Gå videre til innhold
Preben Hodneland og Kjersti Dalseide spelar rollene som Terje Rød-Larsen og Mona Juul. Foto:  Eirik Malmo
Preben Hodneland og Kjersti Dalseide spelar rollene som Terje Rød-Larsen og Mona Juul. Foto: Eirik Malmo

Pressemelding -

Vaffelmekling og politisk spel i Oslo

Teaterframsyning om Oslo-prossesen i 1993, og korleis eit norsk ektepar endte opp som fredsmeklarar i Midtausten.

OSLO
NOREGSPREMIERE FREDAG 11. JANUAR KL. 19.30
HOVUDSCENEN

Kunne verkeleg vesle Noreg bidra til å løyse ei av verdas mest fastlåste konfliktar? Og kva skjedde eigentleg før statsminister i Israel Yitzhak Rabin og PLO-leiar Yasir Arafat skreiv under den berømte Oslo-avtalen utanfor Det kvite hus i september 1993? Teaterframsyninga Oslo er den dikta kortversjonen av historia om Oslo-prosessen. Det er ei historie om uventa samantreff, optimisme og politisk spel med hyppig servering av vaflar. Det er også ei forteljing om korleis Noreg fekk ei rolle som internasjonal fredsmeklar, og på nokre månader i 1993 blei sentrum for forhandlingar i ei av dei mest fastlåste konfliktane i etterkrigstida. 

EI HISTORIE MED ALT EIN DRAMATIKAR KAN ØNSKE SEG

Ekteparet Mona Juul og Terje Rød-Larsen var sentrale i arbeidet med ein historisk fredsavtale mellom Israel og Palestina, den såkalla Oslo-avtalen. Dette var første gangen partane i konflikten møttest ved forhandlingsbordet, og Oslo-prosessen tok i bruk nye metodar som bygde på tillit mellom partane og uformelle møte der vaflar ikkje spelte ei heilt uvesentleg rolle. Arbeidet gav året etter Nobels Fredspris til dei politiske leiarane i Israel og Palestina. Freden var ikkje langvarig, men sådde likevel eit håp om at det er mogleg å nå fram med samtale. I ettertid har kritiske røyster stilt spørsmål ved heile prosessen. 

Dramatikar J. T. Rogers meiner historia har alt ein dramatikar kan ønske seg: Det er aktørar under press, det er dramatisk, kjenslelada og det handlar om historisk viktige avgjerder. 

FRÅ BROADWAY TIL OSLO

Det er påtroppande teatersjef på Den Nationale Scene, Stefan Larsson, som har regi på teaterframsyninga som tidlegare har vore satt opp på teaterscener i New York og London.

Etter urpremiera på Broadway i 2017 vart OSLO heidra med prisane Best Play (Tony Awards), Best New American Theatre Work (Obie Awards) og Outstanding Play (Drama Desk Awards)


Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Relatert innhold

  • Israels statsminister Yitzhak Rabin, USAs president Bill Clinton og PLOS formann Yasser Arafat ved signering av den offisielle avtalen framføre Det Kvite Hus 13. september 1993. Foto: Gary Hershorn/Reuters / NTB scapix

    ​Optimismens tidsalder

    Jørgen Jensehaugen, seniorforskar PRIO, skriv her om ​optimismens tidsalder. Ei tid då jarnmuren rakna, Berlingmuren fall, Nelson Mandela vart sett fri og alt var mogleg.

  • Ada Nissen, historikar tilsett ved UiO med doktorgrad i Noregs fredsarbeid

    ​Draumekanalen

    Korleis enda eigentleg eit norsk ektepar opp som fredsmeklarar i Midtausten? Kunne verkeleg vetle Noreg bidra til å løyse ei av verdas mest fastlåste konfliktar? Og kva skjedde eigentleg før statsminister i Israel, Yitzhak Rabin og PLO-leiar Yasir Arafat skreiv under den berømte Oslo-avtalen utanfor Det kvite hus i september 1993? Dette er kortversjonen av historia om Oslo-prosessen.