Pressemelding -
DIFF: Slagkraftig Fossefestival
DIFF - Den internasjonale Fossefestivalen - framstår i si fjerde utgåve både i ny drakt og meir slagkraftig enn nokon gong. Festivalen har fått HKH Kronprinsesse Mette-Marit til høg beskyttar og litteratursensasjonen Édouard Louis som årets æresgjest. Med eit stjernespekka program, knallsterke framsyningar og internasjonale gjestespel vil både kjennarar og dei som møter verka hans for første gang få rikeleg med påfyll.
DIFF - DEN INTERNASJONALE FOSSEFESTIVALEN
5. – 13. september 2025
arrangert av Det Norske Teatret og Samlaget
I OSLO
Fredag sparkar vi i gang den fjerde internasjonale Fossefestivalen på Det Norske Teatret. I år har vi verkeleg ikkje spart på kruttet og kan love ein ni dagar lang festival som trekker nokre av dei heitaste namna i nordisk og europeisk scenekunst og litteratur til hovudstaden.
Nobelprisen har unekteleg ført til fornya interesse for den vestlandske forfattaren, og i år opnar vi dørene for lesesirklar der Fosses romanar blir diskuterte. Unge, eldre, etablerte og meir uventa namn dukkar opp for å løfte fram eit særeige forfattarskap.
Sjølv influensaren Sophie Elise kjem for å prate om boka som endra livet hennar; Morgon og kveld, i eit arrangement som no er fullteikna.
Det er likevel verdt å understreke kva for betydning Fosse har for å trekkje til seg dei store namna i europeisk teater for tida.
Urpremiere på nytt Fosse-stykke
Festivalen opnar med ei oppsetjing av Vinter i regi av belgiske Lisaboa Houbrechts, som trass i sin unge alder har rekt å setje opp på store scenar over heile Europa.
Deretter blir det urpremiere på det nye Fosse-stykket Skodespelet i Johannes Holmen Dahl sin regi.
I tillegg blir det premiere på Forandre seg: metode av Édouard Louis som også er utnemnt som årets festivalprofil. Regien er ved Kjersti Horn, på scenen står Vetle Bergan.
På Scene 3 blandar Only Slime klubbkultur, rollespel, opera, popkonsert, spådomskunst og historieforteljing og lagar Dragonblood, ei oppleving langt utanfor det vanlege.
Dramatiseringa av den svenske romansensasjonen Ett ord för blod av Faysa Idle, søstera til leiaren i det svenske Shottaz-nettverket, får også noregspremiere under festivalen i samarbeid med Riksteatret.
Internasjonale gjestespel
I år tar festivalen også pulsen på europeisk scenekunst i breiare forstand, og har henta inn nokre av dei fremste, mest nyskapande og originale framsyningane innan europeisk teater akkurat no.
Det er eit skup at regissør og dramatikar Milo Rau, den politisk engasjerte leiaren av Wiener Festwochen, gjestar teatret. Rau er rabulisten i europeisk teater og med Antigone in de Amazon har han skapt ein politisk versjon av Antigone for det 21. hundreåret,i lag med urfolk, aktivistar og skodespelarar frå Brasil og Europa. Rau er aktivist og meiner at kunst ikkje handlar om å skildre verda, men å endre henne. Han er blitt omtala som både den “mest innflytelsesrike”, “mest skandaløse” og “mest ambisiøse” europeiske regissøren i vår tid.
I tillegg gjestar Kay Voges frå Schauspiel Köln festivalen med ein grøssarakrig versjon av Namnet.
Frå Schaubühne Berlin kjem Thomas Ostermeier med Édouard Louis sin biografi om faren; Kven drap far min. På scenen står ingen ringare enn festivalprofil Édouard Louis sjølv.
Teaternestoren Etienne Glaser frå Sverige skal framføre monologen Slik var det. 87-åringen filosoferer rundt dei store spørsmåla om livet og døden.
Festivalprofil: Édouard Louis
For første gang har DIFF invitert ein festivalprofil som vil vere æresgjest under heile festivalen.
I år er dette Édouard Louis, den franske litterære superstjerna, som gir stemme til dei som ikkje har ei tydeleg røyst sjølve. Han vil vere på plass under heile den ni dagar lange festivalperioden og vil prege både det kunstnarlege programmet og diskusjonane i tilknyting til festivalen. I tillegg står han sjølv på scenen og framfører forteljinga om sin eigen far i Kven drap far min, som gjestar frå Schaubühne Berlin.
Les meir om Édouard Louis som festivalprofil.
- Eg hadde ikkje anna val enn å spele skodespel, skriv Édouard Louis i denne teksten om teater, som han har skrive spesielt for DIFF.
Samtalar, paneldebattar og frynsearrangement
I tillegg til det kunstnarlege programmet, blir det sjølvsagt også panelsamtalar, fagprogram og kunstnarmøte. Det blir lansering av Vaim, den første romanen Fosse gir ut etter nobelprisen i litteratur, det blir sidersmaking, Grotte-vandring, scenekunstprestasjonar, litterære salongar, masterclass'ar og føredrag. Frokostsamtalar, regissørmøte, ny festvalbar, tøys med Fosse og mykje anna i det som blir ein scenekunstfestival som løfter nye sider ved Fosse og vil gi mange og ulike vegar til Fosses litteratur.
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.