Gå videre til innhold
Er inntoget av kunstig intelligens i liva våre ei forlenging av privatiseringa av det offentlege? Og er heile den norske samfunnsmodellen i ferd med å havarere? Fotomontasje: Eirik Malmo.
Er inntoget av kunstig intelligens i liva våre ei forlenging av privatiseringa av det offentlege? Og er heile den norske samfunnsmodellen i ferd med å havarere? Fotomontasje: Eirik Malmo.

Pressemelding -

Tolvskillingsoperaen - der det meste er til sals!

Kva gjer det med oss menneske når alt er til sals, korleis ser vi på vår neste? Som ein... ting? Og kva om denne neste faktisk ER ein ting?

TOLVSKILLINGSOPERAEN
av Bertolt Brecht med musikk av Kurt Weill
PREMIERE LAURDAG 14. NOVEMBER KL. 18.00
PÅ HOVUDSCENEN

Brecht og Weills Tolvskillingsoperaen var eit tidleg forsøk på teater der politikk, eventyr og musikk gjekk opp i ei større kunstnarleg eining. Regissør Tore Vagn Lid har med seg eit knallsterkt ensemble av menneske, robotar og fullt orkester når han utforskar det han sjølv karakteriserer som ei filosofisk røvarhistorie. Blikket er retta mot framtida. På scenen ligg ein havarert buss (for tog) og blant spelarane inngår både smarte apparat og menneskeliknande avatarar. I dette landskapet er det vanskeleg å finne ei fri strandsone og ein må komme seg stadig høgare for å få tilgang til kostbar snø.

LES OGSÅ: - Eg har ikkje noko kynisme-filter. Det passar jo til karakteren, seier Kristoffer Olsen, som skal spele Mackie Kniven.

Smuldrande velferdsstat

Regissør Tore Vagn Lid og scenograf og videodesignar Kyrre Bjørkås ser Tolvskillingsoperaen som eit eventyr om eit lite land langt nord. Kongen er gamal, og marknadskreftene held på å ta over restane av ein smuldrande velferdsstat. Fjellheimen og nasjonalparkane er blitt private hyttefelt eigde av konglomerat og konsern frå heile verda. Arbeidsoppgåvene er tatt meir og meir over av menneska sine intelligente løysingar, og avatarane har rykka inn - ikkje minst i teatret. Dei treng ikkje kvile eller mat, og seier heller aldri nei.

LES OGSÅ: - Gjennom Tolvskillingsoperaens eventyrlege verd av syngande skurkar, horer og korrupte leiarar vil vi kasta eit blikk inn i spå-kula for å få auge på ei verd som kan komme til å ligge farleg nær oss. Kanskje kan vi kalle framsyninga ei framtidsgjetting om politiske og økonomiske prosessar som vi kanskje alt er djupt inne i, spør regissøren.

Kyrre Bjørkås (scenograf og videodesignar) og Tore Vagn Lid (Regi, konsept og musikalsk ansvarleg). Foto: Maiken Mathisen.

Politikk og moral

Regissør Tore Vagn Lid har tidlegare hausta både Heddaprisar og Kritikarprisen for oppsetjingane sine, som gjerne tek for seg korleis samfunnsendringar og politikk verkar inn på den einskildes liv og moral. Slik er det også her med Brechts Tolvskillingsoperaen.

Kunstig intelligens som har tatt over dei fleste arbeidsområde i Tolvskillingsoperaen. Robotar som er grenselause og aldri seier nei.

- Framsyninga kan kanskje sjåast som ei filosofisk røverhistorie om ei ny verkhelegheit. Når omsetjing av sex-dokker alt har vist seg som ein moralsk og økonomisk «game-changer», og dei tradisjonelle prostituerte har byrja å mane til opprop mot desse nye kollegaene, kva da med tiggarmarknaden?, spør regissøren.

Moderne Tolvskillingsopera

Tolvskillingsoperaen gir ein skarp analyse av ein framstormande kapitalisme med sin vekst- og varelogikk. Det er i denne marknaden den lyssky businessmannen Peachum og den notoriske forbrytaren Mackie Kniven opererer. Peachum driv saman med kona og dottera Polly ei lukrativ verksemd, der alle tiggarane i byen er tilsette. Når Mackie forfører den "uskuldige" Polly er det duka for dramatikk...

LES OGSÅ: - Eg har alltid vore glad i musikk, og musikalmusikk er noko heilt for seg sjølv, seier Ina Svenningsdal, som mellom andre skal spele tiggaren Filch.

LES MEIR om Tolvskillingsoperaen på Det Norske Teatret sine nettsider.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Tolvskillingsoperaen, uttrykksmontasje
    Tolvskillingsoperaen, uttrykksmontasje
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .tiff
    Størrelse:
    1318 x 741, 1.43 MB
    Last ned
  • Kyrre Bjørkås og Tore Vagn Lid
    Kyrre Bjørkås og Tore Vagn Lid
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5721 x 3977, 2.42 MB
    Last ned
  • Kyrre Bjørkås og Tore Vagn Lid
    Kyrre Bjørkås og Tore Vagn Lid
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4016 x 6016, 2.85 MB
    Last ned
  • Kristoffer Olsen
    Kristoffer Olsen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4016 x 6016, 3.05 MB
    Last ned
  • Kristoffer Olsen
    Kristoffer Olsen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6016 x 4016, 3.55 MB
    Last ned
  • Ina Svenningdal
    Ina Svenningdal
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4016 x 6016, 7.89 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6048 x 4024, 24.4 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3532 x 5309, 16.9 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6048 x 4024, 9.7 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5867 x 3904, 7.6 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6048 x 4024, 24.8 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5668 x 3771, 8.46 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6048 x 4024, 8.09 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6048 x 4024, 27.6 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5543 x 3688, 11.2 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5197 x 3458, 18.2 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6048 x 4024, 16 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6048 x 4024, 10.4 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6048 x 4024, 9.52 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6048 x 4024, 10.5 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Framsyningsfoto Tolvskillingsoperaen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6048 x 4024, 14 MB
    Last ned
  • Tolvskillingsoperaen - ein generalprøve på den nye verkelegheita
    Spill av video
    Tolvskillingsoperaen - ein generalprøve på den nye verkelegheita
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .mp4
    Lengde:
    0:44
    Last ned

Relatert innhold

  • Kristoffer Olsen spelar rolla som den erkekriminelle bordelleigaren Mackie Kniven i Tolvskillingsoperaen. På scenen står også dokker i lag med skodespelarane. Foto: Dag Jenssen.

    Tolvskillingsoperaen endeleg klar for publikum

    Når vi no opnar den historiske teaterhausten 2021, er det med framsyninga som har venta lengst på at teppet skal gå opp. Halvtanna år etter prøvestart - og etter fleire premieredatoar - er vi no sikre på at Tolvskillingsoperaen endeleg skal få møte sitt publikum.
    TOLVSKILLINGSOPERAEN
    av Bertolt Brecht og Kurt Weill
    PUBLIKUMSPREMIERE LAURDAG 14. AUGUST KL. 18.00
    HOVUDSCENEN
    PREMIERES