Gå videre til innhold
VICTORIA MEIRIK, REGISSØR

Blogginnlegg -

VICTORIA MEIRIK, REGISSØR

Det å ikkje fikse tinga, å kjenne seg mislukka eller utafor, det er ein del av livet, seier regissøren for Vår vesle.

Eg har ei kjensle av at det i dag ikkje er nok rom for det som er uordna. At det er unormalt å ikkje klare alt. Det kan vere skremmande, og det kan kjennast som eit tap, ja visst. Men vi menneske må jo tole å gå på trynet. I alle fall må vi tole at livet kan vere komplisert.

I Vår vesle har hovudpersonen tilsynelatande alt. Ho er ressurssterk, har ei interessant utdanning, ho har reist rundt i verda og har ein god familie. Likevel taklar ho ikkje motbør. Ho blir overvelda av livet og reiser heim til foreldra. Tilbake til start, på ein måte. Kva var det som skjedde, spør dei seg? Har vi gjort noko gale? Ofte leitar vi menneske etter enkle svar på komplekse problemstillingar. Var det kjærasten? Åt ho ikkje rett mat? Var det den nye jobben? Vi ser i stykket korleis dei rundt henne blir prega av situasjonen hennar. Dramatikaren Kristin A. Danielsen har klart å skape eit ordrikt og tidvis morosamt språk for å gripe problemet, eit problem som jo eigentleg manglar språk, men som veldig mange kan kjenne seg igjen i.

Eg har tatt meg sjølv i å tenkje at det kunne ha vore meg.Og har jo kjent på det same: Er det her eg skal vere? Men eg seier som ein av skodespelarane: Eg er frå ein generasjon der melankoli nærmast var hipt. Vi skulle ikkje vere så polerte og vellukka. Var du smådeppa, gjekk i svart og høyrde på litt mollstemt musikk, hadde du liksom skjønt noko. I dag ser alle så fine og sunne ut. Men sjølv om ungdomsmiljøa verkar både opne og vakre, så verkar det som det er mange som likevel ikkje taklar å falle i eit tomrom i periodar av livet. Vi prøver å finne eit språk eller eit uttrykk for den nummenheita som oppstår når livet bankar på og ein famlar etter svar på korleis ein skal komme seg vidare.

FORTALT TIL Ida Michaelsen FOTO Siren Høyland Sæter

Les meir om teaterframsyninga Vår vesle på Det Norske Teatrets nettsider.

Related links

Emner

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge