Pressemelding -
Da "fri fødsel" var normalen - Edvard Hoems tippoldemor til Hovudscenen
I dag går debatten heitt om såkalla "naturleg" og "fri fødsel" heime, utan kvalifisert helsepersonell tilstades, bør vere lov. For 200 år sidan var "fri fødsel" normalen, og helsefarene for mor og barn var mange. I Jordmor på jorda møter vi ei som var med å etablere den profesjonelle fødselshjelpa i Noreg. Jordmødrene tilbydde kunnskap og metodar som reduserte skadene og senkte dødelegheita ved fødslar. Men også den gongen var det skepsis i befolkinga.
JORDMOR PÅ JORDA
av Edvard Hoem
FRÅ TORSDAG 23. JANUAR KL. 19.00
PÅ HOVUDSCENEN
GJESTESPEL FRÅ TEATRET VÅRT
FORFATTARSAMTALE FØR OSLO-PREMIEREN KL. 18.00
Edvard Hoem i samtale med Kristian Lykkeslet Strømskag
I 1918 blei den første norske jordmorskolen oppretta i Christiania. Berre tre år seinare gjekk Marta Kristine Nesje, tippoldemor til Edvard Hoem, den lange vegen frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor. Heime venta tre barn og mannen hennar. Etter ni månader gjekk ho heim igjen, og praktiserte som jordmor i bygdene ved Romsdalsfjorden i meir enn femti år. Mistrua til dei første jordmødrene var sterk, arbeidsforholda krevjande, og dei første kvinnene i dette yrket førte ein seig kamp mot trongsyn og overtru.
Slåttekarens mor
Ut frå få historiske fakta skriv Edvard Hoem fram tippoldemor si, Marta Kristine Nesje, med stor diktarleg kraft. Morten Borgersen har i lag med Kristian Lykkeslet Strømskag dramatisert boka for scenen til musikk av Henning Sommerro. Dette er forteljinga om ei husmannsdotter som verken ville ta namnet til ektemannen eller bøye seg for bygdesnakket, og det er forteljinga om framveksten av det viktige jordmoryrket. Marta Kristine Nesje var mor til slåttekaren Knut Hansen Nesje, som mange lesarar kjenner frå Slåttekar i himmelen. Romanen blei dramatisert i eit samarbeid mellom Teatret Vårt og Det Norske Teatret våren 2020 og trekte eit stort publikum. Denne gongen kjem Jordmor på jorda som gjestespel frå Teatret Vårt til oss.
Forfattarsamtale før Oslo-premieren
«Teateret er min store kjærleik. Det har ikkje alltid vore ein lukkeleg kjærleik, men no er det det.» har Edvard Hoem sagt. Han har gjennom eit langt forfattarliv nådd eit stort publikum blant lesarar, men med dramatiseringane av bøkene om hans eigne forfedrer, har han også nådd ut til eit stort teaterpublikum.
Jordmor på jorda er eit livsdrama og eit mektig kvinneportrett, samtidig som det er ei historie om kvinnesak og likestilling femti år før det vart ei politisk kampsak.
«Nok en gang har Hoem forvandlet slektshistorie til gripende litteratur», skreiv Sindre Hovdenakk om Jordmor på jorda da den kom ut. Hoems slektskrønike reknar i alt sju romanar og er trykt i over 500 000 eksemplar, og bøkene om familien frå Rekneslia har blitt hylla av både kritikarar og lesarar. Teatersjef ved Teatret Vårt i Molde, Kristian Lykkeslet Strømskag vil leie samtalen med forfattaren før Oslo-premieren.
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.