Gå videre til innhold
Gaute Adela Aastorp Cudjoe spelar Jamal og Manish Sharma spelar Mo i dramatiseringa av Zeshan Shakars Tante Ulrikkes vei på Rommen Scene. Foto: Siren Høyland Sæter.
Gaute Adela Aastorp Cudjoe spelar Jamal og Manish Sharma spelar Mo i dramatiseringa av Zeshan Shakars Tante Ulrikkes vei på Rommen Scene. Foto: Siren Høyland Sæter.

Pressemelding -

Tante Ulrikkes vei til Rommen Scene

Tante Ulrikkes vei blir Det Norske Teatrets første premiere på Rommen Scene, eit steinkast unna vegen som gav namn til framsyninga.

TANTE ULRIKKES VEI
av Zeshan Shakar
URPREMIERE ONSDAG 28. AUGUST KL. 19.00
ROMMEN SCENE

Romandebuten til samfunnsvitaren og byråkraten Zeshan Shakar opna ein bydel og gav stemme til eit lag av folket som ikkje alltid blir høyrt. Historia om dei to Stovner-gutane som blir med på ei levekårdundersøking for ungdom på austkanten, sette ord på nye sider ved klasse- og integreringsproblematikken og endra den offentlege samtalen da den kom ut i 2017. Kritikarane meinte boka "trefte som eit knytneveslag", trilla femmarar og seksarar på terningen, og året etter vanka Tarjei Vesaas´ debutantpris. 

Presis klasseskildring

Det handlar om om to unge gutar sin kamp for å komme seg opp og fram og få eit betre liv. Vi møter Mo (Manish Sharma) og Jamal (Gaute Adela Aastorp Cudjoe), som kjem frå to svært ulike heimar, men bur i same oppgang i ei blokk på Stovner. Det handlar om kjærleik, ungdomsliv og det å prøve å forstå storsamfunnet. Og det handlar ikkje minst om klasse og den politiske og politisk korrekte eliten si blindsone.

Første urpremiere

Tante Ulrikkes vei er den første produksjonen som er laga for og produsert ved Det Norske Teatrets nye satelittscene på Stovner; Rommen Scene, og det er eit poeng at den får uroppføring nettopp i det miljøet den skildrar. 

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Relatert innhold

  • Zeshan Shakar blei tildelt Tarjei Vesaas´ debutantpris for romanen om dei to gutane frå Oslo aust. Foto: Julie Pike/Gyldendal.

    Det Norske Teatret i Groruddalen

    ​Tante Ulrikkes vei er vegen heile Noreg blei kjent med gjennom debutboka til Zeshan Shakar. Når romanen no blir dramatisert skjer det på scenen som ligg eit steinkast unna.