I rom 76, med tittelen «På barrikadene», var det frå før verk av norske kunstnarar med stort politisk engasjement, som Per Kleiva og Kjartan Slettemark, saman med kunstverk som viser samisk rettighetskamp. På Nasjonalmuseets heimeside kan me lese: «I ‘På barrikadene’ (rom 76) rettes søkelyset mot den politiske og aktivistiske kunsten som vokste fram i 1960- og 70-årene. Dette er protestenes og frigjøringskampenes æra.»
– Denne debatten føregjekk lenge i vårt eige fagmiljø. Den direkte kritikken frå Victor Lind skapte ei forventning om ei klargjering frå Nasjonalmuseet, men museet har møtt Linds kritikk med ulne flosklar rundt ytringsfridomen. Det er som om museet gøymer seg bak det at kunstnarar skal ha ytringsfridom. Som om dette automatisk gjer deira eigen rygg fri. Denne saka angår fleire enn oss kunstnarar, sier styreleder Geir Egil Bergjord til DAG OG TID.
– Eshkols verk fortel berre éi side av historia. Dagen etter det palestinske terroråtaket på skulen gjennomførte israelske fly eit hemnåtak, ifølgje BBC, og bomba sju palestinske flyktningleirar, der fleire titals sivile palestinarar vart drepne og langt over 100 vart skadde. For ordens skuld: Eg kritiserer ikkje Eshkols verk. Eg kritiserer at Nasjonalmuseet, i dagens geopolitiske klima, gjer denne kurateringa utan nokon reell diskurs. Det er difor lett å forstå at Victor Lind reagerer og brukar sterke ord.