Gå videre til innhold
Morten Knapstad flyr over Briksdalsbreen. Foto: Visit Nordfjord
Morten Knapstad flyr over Briksdalsbreen. Foto: Visit Nordfjord

Pressemelding -

Visit Nordfjord hyllar fjellsporten sin far med eit litt uvanleg «kjærleiksbrev»

Ein ny og unik film hyllar fjellpioneren Kristian Bing for dei bragdene han utførte i Nordfjord for over 100 år sidan. Han var den dyktige og uredde fjellklatraren som var første mann til å nå toppen av ei rekkje fjell og isbrear mellom Finnmark og Folgefonna. 

Tysdag 12. mai lanserer Visit Nordfjord ein kortfilm meint som eit «kjærleiksbrev» til fjellpioneren som etablerte grunnlaget for den ekstreme fjellsporten i heimlandet vårt. Filmen bygger på ei hending frå 1895 der Bing, saman med kjentmannen Rasmus Aabrekk frå Olden, klatra det ekstreme brefallet i Briksdalen, Jostedalsbreen sin mest kjende brearm. Kristian utfordra naturen, men ikkje utan å førebu seg, ikkje utan å syne den nødvendige respekt for han. 

I filmen møter vi ein ny mann i ei ny tid som utfordrar naturen i det same landskapet Bing regjerte. Morten Knapstad frå Team OneCall er profesjonell speedridear som søker å fange dei psykiske og fysiske kreftene Bing må ha spelt på lag med når han gjorde draum til røyndom. Når Knapstad renn nedover toppen av breplatået for så å fly nedover langs breen før han landar trygt nede i dalen, kjenner han nærleiken til Bing og hans vilje og drivkraft til å vere fyrst, til å meistre utan å vere dumdristig. Samspelet mellom natur og menneske, mellom det moglege og umoglege, er det styrande elementet også for Morten. I slike stunder smeltar historia saman med notida.

«Å hylle pioneren Kristian Bing ved å vere den første som flyr ut frå breplatået og ned den bratte Briksdalsbreen, er ei fantastisk oppleving – naturen her er heilt unik», seier Morten Knapstad.

Filmen er eit av fleire tiltak for å løfte fram og promotere oppdagingane Bing gjorde i Nordfjord. Han gjekk Jostedalsbreen på langs, klatra Briksdalsbreen, oppdaga dei 6000 år gamle helleristningane på Vingenfeltet og klatra Nord-Europa si høgste sjøklippe Hornelen. Slik vil vi kople notida sine utforskarar med dei som skreiv starten på historia innan fjellsport i Nordfjord. Filmen avspeglar og søker svar på kva som er motivasjonen og drivkrafta for stadig å søke det nye og uprøvde.

Bing slutta aldri å utforske naturen eller eigne grenser. Dette inspirerer stadig nye generasjonar av utfordrarar. Det bør inspirere oss alle. 

Filmen er laga i eit samarbeid mellom destinasjonsselskapet Visit Nordfjord, Briksdalsbre Fjellstove, Team OneCall, Stryn kommune, Bremanger kommune og Stryn Næringssamskipnad.

Kontaktpersonar:
Visit Nordfjord
Marita Lindvik, dagleg leiar
tlf. 481 48 699
marita@nordfjord.no

Team OneCall,
Bjørn Magne Bryn, dagleg leiar
tlf. 976 04 000
bmb.voss@gmail.com

Filmen vil bli lansert på www.nordfjord.no den 12. mai. 

Related links

Emner

Kategorier

Regions


Destinasjonsselskapet Visit Nordfjord AS er eit fellesorgan for marknadsføring og sal av Nordfjord som reisemål, nasjonalt og internasjonalt. Selskapet har til hovudoppgåve å bidra til auka verdiskaping, betre lønsemd og å skape ringverknader for Nordfjord-regionen gjennom heile året.


Fjord Norge AS er landsdelsselskapet for de tre Vestlandsfylkene og det offisielle turistrådet for Vestlandet. Selskapet har hovedansvaret for den internasjonale markedsføringen av Vestlandet innenfor ferie- og fritidssegmentet.
Fjord Norge AS eies av nærmere 200 reiselivsbedrifter i landsdelen, samt de tre fylkeskommunene på Vestlandet.
Mer bilde- og videomaterial finnes her.

Kontakter

Relatert innhold

  • Atlanterhavsveien. Foto: Harald Christian Eiken

    Nå blir Atlanterhavsveien verdenskjent!

    Søndag kveld delte Instagram sin egen offisielle Instagram konto ett bilde av Atlanterhavsveien med sine 365 million følgere. Før det hadde gått 24 timer hadde bildet allerede fått mer enn en million liker-klikk og nesten 10.000 kommentarer.

  • Lotsstøylen i Nordfjord. Foto: Saltnwax

    Visit Nordfjord Miljøfyrtårnsertifisert

    Destinasjonsselskapet for Nordfjord regionen, Visit Nordfjord, er no Miljøfyrtårnsertifisert. Dette er første steg på vegen for å ivareta den flotte naturen for komande generasjonar, auke lønsemda lokalt og utvikle turismen i regionen saman med nordfjordingane. Selskapet jobbar tett med kommunar og aktørane i Nordfjord med mål om å bli merka som eit berekraftig reisemål gjennom Innovasjon Norge.

  • No er det mulig å overnatte så langt vest du kan kome, på fjellplatået Vestkapp. Her kan du oppleve storhavet frå komfortable sengar, 496 meter over Stadhavet.

    No kan du sovne til panoramautsikt mot Stadhavet på Vestkapp

    Ny spektakulær overnatting på det vestligaste utsiktspunktet, Vestkapp. Endeleg blir det mogleg å ligge i ei komfortabel dobbeltseng på Vestkapp med panoramautsikt utover Stadhavet. Her kan alle kome og nyte ei overnatting utanom det vanlege etter ei utsøkt servering i restauranten. Du får oppleve vêret slik det er på Vestkapp, frå vindstille og sol til kraftig vind og regn.

  • No kan du snart klatre opp den høgste sjøklippa i Europa, Hornelen Via Ferrata. Foto: Norges Boltefond

    Nye Hornelen Via Ferrata - Nå kan du klatre Europas høyeste sjøklippe

    No kan du snart klatre Europas høgste sjøklippe! Hornelen Via Ferrata er ein ny spektakulær via ferrata der du klatrar opp den høgste sjøklippa i Europa, heile 860 meter over havet. Klatringa i loddrett fjell med sjøen rett under er noko du og dine aldri vil gløyme. Det finst tre ulike ruter opp Hornelen, finn den ruta som passar deg.

  • Kunstnaren Peter-John de Villiers. Foto: Petter Foshaug @its.petter

    Kunstnaren Peter-John de Villiers: Frå Kapp Det Gode Håp til Vestkapp

    ​Kunstnaren Peter-John de Villiers, fødd i Sør-Afrika i 1980, har no funne sin heim i den vesle bygda Stad i Nordfjord. Her på det vestlegaste fjellpunktet i Noreg, er han omringa av vakker natur og dei kreftene denne gjev, og det er her han finn inspirasjon til arbeidet sitt.