Gå videre til innhold
Bjarte Tjøstheim debuterer med soloframsyning om livet som engsteleg. Foto: Siren Høyland Sæter.
Bjarte Tjøstheim debuterer med soloframsyning om livet som engsteleg. Foto: Siren Høyland Sæter.

Blogginnlegg -

​ENGLAR OG INDRE DEMONAR

Med svart belte i frykthandtering skal Bjarte Tjøstheim innta Scene 2 i haust. Her skal han forsøke å finne ein metode for å bli kvitt angsten sin.

Det går betre no er tittelen på monologen, som Bjarte har skrive sjølv. I registolen sit Thomas Giertsen, som kom med ideen, som strengt tatt dreiar seg om korleis det er å vere Bjarte.

– Eg fekk frie tyglar. Oppfordringa var å skrive meg gjennom livet mitt som i stor grad handlar om sjølvpåførte avgrensingar. Undervegs leverte eg stikkprøver. Det var mykje å ta av. Etter kvart blei eg gjort merksam på at her var det mykje dystert. Alt eg skreiv om var nedturar. Og gong på gong måtte eg forsikre Thomas om at «jojo, det er sant, men det går betre no altså!» Da sette vi det som arbeidstittel, slik at eg også skulle hugse på dei lyse og positive sidene ved livet mitt.

For det er masse ting som går kjempebra altså, sjølv om eg ikkje kjem på noko sånn no i farta, forsikrar den lett nervøse teaterdebutanten.

For trass i at han er ein av dei mest populære komikarane i landet, at radioprogrammet han frontar saman med Sagen-brørne har ein trufast – og stor – fanskare, at han har kapra den finaste dama, og at han stadig er å sjå på tv-skjermen og filmlerretet, så ber han på ei frykt om å bli avslørt ein dag. At alt berre var eit spel, og at det ikkje kunne vere sant. For prestesonen frå Randaberg har alltid vore skjør og har hatt redsla som ein konstant følgjesvein gjennom livet. No blir det teater av denne historia, og sjølv om håpet er å få folk til å le, så er det eit ope og ærleg innblikk i eit liv som er strengt regulert for å få det til å kjennast trygt.

– Joda, eg har mine heilt faste rutinar. Eg står opp, går på jobb i radioresepsjonen, går heim, ser på tv, et middag, ser på tv med Kristin (kona), og så legg eg meg. Kvar einaste dag.

Men innimellom må rutinen brytast. Han er rett nok aldri å sjå på premierar, raude løparar, kjendisfestar eller plassar der han blir eksponert. Livet på Torshov der han og Kristin har budd dei siste ti åra, fyller dei fleste behova hans. Men han kan bli dratt med på ting som er morosame, og kan synast det er fint. Som det julebordet for knappe to år sidan da Thomas kom opp med ideen.

– Eg hadde vel drukke eit par pils. Da fungerer eg best sosialt. Eit par styrepils, og livet går på skjener. Der og da syntest eg at det var ein kjempeide. Så god at eg seinare på kvelden måtte understreke det ved å sende Thomas eit par tomlar i veret gjennom festlokalet.

Alle som har vore på fest, har hatt den kjensla dagen derpå. Kva var det eg eigentleg sa? Gjorde eg verkeleg det? I Bjartes hovud rullar heile festen på nytt – om att og om att. Tomlane, overmotet, trua på at dette var gjennomførleg.

Han måtte halde senga i to dagar og fleire gonger forsikre kona om at dette måtte han få stoppa. At han kunne vere så dum.

Men så var det ei lita stemme langt bak i hovudet som krangla seg til å få overtaket. Kunne han ikkje vente berre litt med å avslå? Så kunne han heller gjere det litt seinare.

No heng portrettet hans på skodespelarveggen i teateret, saman med andre kjente scenekunstnarar som Ane Dahl Torp og Svein Tindberg. I Bjartes hovud er det ikkje han sjølv som heng der. Det er berre ein karakter. Nærast ein utanfor han sjølv. Han gjer det psykiateren hans har forsøkt å overtyde han om: å møte situasjonar som gjer han engsteleg. Mange vil nok seie at å stå aleine på ein scene på eit av dei største teatra i landet, er å dra det langt. Det kan Bjarte vere einig i, men han har òg eit ønske om å avmystifisere dette med angst.

– Alle har vi vel noko av dette i oss. Mange folk veit ikkje ein gong at de har angst. Det folk kallar vorspiel før ein går ut på byen, er på mange måtar ei form for å kontrollere nervane. Sjølvmedisinering ved hjelp av alkohol er jo utbreidd. Folk kjenner seg fort betre og gøyare med litt innabords.

Men i arbeidet med dette, eit arbeid han fann overraskande kjekt, har han gått heilt tilbake til barndommen. Skrive seg gjennom dei første usikre åra på skolen, om plasseringa i kameratflokken, i familien, om korsfestinga i ein av hagane på Randeberg, om møtet med englar, med djevelens hole, med improteater (ein kvar nevrotikar sitt mareritt) og prøvd å finne årsaka til at han er som han er. Han tok permisjon frå NRK i tre månader, tenkte, skreiv og koste seg. Så fint var det at sjølv trivselsvekta auka.

– Eg trur ikkje eg har svaret. Men eg kjem ikkje unna at eg som barn hadde ein frodig fantasi og at oppveksten i eit religiøst miljø har påverka meg. Eg har inga trong til å distansere meg frå det religiøse, eg har berre flytta på meg. Litt etter litt. Likevel, når det røyner på, er det veldig fint å ha nokon å vende seg til. Eg kan vel seie det slik at eg er ateist fram til fienden begynner å skyte.

Oppveksten har heilt klart prega Bjarte Tjøstheim. Den var både trygg og god, for all del, men å leve som ein god kristen har han ikkje alltid klart.

Historier om den evige skjærsild og den evige pine, var levande i vesle Bjarte.

Bestemora fora han med kort med bilde av englar på. Så mange at han hadde ein eigen englealbum. Særleg eit bilde sette seg på netthinna, det av engelen som passar på to barn i leik på kanten av stupet. Han som så ofte kjenner på kanten av stupet, har ikkje gitt opp trua på englar. For de finnest framleis i livet hans, om enn i ei anna form enn i albumen. Dei er både jordiske og heilt reelle.

– Om angsten er med på å halde trua ved like eller om trua er med på å halde angsten ved like er eg ikkje sikker på. Men far min har i alle år bedt for meg. Ikkje berre meg, da, han har i grunnen bedt for alle menneske på jord. Eg veit ikkje heilt om det nyttar, men det kan jo ikkje skade heller, seier Bjarte og ler i håp om stadfesting.

Les meir om teaterframsyninga Det går betre no på Det Norske Teatrets nettsider.

TEKST Ida Michaelsen FOTO Siren Høyland Sæter

Emner

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge