Gå videre til innhold
Loen Shuttle ved Breng seter i Lodalen. Foto: Loen Active
Loen Shuttle ved Breng seter i Lodalen. Foto: Loen Active

Pressemelding -

Loen Shuttle - ein ny måte å oppleve Loen og Lodalen på

Oppstart av eit nytt og etterspurt transporttilbod i Loen og Lodalen. Fredag 1. juli startar eit nytt transporttilbod for besøkande i Loen og Lodalen. Loen Shuttle er eit tiltak frå reiselivet i Loen for redusere miljøavtrykket i dalen og forenkle logistikken.

Bussen vil ha tre daglege avgongar, tre gjennom Lodalen til Kjenndalstova og tre til Oppheim.

Enten du ønskjer å gå til Rakssetra, oppleve Lovatnet eller bade på Breng kan du i sommar la bilen stå, og hoppe på Loen Shuttle. Med ein fleksibel dagsbillett kan du reise så mykje du vil.

  • Dette vert ein lettvint og fleksibel måte å oppleve området på, og det er veldig gledeleg å kunne samarbeide på tvers av reiselivsbedrifter med å få etablert eit tilbod som har vore etterspurt av besøkande, seier Jarle Grov i Loen Active AS.
  • Både Lodalsvegen og Oppheimsvegen har hatt kraftig vekst i trafikken siste åra. Dette viser også trafikkteljingar vi har gjennomført i Lodalen, seier leiar Jan Heggheim.
  • Dette er eit svært godt initiativ frå reiselivet i Loen, med Loen Active i spissen. No kan gjester og tilreisande la eigen bil og bubil bli ståande. Målet er mindre trafikk, redusert miljøavtrykk og ein tryggare veg, til glede for alle som brukar vegane.

Det er aktivitetsselskapet Loen Active AS som står for drifta. Sjølve idéen er eit resultat av arbeid i prosjektet “Destinasjonsutvikling Loen og Lodalen”, der Hotel Alexandra, Stryn kommune og fleire reiselivsbedrifter siste året har engasjert seg i utviklinga av området. Loen Utviklingslag leiar prosjektet.

Heggheim ser difor fram til å få kome i gang med eit tilbod som kan få ned trafikkbelastninga på dei smale vegane.

For ytterlegare informasjon, kontakt:

Loen Active v/ Jarle Grov - tlf: 906 39 001

Loen Utviklingslag v/ Jan Heggheim - 905 66 623

Related links

Emner

Kategorier


Fjord Norge AS er landsdelsselskapet for de tre Vestlandsfylkene og offisielle turistrådet for Vestlandet. Selskapet har hovedansvaret for den internasjonale markedsføringen av Vestlandet inne for ferie- og fritidssegmentet.

Fjord Norge AS eies av nærmere 200 reiselivsbedrifter i landsdelen, inkludert de tre fylkeskommunene på Vestlandet.

Mer bilde- og video substantiv finnes  siden .

Kontakter

Relatert innhold

  • Lotsstøylen i Nordfjord. Foto: Saltnwax

    Visit Nordfjord Miljøfyrtårnsertifisert

    Destinasjonsselskapet for Nordfjord regionen, Visit Nordfjord, er no Miljøfyrtårnsertifisert. Dette er første steg på vegen for å ivareta den flotte naturen for komande generasjonar, auke lønsemda lokalt og utvikle turismen i regionen saman med nordfjordingane. Selskapet jobbar tett med kommunar og aktørane i Nordfjord med mål om å bli merka som eit berekraftig reisemål gjennom Innovasjon Norge.

  • No er det mulig å overnatte så langt vest du kan kome, på fjellplatået Vestkapp. Her kan du oppleve storhavet frå komfortable sengar, 496 meter over Stadhavet.

    No kan du sovne til panoramautsikt mot Stadhavet på Vestkapp

    Ny spektakulær overnatting på det vestligaste utsiktspunktet, Vestkapp. Endeleg blir det mogleg å ligge i ei komfortabel dobbeltseng på Vestkapp med panoramautsikt utover Stadhavet. Her kan alle kome og nyte ei overnatting utanom det vanlege etter ei utsøkt servering i restauranten. Du får oppleve vêret slik det er på Vestkapp, frå vindstille og sol til kraftig vind og regn.

  • No kan du snart klatre opp den høgste sjøklippa i Europa, Hornelen Via Ferrata. Foto: Norges Boltefond

    Nye Hornelen Via Ferrata - Nå kan du klatre Europas høyeste sjøklippe

    No kan du snart klatre Europas høgste sjøklippe! Hornelen Via Ferrata er ein ny spektakulær via ferrata der du klatrar opp den høgste sjøklippa i Europa, heile 860 meter over havet. Klatringa i loddrett fjell med sjøen rett under er noko du og dine aldri vil gløyme. Det finst tre ulike ruter opp Hornelen, finn den ruta som passar deg.