Pressemelding -
Bjørn Sundquist tilbake med Beckett
- Det handlar blant anna om døden. Men om det er noko eg synest er tilatades i Becketts verk, så er det livet! seier Bjørn Sundquist, som skal regissere sitt fjerde drama av eksistensialisten og absurdisten Beckett.
SLUTTSPEL
av Samuel Beckett
PREMIERE ONSDAG 25. JANUAR KL. 20.00
SCNENE 3
På scenen står det to gigantiske søppelbøtter. I lause lufta heng to vindauge der ein skodar ut i inkje. Her skal Becketts skråblikk på menneskas banale og trivielle liv utspele seg. Eit rom som svever i det tomme rommet, kallar regissør Bjørn Sundquist det. På overflata er Sluttspel ei forteljing om fire menneske som er fanga i ei slags evigvarande endetid, ei hjartelaus verd der dei er overlatne til seg sjølve. Men gjennom alt dette mørkeret syder ein veldig beisk form for humor.

Bjørn Sundquist har dei seinare åra fått ein sentral plass i den norske Beckett-tradisjonen. Foto: Eirik Malmo.
Meininga med dei heile
- Det er ein eldre blind, og delvis lam og tyrannisk mann i lenestol på hjul, som snakkar eller hersar med ein yngre mann som ikkje kan sitte. Den yngre mannen har sterke smerter i beina, men likevel hastar han fram og tilbake. Den yngre mannens foreldre, som manglar bein, er i to søppelbøtter, og dukkar opp av bøttene av og til, fortel regissøren lakonisk når han blir beden om å fortelje kva stykket handlar om.
- Og det var det.
Men kva gjer vi eigentleg medan vi lever? Korleis snakkar vi til kvarandre? Kvifor har vi tatt dei vala vi har gjort?
- Ja, kva er det i det heile vi held på med?, spør Sundquist, som trur dette kan bli så mørkt at det blir morosamt.
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.