Gå videre til innhold
Peter Andreas Hjellnes Moseng i rolla som Charlie i Roald Dahls Charlie og sjokoladefabrikken, ei av framsyningane som sette sitt preg på 2019. Foto: Erik Berg.
Peter Andreas Hjellnes Moseng i rolla som Charlie i Roald Dahls Charlie og sjokoladefabrikken, ei av framsyningane som sette sitt preg på 2019. Foto: Erik Berg.

Pressemelding -

Årsmøte i Det Norske Teatret

Det Norske Teatret gjennomførte årsmøte laurdag 20. juni, om lag 2 månader etter opphavleg dato. 

Kort oppsummert er 2019 nok eit toppår for Det Norske Teatret med eit besøkstal på 280 116 (281 726 for 2018). 242 838 av desse var på billetterte framsyningar i eige hus, det høgaste talet nokosinne. Med dette publikumstalet tangerer teateret nesten rekordtalet frå 2018 som låg på 281 726. Berre drygt 1600 publikummarar skil 2019 frå 2018. På inntektsida kan Det Norske Teatret notere seg for ein ny rekord. Heile 74,5 millionar i inntekt mot 65 millionar året før. Om lag 34% av omsetninga er eigeninntening i 2019.

Les meir: Det Norske Teatret - rekordår igjen!

Korona pregar teateret

Koronapandemien som spreidde seg globalt i slutten av første kvartal 2020 er ei vesentleg hending som får sterk innverknad på Det Norske Teatrets kjerneverksemd. Styret stadfestar at føresetnader for vidare drift er til stades. 

Idet årsmøtet vedtok årsmeldinga for 2019, er det framleis restriksjonar på forsamlingar. Det er uvisst kor lenge situasjonen vil vare. Det Norske Teatret har sett i verk nødvendige og drastiske tiltak for å ta vare på tilsette og tilpasse organisasjon og økonomi til ein periode med bortfall av billettinntekter. Styret og administrasjonen vil vurdere situasjonen og behovet for tiltak utover året, tilpassa utviklinga.

Trygg kurs framover - trass alt

Det Norske Teatret er ikkje berre ei viktig kunstnarleg kraft i norsk kulturliv, teateret er ein arbeidsplass som gir rom for kunstnarleg utvikling og nytenking. Det Norske Teateret er ein stor arbeidsgjevar for mange av dei dyktigaste skaparane av scenekunst, både på kunstnarleg og teknisk side.

Som eit stort og solid teater med eit god omdøme, langsiktige eigarar, eit tidlaust formål og omfattande offentleg støtte, er Det Norske Teatret godt rusta til å klare seg gjennom vanskelege og uføreseielege tider.

Styret

Styreleiar Nina Refseth tok attval. Styret elles består av Steinulf Tungesvik (nestleiar, attvald for 2 nye år), Shazad Rana, Magni Hjertenes Flyum, Inger Lise Rettedal, Ola Erik Blæsterdalen og Paul-Ottar Haga.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Teatersjef Erik Ulfsby
    Teatersjef Erik Ulfsby
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3500 x 2333, 1.39 MB
    Last ned
  • Teatersjef Erik Ulfsby
    Teatersjef Erik Ulfsby
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4016 x 6016, 18.1 MB
    Last ned
  • Det Norske Teatrets fasade
    Det Norske Teatrets fasade
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse
    Filformat:
    .tiff
    Størrelse:
    2376 x 1508, 10.3 MB
    Last ned
  • Det Norske Teatrets fasade
    Det Norske Teatrets fasade
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1853 x 1853, 2.42 MB
    Last ned
  • Det Norske Teatret
    Det Norske Teatret
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6016 x 4016, 18.7 MB
    Last ned
  • Det Norske Teatrets fasade
    Det Norske Teatrets fasade
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse
    Filformat:
    .tiff
    Størrelse:
    3888 x 2592, 28.9 MB
    Last ned
  • Frå framsyninga Lazarus
    Frå framsyninga Lazarus
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6000 x 4359, 6.86 MB
    Last ned
  • Roald Dahls Charlie og sjokoladefabrikken
    Roald Dahls Charlie og sjokoladefabrikken
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5500 x 3532, 4.81 MB
    Last ned
  • Trilogien
    Trilogien
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5500 x 4349, 6.96 MB
    Last ned
  • Foto Raskolnikov
    Foto Raskolnikov
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5568 x 3712, 12.7 MB
    Last ned

Relatert innhold

  • ​Det Norske Teatret med rekordår – igjen!

    ​Det Norske Teatret med rekordår – igjen!

    Det Norske Teatret hadde årsmøte laurdag 27. april og det var eit synleg stolt styre som presenterte eit år som nok ein gong er det beste året i Det Norske Teatrets over hundreårige historie. Ikkje berre har teateret hatt rekordhøg publikumstilstrøyming, teateret har aldri hatt høgare inntekter eller hatt større internasjonal merksemd. 281 726 publikummarar (267 297 i 2017) besøkte framsyningane