Gå videre til innhold
Regissør og dramatikar Maria Kjærgaard-Sunesen og scenograf Mie Riis. Foto: Siren Høyland Sæter.
Regissør og dramatikar Maria Kjærgaard-Sunesen og scenograf Mie Riis. Foto: Siren Høyland Sæter.

Blogginnlegg -

​EIN HYLLEST TIL FANTASIEN

Dramatikar Maria Kjærgaard-Sunesen har henta inspirasjon eventyr til ein ny fabel om fantasiens kraft.

Les meir om den eventyrlege familieframsyninga Nila og den store reisa her.

Det danske tospannet beståande av regissør Maria Kjærgaard–Sunesen og scenograf Mie Riis har fått i oppdrag å lage ei internasjonal eventyrframsyning for heile familien. Dei har skapt ei fargerik, musikalsk og fantasirik framsyning som hentar inspirasjon frå både kjende og ukjende forteljingar frå heile verda, men også frå den tida vi lever i. Her vil vi blir tatt med opp i lufta og under havet, vi vil møte fuglar som snakkar, fiskar som syng, vindar frå alle verdshjørne og den vonde draken Morgana. Framsyninga er akkompagnert med Anders Ortmanns musikk, framført av eit lite orkester på scenen, med mellom anna harpe. Eit stort ensemble vil mane fram forteljinga og fantasirike draumescenar gjennom song og dans.

MODERNE EVENTYR

Nila og den store reisa handlar om Nila, ei ti år gammal jente som bur i ein liten landsby ved havet saman med familien sin. Her rår harmoni, i alle fall å sjå til ved første augekast. Nila har ein livleg fantasi og gler dei andre i byen med dei fantastiske historiene sine. Når fantasien får venger, kjem musikken og songane til Nila. Men harmonien slår etter kvart sprekkar. Like utanfor bymurane trugar krigen, med Den Morganske Milits i spissen. Når bymurane brest og militsen stormar fram, må Nila og familien flykte.


DET MYTEOMSPUNNE HAVET

Sidan teateret dei siste åra har laga to eventyrframsyningar der handlinga går føre seg i djup skog, ønskte vi denne gongen å tre ut av skuggane frå tunge grantre og heller utforske folklore som stammar frå ein annan, kanskje friskare og meir stormfull topografi, nemleg havet.
– Havet er eit spennande og dramatisk godt rom for ei forteljing. Det finst utruleg mykje mytologi knytt til havet, og det har gjerne ei dobbel tyding – det som er over overflata, og det som er under, seier regissøren, som i lag med scenografen vil skape ei forstørra verkelegheit, ei form for magisk realisme på scenen, fortel regissør Maria Kjærgaard–Sunesen.
Over heile verda fortel kystfolk skumle forteljingar om monster, sjøormar og spøkelsesskip som seglar kvilelaust rundt. Dei lyse forteljingane er like mange; forteljingar om vakre havfruer, undersjøiske byar og fantomøyar som dukkar opp frå ingenstad og reddar sjøfolk i naud. Felles for alle forteljingane er at hovudpersonane er på veg ein stad, anten det no er med eller mot sin vilje.
For å skape havet på scenen, vil skodespelarane danse i eit scenerom fylt med eit teppe av røyk.

FLUKT I BÅT

Nila kjem bort frå foreldra, og flyktar over havet i ein båt i lag med bestefaren sin. På vegen møter dei mange farar og utfordringar. Dei må også redde ein gut, Yasin, opp frå havet. Han har mista foreldra sine og i dragsuget forsvann også evna til å bruke fantasien.
– I våre dagar kastar desperate flyktningar dagleg loss og legg i veg på livsfarlege reiser over eit hav som vi skandinavar i årevis har hatt som feriefavoritt. Berre i år har omkring 1000 menneske mista livet på sjøen under flukt frå krig eller på veg til eit betre liv. Det er vår oppgåve å spegle det som hender ute i verda på scenen, også for barn, meiner Kjærgaard–Sunesen.

Catharina Vu, utdanna som skodespelar ved Det Norske Teatrets eigen teaterutdanning, debuterer som skodespelar i hovudrolla som Nila. Foto: Fredrik Arff.

FANTASI OG LEIK SOM VENTIL

I den vesle båten midt ute på det enorme havet, oppdagar Nila at fantasien blir viktigare enn nokon gong. Håpet, og evna menneske har til å drøyme og førestille seg er ein viktig overlevingsstrategi. Båtreisa blir både ei fysisk reise og ei indre reise, der Nila også må kjempe mot storm og sjøormar i tillegg til sine eigne demonar, krigstraume og sorg.
– Eventyr kan la seg projisere oppå den verkelege verda og sette ting i perspektiv, medan leik og fantasi er barns måte for å behandle det dei opplever, forklarar den danske regissøren.

Men Nilas fantasi blir vanskeleg å kontrollere der ute i den klaustrofobiske båten, dei mørke kreftene forsøker å ta over. Kva skal ho gjere? Skal ho rett og slett slutte å bruke fantasien sin? Eller skal ho våge seg inn i dei svartaste mareritta for å utfordre monsteret som gøymer seg der inne?

KONFRONTERER MØRKRET

Ho må møte det ho fryktar mest, og framfor alt må ho prøve å halde motet oppe, sjølv når det verkar som om alt håp er ute. Nila og den store reisa er ei framsyning som vakar i skjeringspunktet mellom fantasi og verkelegheit.

– Eg trur det kjem til å bli ei spennande framsyning, vi håpar mange vil meine at det er vakkert. Somme vil kanskje synast det er litt skummelt. Like fullt meiner vi at det er viktig, understrekar Kjærgaard-Sunesen.
– Skiljelina mellom fantasi og verkelegheit er ei vag grense som alltid er i rørsle. Og det er nett her, i dette uoversiktlege området mellom svevn og vaken tilstand, mareritt og draum, kvardag og eventyr, at barn lever sine liv.

TEKST Ingrid Weme Nilsen FOTO Fredrik Arff/Siren Høyland Sæter

Emner

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge