Pressemelding -
Peer Gynt ser tilbake på livet
Må Peer Gynt i støypeskeia? Når Toralv Maurstad igjen står på scenen som Peer Gynt, er det som den gamle Peer.
PEER GYNT
av Henrik Ibsen, omsett av Jon Fosse
PREMIERE SØNDAG 9. SEPTEMBER
KL. 18.00 PÅ HOVUDSCENEN
Teatersjef og regissør Erik Ulfsby har vald å starte framsyninga med 5. akt, der Peer Gynt møter Knappestøyparen (Svein Tindberg). Gjennom dialogen deira, blir scener frå Peer Gynts liv levande. Det er som om dei blar fram og tilbake i eit minnealbum, der eit heilt liv blir bretta ut og framkalla. Fram stig historier, møte og erkjenningar som blir spelt av eit stort ensemble på 14 skodespelarar. Fleire skodespelarar vil ha rolla som Peer Gynt i ulike fasar av livet.
Alltid røymt frå seg sjøl
Peer har heile livet villa vekk – vekk frå bygda, vekk frå Noreg, men mest av alt, vekk frå seg sjølv. Han ville skape seg om, utfalde seg, bli rik, han ville forbruke og han ville nyte. Men mot slutten av livet vender han heim, tydeleg merka av erfaringane han har gjort seg. No må han stå til rette for sitt eige liv. Kven var han eigentleg? Vil livet hans tole møtet med Knappestøyparen?
70-årsjubileum
Det er i år 70 år sidan Det Norske Teatret for første gong fekk løyve av Ibsens etterkommarar til å sette stykket opp på nynorsk.
Dette skapte rabalder, bokmålsfolket reagerte med pipekonsertar under framsyningane, og det var tilløp til slagsmål i salen. Språket var likevel ikkje det einaste som skapte reaksjonar den gongen. Det var også den "avromantiserte" versjonen til regissør Hans Jacob Nilsen som sørga for det, med mellom anna ny musikk av Sæverud. Når Erik Ulfsby no set framsyninga i scene 70 år etter, er det blitt ei poetisk framsyning med fleire nikk til denne historiske oppsetjinga.
Internasjonalt samarbeid
Peer Gynt-produksjonen er del av eit samarbeidsprosjekt i eit nettverk av offentleg støtta teater i Europa, ETC (European Theatre Convention). Det Norske Teatret er eitt medlemsteater av rundt 40 frå 22 ulike land. Gjennom denne organisasjonen starta eit samarbeid med Nasjonalteatret i Zagreb. Eit kroatisk kunstnarleg lag sette opp ein klassikar her i Oslo, Den siste Kongsfesten av Miroslav Krleza, og Ulfsby tok med seg eit norsk kunstnarleg lag for å setje opp Peer Gynt der med kroatiske skodespelarar. Det er denne versjonen han har bygd vidare på, som no blir vist på Det Norske Teatrets Hovudscene.
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.