Gå videre til innhold
Preben Hodneland er ein av skodespelarane som er med i Einkvan. Foto: Siren Høyland Sæter.
Preben Hodneland er ein av skodespelarane som er med i Einkvan. Foto: Siren Høyland Sæter.

Pressemelding -

Nytt teaterstykke frå Nobelprisvinnar Jon Fosse

Noreg fekk sin første Nobelprisvinnar på 95 år i Jon Fosse. No er Det Norske Teatret aktuell med urpremiere på hans neste stykke Einkvan. For den komande teatersjefen Kjersti Horn er det første gongen ho arbeider med ein Fosse-tekst.

EINKVAN
av Jon Fosse
URPREMIERE TORSDAG 25. APRIL KL. 19.30
SCENE 2

PREMIERESAMTALE FØR FRAMSYNINGA KL. 18.30
Regissør Kjersti Horn i samtale med Jon Fosses redaktør Cecilie Seiness, leia av journalist og forfattar Astrid Sverresdotter Dypvik.

I Einkvan møter ein ung mannleg bildekunstnar ein annan ung bildekunstnar. Det er ikkje eit varmt møte. Dei kjenner kvarandre frå langt tilbake, men verkar framande for kvarandre. Ei eldre kvinne møter ei kvinne som minner om henne sjølv. Ein eldre mann møter ein eldre mann som liknar han sjølv. Kvinna og mannen er foreldra til bildekunstnaren, og forsøker å snakke med han, men utan hell.

Regissør Kjersti Horn. Foto: Magnus Skrede.

Einsemd

- For meg handlar dette om einsemd, og kvifor ein ikkje klarer å vere i lag med sjølv dei næraste, seier regissør Kjersti Horn.
Ho har med seg fleire frå sitt faste kunstnarlege lag også denne gongen. Erik Hedin har lyddesign, Mads Sjøgård Pettersen har videoregi og Sven Haraldsson er scenograf.
- Foreldregenerasjonen og barnegenerasjonen strevar etter å få kontakt. Difor har vi lagt opp til eit konsept der også publikum vil streve for å oppnå kontakt med skodespelarane, seier scenograf Haraldsson.
Han har skapt eit rom i scenerommet avgrensa av noko som liknar eit dusjforheng av svakt gjennomsiktig plast, som stenger mellom skodespelarane og publikum. På lerret vil ein sjå levande nærbilde av skodespelarane som befinn seg inni rommet.

Ei ære

- Det er ei stor ære at urpremieren på det første Fosse-stykket etter at han mottok verdas gjevaste litteraturpris, skjer på Det Norske Teateret, seier teatersjef Erik Ulfsby.
Jon Fosse sjølv hevda at prisen også var ein pris til nynorsken.
- Sett i det lyset, er det naturleg at det er den største nynorskinstitusjonen i landet som får gleda av å vise dette til folket, seier Ulfsby. Teateret har alt merka ei auka Fosse-interesse og at publikum ønskjer å oppleve Fosses tekstar på scenen.

Jon Fosse

Forfattaren og dramatikaren Jon Fosse er mellom dei mest spelte nolevande dramatikarane i verda. Einkvan er den 32 heilaftans sceneteksten hans som når scenen. Han skreiv sitt første teaterstykke Nokon kjem til å komme i 1992, men det første stykket som blei sett opp på fteaterscenen var Og aldri skal vi skiljast i 1994. I 2019 arrangerte Det Norske Teatret og Samlaget Den Internasjonale Fossefestivalen for første gong, og den har blitt arrangert to gonger sidan. I fjor fekk Jon Fosse Nobels Litteraturpris «for hans nyskapande dramatikk og prosa som gir stemme til det useielege.» Jon Fosse sjølv sa at prisen ikkje berre var ein pris til han sjølv, men også til nynorsken. Og i Nobelforedraget han heldt 7. desember 2023 fortalde han at: «Det som greip meg då eg for første gong såg noko eg hadde skrive framført på ein scene, ja det var nettopp det motsette av einsemd, det var fellesskap, ja å skapa kunst gjennom å dela kunst – og det gav meg ein stor glad tryggleik.»


Manuset til Einkvan kjem også ut som bok på Samlaget på premieredagen.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge