Gå videre til innhold
Édouard Louis under den offisielle opninga av Fossefestivalen DIFF på fredag. Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.

Pressemelding -

Kronprinsesse Mette-Marit kjem til Fossefestivalen DIFF

Fossefestivalen DIFF 2025 har trekt eit rekordhøgt antal publikum. Opningshelga var smekk full med Fosse-premierar, samtalar og gjestespel. Tilbakemeldingane har vore overstrøymande frå både teaterentusiastar og kritikarar. Men det er fleire høgdepunkt i vente. DIFFs høge beskyttar Kronprinsesse Mette-Marit er venta til festivalen i morgon, onsdag, for å oververe lesesirkelen som tar for seg romanen Naustet av Jon Fosse.

DETTE ER BERRE NOKRE AV ARRANGEMENTA DEI NESTE DAGANE UNDER FESTIVALEN - SJÅ HER FOR FULLT PROGRAM.

Lesesirkel: Naustet

Kronprinsesse Mette-Marit er mellom dei trufaste lesarane til Jon Fosse, og har takka ja til å vere høg beskyttar av DIFF. I morgon vil ho vere til stades når forfattarane Olaug Nilssen og Erlend Loe skal diskutere romanen Naustet under leiing av Bernhard Ellefsen. Pressa er invitert til arrangementet, som går føre seg på Scene 2.
Merk at samtalen er billettert, og siste oppmøte er kl. 17.15.

Sider - Smaken av Hardanger, Lesesirkel: Morgon og kveld og Femti-femti

Torsdag er programmet variert, og spenner frå ei smaksreise gjennom Hardanger, når Thomas Digervold presenterer siderproduksjonen langs fjorden, til samtale mellom Agnes Ravatn og Sophie Elise, som skal diskutere livet og døden. Kvelden blir runda av med Femti-femti med Det Andre Teatret, som vil improvisere over eit av stykka i katalogen til Fosse.

Der Name/Namnet og Kay Voges

Til helga kjem to europeiske tungvektarar på besøk. Først ut er Kay Voges grøssaraktige versjon av Namnet - Der Name - frå Schauspiel Köln. Voges har sett opp framsyningar innan både opera og teater sidan 1998, ved mellom andre Burgtheater Wien, Staatsoper Hannover og Staatsschauspiel Dresden. Før framsyninga på fredag vil regissør og teatersjef ved Oslo Nye Teater, Runar Hodne, møte Voges til ein samtale om tysk påverknad i norsk teater.

Antigone in de Amazon og Milo Rau

Laurdag entrar europeisk teaters store politiske rebell Det Norske Teatret. Det er eit skup at regissør og dramatikar Milo Rau, den politisk engasjerte leiaren av Wiener Festwochen, no gjer eit stopp på RESISTANCE NOW-turneen på Scene 2. Rau er rabulisten i europeisk teater og meiner at kunst ikkje handlar om å skildre verda, men å endre henne. Han er blitt omtala som både den “mest påverknadsfulle”, “mest skandaløse” og “mest ambisiøse” europeiske regissøren i vår tid. Sveitsiske Rau kjem til DIFF med framsyninga Antigone in de Amazon, ei framsyning som Time Out erklærte som ein "must-see".

RESISTANCE NOW-kampanjen følger opp Milo Raus’ utforsking av den ekstreme høgresida, som for eksempel prosjekta hans BREIVIKS STATEMENT (2012) – som blei forbode i fleire land – eller THE VIENNA TRIALS (2024), der han stilte det høgreekstreme partiet FPÖ for retten. I 2026, som eit klimaks på RESISTANCE NOW-turneen, vil Rau lansere ei offentleg konstitusjonell rettssak mot det tyske høgreekstreme partiet AfD (Alternativ for Tyskland) under tittelen THE TRIAL AGAINST GERMANY.


LESESIRKEL: NAUSTET

med Olaug Nilssen, Erlend Loe og Bernhard Ellefsen
ONSDAG 10. SEPTEMBER KL. 17.30
SCENE 2

SIDER - SMAKEN AV HARDANGER
med Thomas Digervold
TORSDAG 11. SEPTEMBER KL. 18.00
BIKUBEN

FEMTI-FEMTI

Gjestespel frå Det Andre Teatret
TORSDAG 11. SEPTEMBER KL. 20.00

LESESIRKEL: MORGON OG KVELD

med Agnes Ravatn, Sophie Elise og Astrid Dypvik
FREDAG 12. SEPTEMBER KL. 17.00

DER NAME/NAMNET

av Jon Fosse, gjestespel frå Schauspiel Köln (Tyskland)
FREDAG 12. SEPTEMBER KL. 19.00
LAURDAG 13. SEPTEMBER KL. 17.00


ANTIGONE IN DE AMAZON

av Milo Rau/ MST & NtGent (Belgia)
LAURDAG 13. SEPTEMBER KL. 14.00 OG 19.00

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Milo Rau
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1280 x 853, 134 KB
    Last ned
  • Framsyningsfoto: Der Name
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Marcel Urlaub
    Størrelse:
    1920 x 1280, 437 KB
    Last ned
  • Lesesirkel_DIFF___2.png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    8533 x 4800, 15.9 MB
    Last ned
  • HKH Kronprinsesse Mette-Marit.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det kongelige hoff
    Størrelse:
    1125 x 1500, 1.22 MB
    Last ned
  • Forfattar Édouard Louis held tale.
    Opninga av Fossefestivalen DIFF
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4672 x 7008, 9.58 MB
    Last ned
  • Fosse og Det Andre Teatret.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1920 x 2400, 1.34 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Antigone in de Amazone
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1500 x 1000, 292 KB
    Last ned

Relatert innhold