Billettfond for ideelle organisasjonar
Kavlifondet og Det Norske Teatret opprettar billettfond for at fleire skal kunne få ta del i gode teateropplevingar.
Kavlifondet og Det Norske Teatret opprettar billettfond for at fleire skal kunne få ta del i gode teateropplevingar.
Kva er rettferdig? Påfuglen tek opp vanskelege og samfunnsaktuelle tema som framandfrykt og fordommar, kulturforskjellar, klasseforskjellar og tigging. Framsyninga gir ingen svar, men vil gi foreldre og barn ein heil del å snakke om.
Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge