha eit rom som kan puste med det som skjer for å prøve meg på ein metafor.

- Så her er ikkje mange overraskingar?

Johannes: Poenget er at menneska på scenen er heltar, ikkje individ i moderne forstand. Dei handlar i staden for publikum. Dei representerer dei ikkje.

Nia: Det handlar meir om danning.

Johannes: Det dreiar seg alltid om store motsetnader i menneskelivet. Fest og store kjensler på den eine sida og sivilisasjon og lov på den andre sida. Det er ein heilt annan kultur, men han er relevant for oss, og noko av det verkeleg fine er at vi kan komme i snakk med menneske som levde for fleire tusen år sidan.

Tekst CARL MORTEN AMUNDSEN Foto SIREN HØYLAND SÆTER

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar