Skip to main content

Klokt om vondt tema for barn

Blogginnlegg   •   des 03, 2015 15:00 CET

Kva var det nashornet såg, som gjorde det så lei seg at det døydde av det? Illustrasjon: Stian Hole.

Er det mogleg å lage teater for barn og unge med ein konsentrasjonsleir som bakteppe? Ja, meiner dramatikar Jens Raschke, som har skrive historia om kva nashornet såg på andre sida av gjerdet. Dette er ei annleis og viktig framsyning om å bry seg om andre.

Kva nashornet såg utspelar seg i dyrehagen som låg rett inntil ein av dei aller verste utryddingsleirane under andre verdskrigen. Raschke nyttar dyras synsvinkel for å seie noko om uforståeleg valdsbruk og om korleis menneska utanfor gjerdet kollektivt snur seg vekk frå ubehaget. I 1938 bygde kommandant Karl Otto Koch ein dyrehage rett ved inngangspartiet til den allereie berykta fangeleiren Buchenwald. Høgdepunktet i dyrehagen, som tente som hyggeleg avkopling for SS-vaktene og familiane deira, var ei innhegning med fire bjørnar. I tillegg var det apar og eit nashorn i parken.

Dyra blei mata av fangar og fekk betre stell og næring enn dei titusenvis som levde under umenneskelege forhold rett på andre sida av gjerdet.

PÅTRENGJANDE SPØRSMÅL

I Kva nashornet såg blir vi tatt med til dyrehagen. Her bur det mange eksotiske dyr som har eit bedageleg liv bak gjerdet. Men så døyr nashornet på mystisk vis. Ein bjørn flyttar inn og byrjar å stille vanskelege spørsmål. Kven er desse merkelege skapningane på andre sida av gjerdet? Dei kjem med tog, er tynne som pinnar, stripete som sebraer, men dei går på to bein og dei luktar ikkje godt. Dei er meir døde enn levande og liknar ikkje noko bjørnen har sett før. Det gode livet til murmeldyret, pappa Bavian og dei andre dyra blir forstyrra av desse påtrengjande spørsmåla, for saka er vel at dei gradvis har vent seg til jamvel dei mest forferdelege inntrykk.

SKRUPELLAUS ÅTFERD

I verkelegheita var kommandantparet Karl og Ilse Koch blant dei mest omsynslause forbrytarane under naziregimet. Medan han var kjend for sin grådige og skruppellause karakter, blir Ilse hugsa som den mest bestialske og sadistiske av dei. Ho var ei vanleg jente som tidleg blei med i NSDAP og som gifta seg med Koch som alt hadde gjort karriere i partiet. I Buchenwald bygde dei seg eit herskapshus rett utanfor leiren, der dei levde eit privilegert liv saman med dei to barna sine. Ilse var interessert i hesteriding, og for pengar som dei stal frå fangane, bygde ho ein stor ridehall for eigen personleg bruk. Ho hyra inn musikarar og let dei spele til treninga. Det heile hadde preg av sirkus. Ilse kunne ri rundt i fangeleiren og tolte dårleg at fangar kom i vegen. Det blir også sagt at ho hadde ei spesiell interesse for tatoveringar. På si ferd kunne ho plukke ut fangar med særskilte mønster. Desse personane forsvann, og mønstra dukka opp på prydgjenstandar som ho dekorerte heimen med.

Ekteparet førte ein overdådig livsstil og såg på leirområdet som si eiga leikegrind. Men leiken var både inhuman, brutal og dødeleg.

SKAL BARN VITE OM MENNESKELEG VONDSKAP?

Det er heldigvis dei færraste barn som har vore utsett for så forferdelege hendingar som dei som blir fortalt frå andre verdskrigen. Mange som veks opp i Noreg i dag, har eit bilde av andre verdskrigen som ei hending i svart/kvitt som ikkje vil ramme oss igjen. Men ikkje alle kjenner det store bildet. Å vite når ein skal fortelje barn om denne brutale perioden i europeisk historie, er ikkje alltid enkelt. Toler barn å bli eksponert for sanningar om det verste i menneske?

For å førebu eit yngre publikum på det dei skal oppleve, arbeider Raschke med humor og eit lett og tilgjengeleg språk.

HUMANISME OG KRITISKE SPØRSMÅL

Å skrive eit stykke bygd på menneskeleg kynisme krev mot. Forma gjer stykket både underhaldande, lærerikt og ålment. Og er ikkje minst eit viktig bidrag til det vanskelege spørsmålet om kva vi tør å utsetje barna våre for: Å teie om den fæle sanninga eller å opplyse dei. Ikkje berre dykkar Raschke ned i eit av dei mørkaste kapitla i vår nære historie, han evnar òg å skape band til notida og til korleis vi i dag utviklar liknande strategiar som dyra i dyrehagen når vi kikkar over det europeiske gjerdet og får innblikk i dei fælaste lagnader verda over.

Kanskje kan Kva nashornet såg vere eit utgangspunkt for å snakke med barn om vanskelege historiske fakta og om utfordringar i samtida.

Gjennom parabelen til vår kvardag vil barn på lettfatteleg vis få innblikk i kor viktig det er å forstå omverda, å stå opp mot urett og å stille dei kritiske spørsmåla. For den poetiske, men likefullt skakande appellen om mot og eigenansvar fekk Jens Raschke den tyske barneteaterprisen i 2014 for Kva nashornet såg. Stykket blir sett opp på teater over heile Tyskland, der mottakinga både blant vaksne og barn har vore formidabel.

TEKST Ida Michaelsen

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Agree With Privacy Policy