Gå videre til innhold
No kan du snart klatre opp den høgste sjøklippa i Europa, Hornelen Via Ferrata. Foto: Norges Boltefond
No kan du snart klatre opp den høgste sjøklippa i Europa, Hornelen Via Ferrata. Foto: Norges Boltefond

Pressemelding -

Nye Hornelen Via Ferrata - Nå kan du klatre Europas høyeste sjøklippe

Hornelen Via Ferrata er ein ny spektakulær via ferrata der du klatrar opp den høgste sjøklippa i Europa, heile 860 meter over havet. Klatringa i loddrett fjell med sjøen rett under er noko du og dine aldri vil gløyme.

Utruleg nok er dette også ei historisk rute. Soga om Olav Trygvason fortel at han klatra opp bratthenget på Hornelen, og mange meiner difor at Olav etablerte den første klatreruta i Norge. No har du sjansen til å gjere det same som Olav, men i kontrollerte former.

Hornelen Via Ferrata er klare for å guide turar opp Hornelen frå og med 18.juni. Dyktige guidar er klare til å ta imot sine første gjester. Dei tek kyndig vare på deg og di sikkerheit, slik at du kan fokusere på klatring og mektige naturopplevingar. Klatreløypa er eit unikt tilskot til reiselivet i Nordfjord, og verkeleg ein attraksjon det er verdt å kome ens ærend for å oppleve!

- "Å klatre Hornelen Via Ferrata er som å klatre midt i eit postkort," seier Rune Carlsen frå Norges Boltefond, som har bygt Hornelen Via Ferrata og fleire andre Via Ferrata i Norge.

Det finst tre ulike ruter opp Hornelen: Ørnelia, Hekseveggen og Olavsruta. Ørnelia tek 2 timar og er den perfekte introduksjonen til Via Ferrata for dei som prøver dette for første gong. Hekseveggen tek 5 timar, og byr på svært variert og til tider utfordrande klatring. Olavsruta er aller heftigast og sjølve toppstøtet av Hornelen. Denne ruta tek 8 timar og er verkeleg eksponert og utfordrande, så her kjenner ein verkeleg på livet! Det er satt opp seks avgongar dagleg, med varierande storleik på gruppene tilpassa rutene.

- "Dette er den heftigste Via Ferrataen i Norge!" seier Rogier van Oorschot, CEO for Hornelen Via Ferrata.

Teamet i Hornelen Via Ferrata gler seg enormt til å kome i gong med sesongen, og lose erfarne og mindre erfarne fjellfolk trygt opp og ned dette majestetiske fjellet, på luftig vis!

    For ytterlegare informasjon, kontakt:
    COO - Stijn van Oorschot på stijn@norway-adventures eller sjekk ut hornelenviaferrata.no

    Related links

    Emner

    Kategorier

    Regions


    Fjord Norge AS er landsdelsselskapet for de tre Vestlandsfylkene og offisielle turistrådet for Vestlandet. Selskapet har hovedansvaret for den internasjonale markedsføringen av Vestlandet inne for ferie- og fritidssegmentet.

    Fjord Norge AS eies av nærmere 200 reiselivsbedrifter i landsdelen, inkludert de tre fylkeskommunene på Vestlandet.

    Mer bilde- og video substantiv finnes siden .

    Kontakter

    • Hotnelen Via Ferrata opening
      Hotnelen Via Ferrata opening
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .jpg
      Opphavsrett:
      Norges Boltefond/Hornelen Via Ferrata/Visit Nordfjord
      Størrelse:
      4032 x 3024, 3.58 MB
      Last ned
    • Hotnelen Via Ferrata opening
      Hotnelen Via Ferrata opening
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .jpg
      Opphavsrett:
      Norges Boltefond/Hornelen Via Ferrata/Visit Nordfjord
      Størrelse:
      4032 x 3024, 2.82 MB
      Last ned
    • Hotnelen Via Ferrata opening
      Hotnelen Via Ferrata opening
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .jpg
      Opphavsrett:
      Norges Boltefond/Hornelen Via Ferrata/Visit Nordfjord
      Størrelse:
      3024 x 4032, 5.76 MB
      Last ned
    • Hotnelen Via Ferrata opening
      Hotnelen Via Ferrata opening
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .jpg
      Opphavsrett:
      Norges Boltefond/Hornelen Via Ferrata/Visit Nordfjord
      Størrelse:
      3024 x 4032, 2.18 MB
      Last ned
    • Hotnelen Via Ferrata opening
      Hotnelen Via Ferrata opening
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .jpg
      Opphavsrett:
      Norges Boltefond/Hornelen Via Ferrata/Visit Nordfjord
      Størrelse:
      1024 x 576, 180 KB
      Last ned
    • Hotnelen Via Ferrata opening
      Hotnelen Via Ferrata opening
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .jpg
      Opphavsrett:
      Norges Boltefond/Hornelen Via Ferrata/Visit Nordfjord
      Størrelse:
      3024 x 4032, 3.06 MB
      Last ned
    • Hotnelen Via Ferrata opening
      Hotnelen Via Ferrata opening
      Lisens:
      Bruk i media
      Filformat:
      .jpg
      Opphavsrett:
      Norges Boltefond/Hornelen Via Ferrata/Visit Nordfjord
      Størrelse:
      3024 x 4032, 5.13 MB
      Last ned

    Relatert innhold

    • Myklebustskipet på Sagastad Vikingsenter. Foto: Ruben Soltvedt

      Sagastad Vikingsenter lanserer unik smykkeserie inspirert av lokale vikingfunn

      Nordfjordeid sin eigen smykkedesignar har på oppdrag frå Sagastad Vikingsenter dykka ned i detaljane i Myklebustfunna for å finne inspirasjon til ein ny smykkekolleksjon med namnet Sagastad Vikingsmykke i Nordfjord. Dette er eit verdifullt samarbeid mellom Sagastad Vikingsenter, BergArt og Sylvsmidja på Voss.

    • Lotsstøylen i Nordfjord. Foto: Saltnwax

      Visit Nordfjord Miljøfyrtårnsertifisert

      Destinasjonsselskapet for Nordfjord regionen, Visit Nordfjord, er no Miljøfyrtårnsertifisert. Dette er første steg på vegen for å ivareta den flotte naturen for komande generasjonar, auke lønsemda lokalt og utvikle turismen i regionen saman med nordfjordingane. Selskapet jobbar tett med kommunar og aktørane i Nordfjord med mål om å bli merka som eit berekraftig reisemål gjennom Innovasjon Norge.

    • Loen Shuttle ved Breng seter i Lodalen. Foto: Loen Active

      Loen Shuttle - ein ny måte å oppleve Loen og Lodalen på

      Oppstart av eit nytt og etterspurt transporttilbod i Loen og Lodalen. Fredag 1. juli startar eit nytt transporttilbod for besøkande i Loen og Lodalen. Loen Shuttle er eit tiltak frå reiselivet i Loen for redusere miljøavtrykket i dalen og forenkle logistikken.

    • No er det mulig å overnatte så langt vest du kan kome, på fjellplatået Vestkapp. Her kan du oppleve storhavet frå komfortable sengar, 496 meter over Stadhavet.

      No kan du sovne til panoramautsikt mot Stadhavet på Vestkapp

      Ny spektakulær overnatting på det vestligaste utsiktspunktet, Vestkapp. Endeleg blir det mogleg å ligge i ei komfortabel dobbeltseng på Vestkapp med panoramautsikt utover Stadhavet. Her kan alle kome og nyte ei overnatting utanom det vanlege etter ei utsøkt servering i restauranten. Du får oppleve vêret slik det er på Vestkapp, frå vindstille og sol til kraftig vind og regn.

    • Ålesund og Sunnmøre er en av destinasjonene som opplevde størst økning i kommersielle gjestedøgn i juli, sammenlignet med 2022. Foto: Tibe/Visit Ålesund

      Gode overnattingstall for Vestlandet i juli

      Tross nedgang i antall kommersielle gjestedøgn i juli for Norge sett under ett, opplevde Vestlandet en solid vekst i antall overnattinger i juli. Mens det norske markedet har fortsatt å vokse etter pandemien, har antallet utenlandske gjestedøgn gått kraftig opp i enkelte destinasjoner.