Gå videre til innhold
Eit filmlerret og videoprojeksjonar er sentralt i scenebildet i Om mus og menn. Foto: Erik Berg
Eit filmlerret og videoprojeksjonar er sentralt i scenebildet i Om mus og menn. Foto: Erik Berg

Pressemelding -

Endeleg premiere på Om mus og menn

Endeleg kan teppet gå opp for Om mus og menn i Eirik Stubøs regi på Hovudscenen. I nobelprisvinnar John Steinbecks forteljng om nedgangstider og marginaliserte menn på jakt etter jobb handlar det først og fremst om å overleve. Og i det fjerne lyser den amerikanske draumen.

OM MUS OG MENN
av John Steinbeck
PREMIERE FREDAG 19. NOVEMBER KL. 20.00
HOVUDSCENEN

Trettiåra var eit dystert kapittel i amerikansk historie, både på det økonomiske og det menneskelege planet. Aksjemarknadene stupte og den store depresjonen herja. På denne tida var to millionar menneske på loffen langs vegen for å søkje arbeid. Frå 1930 til 1933 steig talet på dei som søkte arbeid frå 4,3 til 12 millionar. Det er dette som er bakgrunnen for John Steinbecks roman frå 1937, og som han sjølv dramatiserte for teateret. 

- Om mus og menn er eit stykke amerikansk tristesse. Folk har dårleg økonomi, arbeidarar får midlertidige kontraktar, helsevesenet fungerer ikkje, seier regissør Eirik Stubø. Han trekk parallellar til situasjonen i post Trump-USA. Regissøren meiner det politiske aspektet absolutt framleis er aktuelt.
- Mange menn måtte forlate famjiliane sine for å skaffe jobb på denne tida. Dette stykket handlar om dei, den gløymte gjengen og ikkje har noka framtid eller fortid, som lever frå hand til munn og drøymer om ein eigen jordlapp. 

Lausarbeidarar

Og det er altså slike menn vi møter i Om mus og menn. Dei to kameratane George (Morten Svartveit) og Lennie (Nils Jørgen Kaalstad) held saman i tjukt og tynt, men mest i tynt. Dei held på ein jobb så lenge han varar - eller til Lennie hamnar i trøbbel, og det gjer han som regel. Han er ikkje heilt som alle andre - sterk som ein bamse, snill som eit lam. Men veldig glad i å stryke på mjuke ting, anten det er mus, kvalpar, eller jenter med mjuke genserar...

Moderne klassikar

John Steinbeck fekk sitt litterære gjennombrot med denne kortromanen og dramatiserte sjølv teksten for scenen rett etter utgjevinga i 1937. I husregissør Eirik Stubøs versjon har denne moderne klassikaren blitt ei stilrein framstilling av menneske som lever under kummerlege kår og kjempar ein dagleg kamp for å overleve. Det musikalske lydsporet er henta frå den amerikanske country-og folk-tradisjonen. 

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge