Gå videre til innhold
Ellen Birgitte Winther (Evelyn) og Ola G. Furuseth (Thomas Stolz Harvey)  med Albert Einsteins hjerne. Foto: Dag Jenssen.
Ellen Birgitte Winther (Evelyn) og Ola G. Furuseth (Thomas Stolz Harvey) med Albert Einsteins hjerne. Foto: Dag Jenssen.

Pressemelding -

Kan hjernen fortelje kven vi er?

Visste du at hjernen til Einstein bei stole? I teaterstykket Inkognito møter vi patologen som reiste Amerika rundt med hjernen til Einstein i bagasjen.

INKOGNITO
AV NICK PAYNE
NOREGSPREMIERE LAURDAG 29. OKTOBER KL. 18.00
DET NORSKE TEATRET, SCENE 3

Nevropsykologi, altså læren om korleis hjernen påverkar handlingane våre, har vore eit heitt tema dei seinare åra. Mange har høyrt historier om menneske som har endra personlegdom etter å ha gjennomgått hjerneoperasjonar. Bøker, artiklar og TV-program har prøvd å gi oss svar, og i 2012 kom den unge amerikanske dramatikaren Nick Payne ut med eit skodespel som undersøker temaet.

Husregissør Peer Perez Øian har tidlegare i haust hatt suksess med framsyninga Songfuglen, der han undersøkte kva som hender når den menneskelege identiteten blir undertrykt. I Inkognito ser han nærare på kva det er som gjer at vi er akkurat slik vi er.

Hjernetjuveri og nevropsykologi
Her er historier vovne saman som alle undersøkjer vår identitet og minne – eller kva det vil seie å vere menneske. To av historiene er med utgangspunkt i sanne personar og hendingar, og dramatikaren Nick Payne kom over den første ved eit reint tilfelle. Det er historia om den amerikanske patologen Thomas Stolz Harvey som i 1955 obduserte vitskapsmannen Albert Einstein. Han var djupt fascinert av tanken på at svaret på menneskeleg genialitet kanskje låg rett framføre han, og utan å tenkje seg om, fjerna han hjernen frå kroppen, kutta han opp i bitar og la dei på formalin.

Lobotomi
Den andre sanne historia er om Henry Maison, som skulle gjennomgå eit kontroversielt kirurgisk inngrep i hjernen for å bli kvitt kraftige epilepsianfall. Operasjonen endra Maisons liv - og nevropsykologien - for all framtid: Epilepsien forsvann, men det gjorde òg Henrys evne til å lagre nye minne.

Kven er vi? Er vi summen av alle minna våre? Ligg svaret i hjernen? Eller kan vi bestemme oss for korleis og kven vi skal vere? Er sjølvet ein illusjon?

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 200.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Relaterte events

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge