Julie Moe Sandø og Ina Svenningdal som dei søte pingvinane Unni og Gunni.
Pressemelding -
Sjarmerande og fargerik framsyning for dei minste
Foajeen ved Scene 2 har blitt til ein iglo - og her bur dei to gode vennene Unni og Gunni. Julie Moe Sandø og Ina Svenningdal gir liv og kjensler til dei to pingvinane, som inviterer publikum med ei leiken og koseleg stund med alle regnbogens fargar.
UNNI OG GUNNI MÅLAR
av Anna R. Folkestad
URPREMIERE LAUDAG 3. MAI KL. 12.00
FOAJEEN VED SCENE 2
UNNI OG GUNNI MÅLAR
av Anna R. Folkestad
URPREMIERE LAUDAG 3. MAI KL. 12.00
FOAJEEN VED SCENE 2
Unni er litt sjenert, medan Gunni er litt meir frampå, men begge synest eigentleg det er veldig stas med besøk i igloen. Dei likar å tulle og finne på rare ting – og no har dei fått ein super idé! For kva om den kvite igloen blir til ein regnboge?
Publikum kjem heilt tett på skodespelarane og må hjelpe til med å finne fram alle fargane. Saman undrar dei seg over kor fine og forskjellige fargane er, og lærer korleis ein kan blande ulike fargar for å skape ei ny.
Til slutt blir det til ein fargerik regnboge!
Unni og Gunni er ei sjarmerande, morosam og varm framsyning som varar i 30 minutt og passar spesielt godt for dei minste barna frå 0 - 5 år.
Til slutt blir det til ein fargerik regnboge!
Unni og Gunni er ei sjarmerande, morosam og varm framsyning som varar i 30 minutt og passar spesielt godt for dei minste barna frå 0 - 5 år.
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.