Gå videre til innhold
– Skulemåltidet er førebyggande og gjev  elevane overskot og energi gjennom skuledagen, seier Anders Sandvik, assisterande  rådmann i Vinje kommune. Foto: Vinje kommune.
– Skulemåltidet er førebyggande og gjev elevane overskot og energi gjennom skuledagen, seier Anders Sandvik, assisterande rådmann i Vinje kommune. Foto: Vinje kommune.

Nyhet -

Skulemat - meir enn eit måltid

For Vinje kommune handlar skulematordninga om å gje elevane moglegheit til å vere den beste versjonen av seg sjølv. I 12 år har dei samla alle dei 412 elevane på dei fire skulane til eit gratis måltid kvar skuledag.

Det er ingen som rører budsjettposten til skulemat i Vinje.

– Skulemåltidet er førebyggande og gjev elevane overskot og energi gjennom skuledagen, seier Anders Sandvik. Han er assisterande rådmann og oppvekstansvarleg i Vinje kommune.

– Det kostar pengar å gje eit skulemåltid til alle. Også Vinje må prioritere. Men prøv å komme opp med noko anna som er inkluderande samstundes som du gjev alle elevane ei felles oppleving og kjensle av fellesskap for 26 kroner dagen? Det kostar mykje meir om nokon fell utanfor. Dette er ei langsiktig satsing for kommunen, seier Sandvik.

Anders Sandvik var rektor ved ein av skulane i Vinje når han foreslo at kommunen skulle tilby gratis skulemat.

10. klassingen Truls likte seg ikkje på skulen og stod i fare for å slutte før han hadde fullført grunnskulen. Som rektor spurte Sandvik om det var noko han kunne gjere for å få han til å fortsetje. Først trudde Truls at Sandvik tulla, men når han skjønte at rektoren tok han på alvor var svaret at han ville ha eit godt og ferskt brødmåltid kvar dag.

Skulematordninga vart innført som eit hastevedtak og midlertidig prosjekt i kommunestyret. No er kommuneleiinga og innbyggarane stolte av tilbodet. Vinje kommune har ikkje evaluert skulematordninga grundig, men tilbakemeldingane frå foreldre og elevar er gode. Elevane i Vinje er stolte av å kome frå ein kommune der dei unge vert tekne på alvor.

Bygdekvinnelaget har hatt gratis skulemat for alle som ei sentral kampsak dei to siste stortingsvala.

– Vi meiner alle burde gjort som Vinje. Det einaste som er feil er at staten ikkje tar rekninga, men overlèt til kommunepolitikarane å prioritere mellom eldreomsorg, veg og skulemat. Eit gratis skulemåltid er avgjerande for å gje alle born den beste moglegheita til å lukkast i livet. Skulemåltidet gjev trivsel, auka konsentrasjon, mindre mobbing, gode matvanar og betre folkehelse. Denne saka er for viktig å overlate til kvar enkelt kommune, seier Inger Amb som er styremedlem i Norges Bygdekvinnelag.

Skulemåltidet er endå viktigare i dag

Etter 12 år med skulemat meiner Sandvik at skulemåltidet er viktigare enn nokon gong.

– Dei fleste har tilgang på sunn mat. Men mange familiar er aktive og et maten til ulike tider. Ein del unge og ungdom har ikkje eit felles måltid saman med andre folk i løpet av dagen. Då har skulemåltidet ein viktig sosial funksjon, seier Sandvik.

Han meiner det er ein del av skulen sitt samfunnsoppdrag å hjelpe foreldre med god oppseding og borna med gode vanar. Fellesskapet rundt måltidet er eit godt utgangspunkt for danning og trivsel. Ein stad der ein kan lære spelereglane i samfunnet.

Sosial utjamning
Det er mange ulike pilotprosjekt i Noreg med stor variasjon i mattilbodet, med alt frå fruktordning til varm mat kvar dag. Nokre stader er det abonnementsordning, andre stader er det gratis. I Vinje er skulemåltidet gratis.

– Vi hadde foreldrebetaling med påmelding i Vinje eit par månader hausten 2008. Då såg vi at det ikkje traff godt nok for dei som verkeleg trong skulemåltidet. Om lag 60 prosent melde seg på, og vi fekk ei kjensle av ei veldig oppdeling av elevgruppa, fortel Sandvik.

Ei nyare forskingsstudie viser at eit gratis skulemåltid kan ha ei utjamnande effekt.

– Dette såg vi særleg blant elevar med foreldre som har lågare utdanningsnivå, seier Frøydis Vik, forskar og prosjektleiar ved Universitet i Agder (UIA).

Undersøkinga vart gjort som ein del av «skolematprosjektet» som ser på i kva grad eit dagleg, sunt skulemåltid kan ha effekt på læringsmiljø, motivasjon for læring og vektutvikling.

– Elevane har ei anna rolle, og får vist ei anna side av seg sjølv når dei sit saman med dei andre rundt måltidet, fortel Sandvik.

Lærarane som sit saman med borna i måltidsituasjonen får gjerne ein tettare elev-lærar relasjon. Ein legg òg betre merke til om det er elevar som ikkje trivst, ikkje et eller har andre utfordringar. Foreldra og helsesjukepleiarar som er knytt til skulen får beskjed, og borna får raskare hjelp.

På helsenorge står det: «Sultne barn kan ha vanskelig for å konsentrere seg. Skolemåltidet er viktig for trivsel, helse og godt skolemiljø.»

Etterlyser tydlegare politikk

Eit gratis skulemåltid for alle vil vere eit godt tiltak for sosial utjamning og folkehelsa. Det kjem fram i rapporten «sunnere matomgivelser i Norge». Den som leia forskinga var Liv Elin Torheim, professor i samfunnsernæring ved OsloMet.

Ekspertane bak rapporten meiner kommunane bør tilby alle barn og unge eit enkelt skulemåltid.

– Det å legge til rette for sunne kosthaldsvaner blant barn gjev sunnare vaner også seinare i livet. Betre ernæring vil spare mange for livsstilssjukdommar og samfunnet for store kostnader, seier Torheim.

Om lag 70 prosent av vaksne har overvekt eller fedme. Blant barn har mellom 15 - 20 prosent overvekt eller fedme. Tilsvarande tal for ungdom er 25 prosent og dette talet er stigande.

Før skulematordninga var folk engstelege for at den lokale bensinstasjonen skulle gå konkurs når midttimen vart avvikla i Åmot i Vinje. For då kunne ikkje ungdommane lenger kjøpe seg hamburgar og cola.

Torheim og resten av ekspertgruppa etterlyser tydlegare politikk og at myndigheitene tek eit større ansvar for å sikre betre ernæring og sosial utjamning.

– Usunt kosthald og fedme er eit folkehelseproblem som må takast på alvor og som krev innsats der barn er. Barn brukar mykje tid på skulen, og skulen bør vere ein viktig helsefremjande arena. Her kan skulemåltidet spele ei viktig rolle og vere med å oppfylle folkehelselova. Dette er også i tråd med barnekonvensjonen som seier at barn har rett til å vekse opp i gode og helsefremjande omgjevnader med sunn og fullgod mat, seier Torheim.


- Å leggje til rette for sunne kosthaldsvaner blant barn gjev sunnare vaner også seinare i livet. Liv Elin Torheim,
professor i samfunnsernæring ved OsloMet. Foto: Foto: Sonja Balci / OsloMet.

Torheim understrekar at eit større offentleg ansvar ikkje betyr at foreldre skal fritakast for ansvar – det som skjer heime har mest å seie for kva barna et. Men samfunnet må sjå på korleis dei kan støtte foreldre og barn slik at det vert enklare å ta sunne val, og det er der sunne måltid i barnehagen og skulen kjem inn.

– Det er store skilnader i kosthald mellom ulike sosiale grupper. Det bidreg til sosial ulikskap i helse i Noreg. Skulemåltidet kan vere med å jamne ut sosiale skilnader, seier Torheim.

Det elevane legg mest vekt på i undersøkingane om gratis skulemat er det sosiale aspektet med å ete saman.

Ferske brød og sunt pålegg 

Eit av tipsa frå Vinje er å gjere det enkelt.

Når det er lunsj vert det sett fram ferske grove brød frå den lokale bakaren og variert sunt pålegg. På matbordet er det mjølk, frukt, grønsaker og fiskepålegg. Av og til har skulane i Vinje varm mat med lokale sesongvarer av viltkjøtt, fisk og norsk tradisjonsmat – som lam i fårikålsesongen. Sandvik fortel at varmmaten krev litt førebuingar, men i seg sjølv er det kanskje billegare enn brødmat.

Til den praktiske førebuinga har Vinje kommune SFO-tilsette, samt kokk på ein av skulane, som har delar av si stilling til å kunne jobbe på kjøkkenet.

– I tillegg har vi på vaksenopplæringa alltid nokon som jobbar med arbeidstrening og er med på å lage og servere mat. Vi har også brukt ein del ungdomsskuleelevar i matserveringa og tillaginga av måltida. Det kan vi gjere endå meir av, seier Sandvik.

Mange stader vert for små kjøkken brukt som eit argument mot skulemat. Men heller ikkje alle skulane i Vinje har anna enn mat- og helselokale.

– Vi har investert i ordentleg oppvaskmaskin, men bortsett frå det så gjer vi det enkelt. Det viktigaste er god sunn mat og trivelege omgjevnader. Det utgjer ein stor skilnad i borna sin kvardag, seier Sandvik.

I fjor fekk Sandvik tilsendt ei framside på Telemarksavisa Varden. På framsida var overskrifta «spørsmål som endra livet mitt og som redda meg». Det var Truls. Det var stort for Sandvik. Til avisa sa Truls: «Eg hadde aldri klart meg om det ikkje hadde vore nokon som såg meg der og då».


Vinjerådmannen sine tips

  • Ta med elevar og foreldre på råd.
  • Gjer det enkelt. Grove brød og sunt pålegg er eit sunt måltid.
  • Ikkje fokuser på light-produkt – dette gjeld barn i vekst og utvikling
  • Ha det gratis, slik at det er eit tilbod for alle. Det fangar opp dei som treng det mest.
  • Ha ein 0-stedsanalyse som kartlegg samhandling, mobbesituasjonen og trivsel.
  • Del opp grønnsaker og frukt. Server det delikat saman med brødmaten.
  • Ha alltid friskt, kaldt vatn og mjølk til maten
  • Prøv å overraske med noko kvar veke
  • Supper og graut frå botnen er veldig populært
  • Ha nulltoleranse for matkasting

Emner

Kategorier

Kontakter

Astrid Seime

Astrid Seime

Organisasjonsrådgiver Bruk hele dyret, verdens matvaredag 908 72 411
Cesilie Aurbakken

Cesilie Aurbakken

Pressekontakt Generalsekretær 970 86 879
Jorun Henriksen

Jorun Henriksen

Pressekontakt Styreleder 901 74 887

Relatert innhold

Bygdekvinnelaget – møteplass for aktive kvinner

Bygdekvinnelaget er en pådriver for levende bygder. Vi kjemper for likestilling, folkehelse og et aktivt og inkluderende lokalmiljø. Vår historie spores tilbake til 1917. Vi har 11.000 medlemmer i 430 lokallag og 17 fylkeslag.