Gå videre til innhold
Karsten, Amalie og Leif Olav på friidrettsbanen
Karsten Warholm, Amalie Iuel og Leif Olav Alnes kjem til NIH under forskingskonferansen Footwear Biomechanics Symposium.

Pressemelding -

Warholm, Iuel og Alnes svarer på spørsmål om løpesko-utvikling

Karsten Warholm, Amalie Iuel og Leif Olav Alnes møter verdas leiande ekspertar og forskarar på løpesko torsdag 25.juli. Dei svarer på spørsmål og fortel om sitt engasjement for utviklinga på forskingskonferanse på NIH.

Den internasjonale forskingskonferansen "Footwear Biomechanics" blir arrangert på NIH frå 23-25.juli.

Avslutningsdagen kjem hekkeløparane Karsten Warholm og Amalie Iuel saman med trenar Leif Olav Alnes til NIH. 

Under "Puma Panel Session" svarer dei på spørsmål frå forskarane og dei andre deltakarane på konferansen saman med ein representant frå skomerket. 

Dette er eit gyllent høve til å høyre om utviklinga av løpesko og utøvarenes eige perspektiv og engasjement. 

Konferansen er fullteikna med godt over 300 deltakarar frå heile verda. Journalistar kan få moglegheit til å delta på seansen med Warholm, Iuel og Alnes, og gjere intervju i etterkant. 

Send ein mail til professor i biomekanikk og leiar av konferansen, Hannah Rice (hannahr@nih.no) innan 23.juli, om de kjem.

Les meir om konferansen 

  • Karsten Warholm, Amalie Iuel og Leif Olav Alnes kjem til NIH under forskingskonferansen Footwear Biomechanics Symposium.
    Lisens:
    All rights reserved
    Størrelse:
    768 x 1024, 140 KB