Gå videre til innhold
Jamal (Gaute Adela Aastorp Cudjoe) og Mo (Manish Sharma) veks opp i same oppgang i Tante Ulrikkes vei på Stovner i Oslo, men har svært ulike liv. Foto: Erika Hebbert.
Jamal (Gaute Adela Aastorp Cudjoe) og Mo (Manish Sharma) veks opp i same oppgang i Tante Ulrikkes vei på Stovner i Oslo, men har svært ulike liv. Foto: Erika Hebbert.

Pressemelding -

Tante Ulrikkes vei som direktestrøyming

Det Norske Teatret har nådd langt med direktestrøymingar av teaterframsyningar. No blir også Zeshan Shakars prisløna roman Tante Ulrikkes vei tilgjengeleg over heile landet.

TANTE ULRIKKES VEI
av Zeshan Shakar
DIREKTESTRØYMING
FREDAG 23. APRIL KL 20.00
ONSDAG 28. APRIL KL. 20.00
I DI EIGA STOVE

Samtidig som smitteverntiltaka held fram i hovudstaden og det ikkje er tillate å spele for eit fysisk publikum, deler Det Norske Teatret nok ei ny framsyning som direktestrøyming.Tante Ulrikkes vei hadde urpremiere som teater på Rommen Scene i Groruddalen i 2019, og har fram til koronarestriksjonane sette ein stoppar for det, spelt både der og på Scene 2 for fulle hus. 

Oppvekst og klasse

I Tante Ulrikkes vei følger vi to unge gutar frå Stovner sin kamp for eit betre liv. Det handlar om kjærleik, ungdomsliv og det å prøve å forstå storsamfunnet. Og det handlar ikkje minst om klasse og den politiske og politisk korrekte eliten si blindsone.

Les meir om Tante Ulrikkes vei på nettsidene.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge