Pressemelding -
Linn Ullmanns Jente, 1983 blir teater
Linn Ullmanns forteljing Jente, 1983 var ein braksuksess da den blei utgitt i 2021. Romanen blei heidra med panegyriske kritikkar, eit dryss av prisar, og blei rangert mellom årets beste bøker. No er Gjertrud Jynge er klar til å formidle eg-personens tankar frå scenen, og kjenner seg godt igjen i stoffet.
JENTE, 1983
av Linn Ullmann
URPREMIERE FREDAG 6. SEPTEMBER KL. 19.30
SCENE 2
- Mange av refleksjonane i romanen stemmer med mine eigne tankar. Dette med grensesetting, samtalen rundt offer og overgripar, det er ofte ikkje eintydig, seier skodespelar Gjertrud Jynge.
Jente, 1983 handlar om ei 16 år gamal jente som drar til Paris. Ho er aleine, men har ein avtale om å bli fotografert av ein anerkjent motefotograf. Hovudpersonen innleier eit forhold til denne mannen som er langt eldre, og opplever baksida av ein moteindustri som driv rovdrift på unge, pene jenter som henne sjølv. Det er 1983, og det er lenge til metoo. Det er ei tid der grensene for akseptabel oppførsel var annleis. I vaksen alder forsøker eg-personen å ta eit oppgjer med fortida og med jenta ho ein gong var, ein prosess som går hardt inn på henne psykisk.
Refleksjonar kring livet

Framsyninga ligg tett opp til romanen, og frå scenen formidlar Jynge eg-personens tankestraum kring hendingane i ungdommeren. For skodespelaren handlar dette også om refleksjonar ein gjer seg kring livet ein har levd når ein når ein viss alder:
- Forteljinga handlar om fleire ting, opplever eg. Den er knytt til å vere i den fasen av livet som eg sjølv er i. Det er veldig vanleg for kvinner i overgangsalderen at dei opplever både angst og depresjon, som gjerne fører til ei slags tilbaketrekking. Det er ein ny livsfase, du er nærare døden.
Les heile intervjuet med Gjertrud Jynge her.
Einsemd
På scenen er også den langt yngre Gina Bernhoft Gørvell. Ho er ulike personar eg-karakteren møter, men også eit slags ekko frå fortida. Regissør Luk Perceval er vidgjeten på kontonentet, men har også lykkast stort med oppsetjingar på Det Norske Teatret. Da han dramatiserte Jon Fosses Trilogien i 2019, blei han heidra med Heddaprisen for Beste regi og Jynge fekk prisen for Beste kvinnelege hovudrolle.

- Jente, 1983 er ei smertefull kjærleikshistorie, meiner han.
- Det handlar også om korleis kroppane våre kan hugse ting vi gjerne vil undertrykke. Det er ei historie ho har måtta halde hemmeleg, og difor hamnar ho i ei avgrunnsdjup einsemd, seier han om framsyninga som blir til på scenen.
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.