Pressemelding —
Fjordvegen Rv13 løftar tryggleik og framkome på Arendalsuka
Fjordvegen Rv13 deltek for fyrste gong med eigen stand under Arendalsuka. Organisasjonen vil setja rassikring, vegstandard og framkome langs heile Rv13 høgare på den politiske dagsordenen.
Rv13 er ei livsnerve for lokalsamfunn, næringsliv og reisande på Vestlandet. Samstundes er store delar av vegen prega av rasfare, smale parti, flaskehalsar og ein vegstandard som ikkje er tilpassa dagens trafikk.
Utfordringane blir særleg synlege gjennom turistsesongen. I Hardanger skal turistbussar, bubilar, tungtransport og lokaltrafikk ta seg fram på mange av dei same smale og svingete vegstrekningane. Det fører til køar, forseinkingar og utrygge situasjonar, og viser kor langt delar av vegstandarden ligg etter trafikkutviklinga.
Men utfordringane stoppar ikkje i Hardanger. Vesentlege manglar i standard, tryggleik og framkome pregar Rv13 gjennom heile korridoren, frå Ryfylke og nordover til Sogndal. Vikafjellet er i tillegg eit sårbart og lite føreseieleg samband, særleg vinterstid.
– Rv13 er ei livsnerve på Vestlandet, men altfor mange strekningar held ikkje den standarden som innbyggjarar, næringsliv og reisande må kunna forventa. I turistsesongen blir problema særleg synlege i Hardanger, men utfordringane strekkjer seg gjennom heile korridoren frå Ryfylke til Sogndal. Me treng både raskare rassikring, betre framkome og ei langsiktig oppgradering av heile Rv13, seier Hans Inge Myrvold, dagleg leiar i Fjordvegen Rv13.
Vil møta politikarar og avgjerdstakarar
Arendalsuka har utvikla seg til å bli ein av dei viktigaste møteplassane i landet for politikk, samfunnsliv, næringsliv og organisasjonar. Fjordvegen Rv13 vil nytta arenaen til å skapa større merksemd om utfordringane langs vegen og koma i direkte dialog med politikarar og andre sentrale avgjerdstakarar.
– Skal me lukkast med å få Rv13 høgare opp på den nasjonale dagsordenen, må me vera til stades der politikarane og avgjerdstakarane møtest. Arendalsuka gir oss høve til å synleggjera kva dagens vegstandard betyr for tryggleiken, næringslivet, busetnaden og utviklingskrafta langs ruta, seier Myrvold.
Fjordvegen Rv13 meiner det er behov for ei meir heilskapleg og langsiktig utvikling av heile vegkorridoren. Organisasjonen vil løfta fram både det store etterslepet innan rassikring, behovet for standardheving og dei trafikale utfordringane som møter innbyggjarar, næringsliv og reisande kvar dag.
På standen vil Fjordvegen Rv13 presentera utfordringane langs ruta, synleggjera konsekvensane av manglande rassikring og låg vegstandard og invitera til samtalar om kva som må til for å utvikla rv. 13 som ein tryggare og meir føreseieleg transportkorridor.
– Dette handlar ikkje berre om kilometer med asfalt. Det handlar om at folk skal kunna ferdast trygt, og om føresetnadene for å bu, arbeida og skapa verdiar på Vestlandet. Bodskapen vår er enkel: Tryggare veg. Sterkare region, avsluttar Myrvold.
Fjordvegen Rv13 er å finna på Torvet, standplass 122, under Arendalsuka frå 10. til 14. august. Organisasjonen ser fram til mange gode og nyttige møte gjennom veka.
Emner
Kategorier
Regions
Fjordvegen Riksveg 13 er interesseforeininga for Rv13 frå Stavanger til Sogndal – med kommunar, fylkeskommunar, næringsforeiningar og verksemder som medlemmar. Målet er trygg, vakker og effektiv transportåre med vekt på rassikring, standardheving og berekraftige løysingar.
Rv. 13 – Ei livsnerve på Vestlandet
Tryggare veg. Sterkare region.