Gå videre til innhold
Heidi Gjermundsen Broch som Vilde Berg får livet - eller døden - rett i trynet. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.
Heidi Gjermundsen Broch som Vilde Berg får livet - eller døden - rett i trynet. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

Pressemelding -

Beate Grimsruds siste roman blir teater

Idet ein konvolutt frå Karolinska Sjukhuset dumpar ned i postkassa til Vilde Berg, tek livet ei heilt ny vending. Ho har fått kreft. Likevel er dette ei historie om livstrong, ikkje om døden, meiner skodespelar Heidi Gjermundsen Broch. Både ho og regissør Charlotte Frogner har lenge ønska å overføre den kritikarroste romanen Jeg foreslår at vi våkner av Beate Grimsrud til teaterscenen.

EG FØRESLÅR AT VI VAKNAR
URPREMIERE FREDAG 11. OKTOBER KL. 19.30
SCENE 2

Den personlege og vonde sjukdomshistoria om dramatikaren Vilde (Heidi Gjermundsen Broch), har også tydelege likheitstrekk med Grimsruds eige liv og kreftsjukdom. Jeg foreslår at vi våkner blei hennar siste roman, og ho opplevde aldri at boka blei heidra med Brageprisen i 2020. I teaterversjonen av stykket blir dei fantasirike bilda til forfattaren levandegjort. Dei to figurane Grimsrud skapte alt som barn, Reven og Rotta, er ikkje lenger berre i fantasien til Vilde, men er lekamleggjort på scenen av Thea Lambrechts Vaulen og Karl Vidar Lende. Og som ein bauta ved hennar side, står kjærasten O fjellstøtt (Ellen Birgitte Winther). Med humor, varme og alvor fortel dei korleis livet plutseleg kan gi deg ein knyttneve som slær deg i bakken.

Kjærleikserklæring til livet

I Eg føreslår at vi vaknar, får nemleg Vilde Berg den beskjeden ingen vil ha, men som dei fleste av oss på ein eller annan måte blir råka av: Ho har kreft. Ikkje av den typen med gode prognosar og lyse utsikter, men den hissige typen. Likevel er Eg føreslår at vi vaknar inga beksvart historie. Med underfundige skåblikk på det til tider absurde tilveret, vågar denne historia å møte døden med mot og trass, og ein enorm porsjon kjærleik til livet og dei vi deler det med.

Sterkt litterært møte

Heidi Gjermundsen Broch og Charlotte Frogner hadde begge eit sterkt første møte med boka, og det er med audmjuk ærefrykt dei nærmar seg scenen. Dette er stoff som står begge nære.

LES MEIR: - Det handlar jo litt om kor gamle vi er blitt. Når du er i slutten av førtiåra kjenner du folk som har gått gjennom dette. Og som anten er blitt friske, eller som lever med det. Eller som ikkje er blant oss lenger, seier skodespelar Heidi Gjermundsen Broch.

Både skodespelaren og regissøren for framsyninga hadde kontakt med forfattaren før ho forlet livet. Heidi Gjermundsen Broch hadde tatt mot til seg og nærma seg henne etter eit bokbad. Charlotte Frogner tok kontakt med henne etter å ha lese inn boka i eit heimestudio under korona-tida, og tora å spørje om lov til å gjere teater av verket:
«Aaa, det tycker jag ni ska göra. Jag tycker ni skal göra en hel Grimsrud-festival!» var svaret ho fekk. Da tok regissøren kontakt med teatersjefen, resten er historie. Og no blir Grimsruds siste roman til teater.

LES MEIR:
Å lese Beate Grimsrud er ei påminning om at livet er verd ein risiko, skriv litteraturkritikar Margunn Vikingstad.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Eg føreslår at vi vaknar uttrykk
    Eg føreslår at vi vaknar uttrykk
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    3208 x 2139, 1.71 MB
    Last ned
  • Portrett Charlotte Frogner
    Portrett Charlotte Frogner
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1168 x 1500, 185 KB
    Last ned
  • Portrett Charlotte Frogner
    Portrett Charlotte Frogner
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1072 x 1500, 182 KB
    Last ned
  • Heidi Gjermundsen Broch
    Heidi Gjermundsen Broch
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    3584 x 5376, 6.95 MB
    Last ned
  • Heidi Gjermundsen Broch
    Heidi Gjermundsen Broch
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    3738 x 5606, 7.82 MB
    Last ned
  • Heidi Gjermundsen Broch
    Heidi Gjermundsen Broch
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    5234 x 3489, 6.5 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto: Eg føreslår at vi vaknar
    Framsyningsfoto: Eg føreslår at vi vaknar
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    5277 x 3518, 5.28 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto: Eg føreslår at vi vaknar
    Framsyningsfoto: Eg føreslår at vi vaknar
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    4484 x 2991, 4.67 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto: Eg føreslår at vi vaknar
    Framsyningsfoto: Eg føreslår at vi vaknar
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    4409 x 2940, 4.6 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto: Eg føreslår at vi vaknar
    Framsyningsfoto: Eg føreslår at vi vaknar
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    5606 x 3738, 4.27 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto: Eg føreslår at vi vaknar
    Framsyningsfoto: Eg føreslår at vi vaknar
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    5606 x 3738, 4.18 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto: Eg føreslår at vi vaknar
    Framsyningsfoto: Eg føreslår at vi vaknar
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    5383 x 3589, 4.48 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto: Eg føreslår at vi vaknar
    Framsyningsfoto: Eg føreslår at vi vaknar
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    5606 x 3738, 4.17 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto: Eg føreslår at vi vaknar
    Framsyningsfoto: Eg føreslår at vi vaknar
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    5494 x 3663, 5.31 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto: Eg føreslår at vi vaknar
    Framsyningsfoto: Eg føreslår at vi vaknar
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    5606 x 3738, 4.95 MB
    Last ned