Blogginnlegg -

Naturterapi som ein del av framtids-medisinen

Det bles for tida ein vind over store delar av verda som prøver å så tvil om både innhaldet og sanningsgehalten i den naturterapeutiske filosofien og tilhøyrande prinsipp. Denne vinden, eller skepsisen, blir ofte målbore av aktørar som har ein agenda basert på enten eit vitskapsreligiøs fundament eller politisk ideologi. Alt som ikkje kan målast innanfor det evidensbaserte paradigmet, blir fasa ut som humbug. Denne vinden har også kome til landet vårt, og blant anna feia innom fleire partikontor og skapt kastevindar i diverse stortingskorridorar.

Vitenskap som religion [Aftenposten innsikt - september 2008]

Evidensparadigmet

Ein artikkel publisert på Pub.med - Evidence-based medicine and naturopathy – tek til orde for ei revidering av ei slik oppfatning:

«Evidensbasert medisin (EBM) har vore fremja som eit nytt paradigme innan ortodoks medisin og som ein metodikk overfor naturterapi - som ofte blir skulda for å ha mangelfull vitskapleg grunnlag. Denne artikkelen presenterer stemmene til naturterapeutiske utøvarar som svar på det dei oppfattar som eit ideologisk angrep frå EBM-talsmenn om validiteten og integriteten til naturterapeutisk praksis. Desse praksisane, som byggjer på tradisjonsbaserte paradigme som artikulerer vitalistiske og heilskaplege prinsipp, kan ha betydelege problem med å forhalda seg til ideen om EBM slik han er utvikla i biomedisinske samanhengar. Artikkelen stiller spørsmålsteikn ved det føremålstenlege av å innføra ein metodikk som ser ut til å minimera eller omgå det filosofiske og metodiske grunnlaget for naturterapi, og som i seg sjølv primær blir drivne av politiske omsyn.»

Ein annan studie konkluderer med at det er gjort lite forsking på systemeffekt (heilskapen av behandlingspakken), slik praksis ein ofte finn innan naturterapi.

Estimated Effects of Whole-system Naturopathic Medicine in Select Chronic Disease Conditions: A Systematic Review [Alternative & Integrative Medicine 2015]

Kokebokmedisin

Her i landet, har professor Tor Johan Ekeland ved Høgskulen i Volda, vore ei kritisk røyst i denne samanhengen. I artikkelen Evidenstyranniet [Dagens Medisin 2007], set han lys på fleire forhold omkring dette temaet – og spør:

«Og evidensevangeliet lovar mykje: ein kvalitetssikra praksis som byggjer på vitskap. Berre fagfolk oppfører seg evidensbasert, vil kvakksalveri, overtru, og anna unyttig praksis snart vere utrydda. Har det blitt slik?»

Svaret han gjev, er eit nyansert nei. I staden meiner han at me har fått ein offisiell medisin som er blitt prega av instrumentell tenking, i den forstand at bruken av medisinske tiltak og råd er standardisert etter kokebok-prinsippet.

«Men i klinisk praksis – eller anna menneskebehandling – møter ein ikkje gjennomsnittspasienten. Slike finst ikkje, dei er statistiske konstruksjonar. Derimot møter ein den individuelle variasjonen og subjektiviteten ein i gruppedesigna har sjalta ut som feilvarians.»

Den amerikanske legen Dr. John Sarno er inne på noko av det same i boka si Healing back pain:

«I løpet av mitt profesjonelle liv, spesielt dei siste femti åra, har den medisinske kulturen som påskjønar auka spesialisering, effektivitet, kvantitative data – ført til større avstand mellom lege og pasient. Den kliniske undersøkinga og den emosjonelle statusen til pasienten blir ofte nedgradert, og det blir difor vanskelegare for legen å engasjera pasienten i ein samtale om livssituasjon, håp, vonbrot og ambisjonar.»

Helsevesen i verdsklasse

Slike perspektiv og analysar skal likevel ikkje skugga for at me i Norge har bygd opp eit helsevesen som er i verdsklasse. Dei fleste legar og anna helsepersonell gjer eit fantastisk arbeid i møte med sine pasientar. Utfordringa og problema ligg ikkje på individnivå, men på systemnivå. Og ei instrumentell tenking innan medisinen kan absolutt forsvarast der dette høyrer heime, til dømes innan kirurgi, akuttmedisin, prosedyrar i samband med undersøkingar og hygiene – men mindre i møte med pasientar som har kroniske plager.

Å skyte med hagle

Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT), gjev innsikt i kva slik standardbehandling kan føra til. Lege og forskar Jostein Holmen i Verdal trekkjer i denne samanhengen fram behandling av blodtrykk:

«En visjon er å komme frem til en mer presis behandling. For eksempel er dagens blodtrykksbehandling på mange måter primitiv, det er som å skyte med hagle. Vi bruker tabletter der bare noen få av hundre har nytte av behandlingen, på den måten at de unngår hjerte- og karsykdom. De andre har i beste fall ingen effekt. Vi vet ikke hvem som har nytte av våre tiltak, men vi vet at vi driver med mye unødvendig behandling. Her kommer genetikken inn, jeg synes det må være lov å ha forventninger til forskningen på dette området.»

Pensjonistdager med Olav Duun [Tidsskriftet 2018]

Naturterapeutiske prinsipp

Om den naturterapeutiske filosofien og prinsippa hadde fått større innpass og aksept i samfunnet, er eg overtydd om at me ville fått ein medisin som hadde vore meir persontilpassa – i staden for «å skyte med hagle».

Dei seks hovudprinsippa [WNF Naturterapeutisk terminologi] dannar fundamentet for ein praksis der også pasienten er sterkt deltakande:

  1. Fyrst og fremst, ikkje gjer skade
  2. Naturens lækjande kraft
  3. Behandle årsaka
  4. Behandla heile menneske
  5. Legen/terapeuten som lærar
  6. Førebyggjande og helsefremjande tiltak

Ting tar tid

Ei slik tilnærming til kvart enkelt individ/pasient, tilseier konsultasjonar som varer lengre enn eit kvarter. Å skapa innsikt og endra vaner, behandling - krev tid og undervisning for å oppnå helse og velvære som varer. Det generelt høge utdanningsnivået i samfunnet vårt, skapar også behov for eit auka helsemedvit: kvifor blir eg sjuk, kva kan eg gjera for å betra situasjonen og kva slags innsatsfaktorar kan vera tilrådeleg å bruka på kort og lang sikt?

At enkelte kritikarar og skeptikar også brukar tidselementet for å så tvil om verdien av eit naturterapeutisk perspektiv, og fører dette opp på kontoen for placebo;– får me leva med. Vona er at politikarane gjennomskodar dette, og etter kvart innser at samfunnet som heilskap vil tena på ei slik terapeutisk tilnærming ved sida av det som den offentlege medisinen kan tilby. Gode rammevilkår, som blant anna mva-fritak for dei grupperingane som har eit tilfredsstillande utdanningsnivå, vil vera avgjerande for  vekst og utvikling framover.

World Naturopathic Federation

Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon er innvilga fullt medlemskap i World Naturopathic Federation (WNF). Dette er me mektig stolt av og har forventningar om at eit slikt fellesskap skal styrkja NNH sitt arbeid vidare. WNF sitt hovudmandat er å støtta veksten og mangfaldet innan naturterapi verda over, fremja fornuftige reguleringar i kvart land, oppmoda til akkreditering av høge  utdanningsstandarar, forsking, kunnskapsformidling og samarbeid med internasjonale organisasjonar som WHO, SN, UNESCO og andre aktuelle aktørar. Gjennom eit fullverdig medlemskap, har me større sjanse for å påverka utviklinga av organisasjonen og gje verdifulle innspel. NNH er den fyrste organisasjonen i Norden som blir medlem av WNF!

Emner

  • Hear Us Out

Kategorier

  • alternativ behandling
  • world naturopathic federation
  • folkehelse
  • helse

Kontakter

Lidia Ivanova Myhre

Pressekontakt Generalsekretær 46824840

John Petter Lindeland

Pressekontakt Styreleder 94890152

Relatert innhold