Gå videre til innhold
Lotsstøylen i Nordfjord. Foto: Saltnwax
Lotsstøylen i Nordfjord. Foto: Saltnwax

Pressemelding -

Visit Nordfjord Miljøfyrtårnsertifisert

No kan destinasjonsselsskapet for kommunane Stryn, Gloppen, Stad og Bremanger kalle seg Miljøfyrtårn. Under arrangementet på Sagastad nyleg fekk verksemda vår det synlege beviset overrekt av varaordføraren i Stryn kommune. Visit Nordfjord skal vere med å utgjere ein forskjell. Verksemda er oppteken av å minimere eigne utslepp og det totale fotavtrykket i regionen, samt styrke det positive verdiskapinga i lokalsamfunnet. Første steg i dette arbeidet er å vere sertifisert som Miljøfyrtårn.

Vi kjenner til at reiselivet fører med seg mange positive sider. Blant anna skapar turismen jobbar, skatteinntekter og verdiskaping. Vi veit samtidig at reising medfører klimagassutslepp og at eit for stort besøkspress frå gjester kan skape utfordringar for både kulturarv, naturmangfald og lokalbefolkning. Difor er det naturleg at Nordfjord som reisemål arbeider med og for berekraftig utvikling.

Kva betyr det at ei verksemd er sertifisert som Miljøfyrtårn?

Miljøfyrtårn er det mest brukte sertifikatet i Norge for verksemder som vil dokumentere sin miljøinnsats og vise samfunnsansvar. Ordninga har til formål å heve miljøprestasjonen i verksemder ved å oppfylle nokre definerte bransjevilkår slik at ein kan sertifiserast som Miljøfyrtårn. Det vert stilt stadig strengare miljøkrav til verksemder, og med denne sertifiseringa blir det enklare å dokumentere Visit Nordfjord sitt miljøarbeid.

Gjennom prosessen med å bli sertifisert som Miljøfyrtårn har Visit Nordfjord gjennomført ei rekkje tiltak for å redusere avtrykket gjennom å jobbe meir miljøvenleg. Det er satt energimål for verksemda, ein stiller miljøkrav til leverandørar og det er sett opp eit klimarekneskap der ein har kartlagt energiforbruk, søppelhandtering og reiser. I tillegg er det gjennomført brannkurs og kurs i førstehjelp. Dette er viktig då vi blant anna møter mange kundar i vår kvardag.

«Prosessen med å bli sertifisert Miljøfyrtårn er ein lærerik prosess, om enn litt krevjande. Det fine er at den gjev oss verktøy for å lage ein betre organisasjon, ikkje berre for å bli betre på miljøhandtering. I tillegg er det å ha blitt Miljøfyrtårn eit stempel som stadfestar at vi er ein berekraftig organisasjon», seier Alexander Fransson.

EU godkjent ordning

Miljøfyrtårn er også den første nasjonale ordninga i Europa som er blitt anerkjent av EU. Med sertifiseringa kan selskapet lettare dokumentere at ein tek eit miljøansvar og at ein arbeider seriøst med å redusere påverknaden på det ytre miljøet. Det er ei klar forventning i marknaden at verksemder tek ansvar for miljø og berekraft. Den enklaste måten å setje eit slikt ansvar i system og vise kundane/gjestene at ein arbeider med berekraft, er å bli miljøsertifisert.

Langsiktig arbeid med berekraft er eit krav og eit konkurransefortrinn

Visit Nordfjord jobbar tett saman med Nordfjord-kommunane og aktørane i regionen med mål om å bli merka som eit berekraftig reisemål gjennom Innovasjon Norge. Kvifor? Fordi vi ynskjer å ivareta den flotte naturen vår for komande generasjonar, auke lønsemda lokalt og å utvikle turismen i regionen i tett dialog med nordfjordingane sjølve. Vi vil bidra med vår kunnskap for å utvikle eit reiseliv som ivaretek dei som bur her, for ein god stad å bu er ein god stad å besøke. Ved å bli merka som eit berekraftig reisemål oppnår vi også eit konkurransefortrinn i høve andre reisemål då merkevaren vår blir styrka gjennom dette arbeidet. Eitt skritt på vegen til at Nordfjord skal bli merka som berekraftig reisemål er at Visit Nordfjord, kommunane og reiselivsaktørane sertifiserer seg som miljøfyrtårn eller liknande ordningar. Stadig fleire kundar er opptekne av at verksemdene dei handlar med er miljøsertifiserte. Spesielt bedriftsmarknaden stiller no krav om miljøsertifisering til leverandørar. Har ein ikkje dette på plass, kan dette medføre at ein blir valgt vekk i høve liknande verksemder som har miljøsertifisering.

Alexander Fransson udjuper dette – «I den grøne omstillinga som vi er gjennom blir det sett fleire krav til verksemder og privatpersonar om å bli miljømerka for å kunne vinne markedsandelar. For nokre år sidan handla det mest om pris på anbod, no har dette endra seg. I dag er første spørsmålet frå verksemder om leverandøren er miljømerka. Det same gjeld innan finansering og lån. Bankar og investorar forventar at nyetableringar skal drive grønt for å få gode lånevilkår. Samtidig har vi nyleg fått Åpenhetsloven i Norge som er svært krevjande å følgje for mange organisasjonar. Miljøfyrtårn-sertifiseringa vil vere eit nyttig verktøy i handteringa av lova.»

Hjelp til sjølvhjelp

Sjølv små verksemder kan utgjere ein forskjell. I prosessen framover vil Visit Nordfjord bistå medlemsverksemdene i regionen med å bli miljøsertifiserte. Slik kan mange små og mellomstore verksemder bidra til å minimere det negative fotavtrykket i Nordfjord. Samtidig kan verksemda også spare pengar gjennom eit meir målretta miljøarbeid ved å setje miljøtiltaka i system. Dette kan ha ein positiv effekt på botnlinja i verksemda ved at ein reduserer til dømes sløsing av energi og får ei betre avfallshandtering. Eit godt miljøarbeid vil og auke sjansen for at ein blir meir synlege i ein stadig tøffare konkurransesituasjon. Stadig fleire miljøbevisste gjestar og kundar etterspør miljøsertifiserte produkt. Desse verksemdene vil også få ekstra synlegheit gjennom Visit Nordfjord, Fjord Norge og Visit Norway sine marknadsføringskanalar.

Kontakt for meir informasjon:

Alexander Fransson, Prosjektleiar for Merket for berekraftig reisemål i Visit Nordfjord alex@nordfjord.noTelefon 923 00 428.

Marita Lindvik, Dagleg leiar i Visit Nordfjord marita@nordfjord.no Telefon 481 48 699.

Foto: Varaordførar i Stryn kommune overleverer beviset på Miljøfyrtårn sertifiseringa til dagleg leiar Marita Lindvik. Foto: Visit Nordfjord.

Related links

Emner

Kategorier

Regions


Om Visit Nordfjord
Destinasjonsselskapet Visit Nordfjord AS er eit offisielt regionalt turistråd for marknadsføring og salg av Nordfjord som reisemål, nasjonalt og internasjonalt. Hovudoppgåva til selskapet er å bidra til å skape verdiar, betre lønsemd og å skape ringverknader for Nordfjordregionen gjennom heile året gjennom merkevara Nordfjord - alt i ein fjord. Digital Fotobank

Fjord Norge AS er landsdelsselskapet for de tre Vestlandsfylkene og offisielle turistrådet for Vestlandet. Selskapet har hovedansvaret for den internasjonale markedsføringen av Vestlandet inne for ferie- og fritidssegmentet. Fjord Norge AS eies av nærmere 200 reiselivsbedrifter i landsdelen, inkludert de tre fylkeskommunene på Vestlandet. Mer bilde- og video substantiv finnes på denne siden .

Kontakter

Beate Vik Hauge - Visit Nordfjord

Beate Vik Hauge - Visit Nordfjord

Pressekontakt Kommunikasjonsleiar 90786563
Marita Lindvik - Visit Nordfjord

Marita Lindvik - Visit Nordfjord

Reiselivssjef 48148699

Relatert innhold

Det offisielle landsdelsselskapet for Vestlandet

Fjord Norge AS (Fjord Norway) er landsdelsselskapet for de tre Vestlandsfylkene, og det offisielle turistrådet for Vestlandet. Selskapet har hovedansvaret for den internasjonale markedsføringen av Vestlandet (Fjord Norge-regionen) innenfor ferie- og fritidssegmentet i norsk reiseliv. Fjord Norge AS skal gjennom målrettet internasjonal markedsføring, presse- og pr-arbeid og markedsbearbeidelse bidra til økt turisttrafikk, helsårsturisme og økt lønnsomhet for reiselivet i landsdelen.

Fjord Norges visjon er "Å VISE VERDEN FJORDENE" ved å være det mest profesjonelle og slagkraftige regionale destinasjonsselskapet i Europa. Selskapet skal posisjonere Fjord Norge regionen som verdens mest attraktive destinasjon for natur- og opplevelsesferier.

Fjord Norge AS eies av nærmere 200 reiselivsbedrifter i landsdelen, samt de fire fylkeskommunene på Vestlandet.

Fjord Norge AS
Nordre Nøstekaien 1
5011 Bergen
Norge
Besøk våre andre nyhetsrom