Pressemelding -

WNF Terminology Document omsett til norsk

I ein to-års periode har World Naturopathic Federation (WNF) stått for utarbeiding av dokumentet der blant anna Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) har vore bidragsytar. Språklege definisjonar vil legga til rette for betre samarbeid mellom fagpersonar og andre helseprofesjonar.

Naturterapeutisk terminologi som vegvisar for god praksis

- For mange vil kanskje innhaldet i dette dokumentet vera sjølvsagt, som grunnlag for ein naturterapeutisk praksis. Likevel trur eg at me gjer lurt i å av og til stoppa opp og tenkja medvite gjennom vår eigen praksis – uavhengig kva terapiform og metodar me nyttar. Dei omgrepa som her er definert, kan vera ein vegvisar og ei hjelp til å vurdera om me i kvardagen tek nok omsyn til dei prinsippa som naturterapien kviler på, seier styreleiar og seniorrådgjevar i NNH John Petter Lindeland.

Lindeland påpeikar vidare at slike språklege definisjonar også vil vera nyttige i samband med vår kommunikasjon med det offentlege helsevesenet og politisk nivå. Det vil også vera svært viktig i samband med byggjing av ein felles fagidentitet, noko som vil vera avgjerande for om naturterapien og dei mange terapifaga skal få ein auka legitimitet i samfunnet.

- Eg trur alle som les igjennom dette terminologiheftet, vil erfara at det har eit logisk språk med ein allmenngyldig karakter i høve helse og sjukdom.

Det er World Naturopathic Federation som i ein to-års periode har stått for utarbeiding av dokumentet, og der blant anna NNH har vore bidragsytar. No er dokumentet omsett til norsk, og NNH håper at både medlemmer, undervisningsinstitusjonar og andre vil ha nytte av det – og at det blir spreidd vidare til alle interesserte.

WNF poengterer i sitt skriv til medlemsorganisasjonane:

- Dette dokumentet vil tena den naturterapeutiske tradisjonen gjennom å sikra identiteten til yrket ved å tydeleggjera definisjonen av sentrale naturterapeutiske termar som ligg til grunn for naturterapeutisk praksis. Det vil òg legga til rette for betre samarbeid mellom fagpersonar og andre helseprofesjonar – noko som spesielt WHO påpeikar er viktig.

Terminologiheftet er tufta på eit tidlegare dokument som omhandlar naturterapeutisk filosofi, prinsipp og teoriar. Desse dokumenta kompletterer kvarandre.

Den engelske versjonen til det omsette dokumentet finn du her

World Naturopathic Federation er fortida i gang med eit anna omfattande dokument som omhandlar naturterapeutisk historie, prinsipp, regulering, utdanning og praksis. I tillegg vil det også omhandla tema som tryggleik, effektivitet, kostnadar og forsking. Dokumenta fylgjer HTA-malen (Health TechnologyAassessment), som blir nytta både av styresmakter og WHO i samband med vurdering av eit yrke og kordan det kan samanliknast med andre helseprofesjonar. NNHs Fride Aasen og John Petter Lindeland har sagt seg viljug til å vera med å kvalitetssikra dokumentet.

Related links

Emner

  • Utdanning

Kategorier

  • alternativ behandling
  • world naturopathic federation

Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjons visjon er at alle innbyggere, uavhengig av geografi og økonomi, får tilgang til et trygt naturmedisinsk tilbud både innenfor helseinstitusjoner, bedriftshelsetjenester, helsefremmende institusjoner og i privat praksis.

Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjons formål er å være den øverste utøvende og rådgivende fagorganisasjon for norske naturterapeuter, samt bidra til naturterapiers utbredelse og tilgjengelighet slik at det er til gavn for det enkelte individ ved å forebygge sykdom og fremme helse.

Kontakter

Relatert innhold

  • Meirverdiavgift, komplementærmedisinske behandlingsval og ideologisk fundament

    I NOU 1998:21 og tilhøyrande Ot.prp ligg det ein politisk vilje til å vurdera naturmedisin og alternativ behandling som eit verdifullt supplement til den ordinære helsetenesta – både som ei avlasting, men også ein konstruktiv motkultur i høve dominerande tankemodellar innan dagens medisin. Ei tangering i høve eit slikt perspektiv, finn ein innanfor det pedagogiske feltet (Privatskoleloven).

  • World Naturopathic Federation med brev til helse- og omsorgsminister Høie

    WNF har sendt brev til helse- og omsorgminister Høie, med henvisning til WNFs utredning Role of Naturopathic Practice in a Pandemic som ble laget med tanke på politiske beslutningstakere for å informere dem om forskning på naturterapi og hvilken rolle naturterapeutisk praksis kan ha for å forebygge og håndtere forhold som ligner på COVID-19.

  • Misbruk av begrepet velværetjenester

    Når det bare er 4% av de som bruker alternativ behandling som ikke oppgir en spesifikk lidelse som grunn, kan ikke begrepet velværetjeneste brukes for å legimitere merverdiavgift.

  • NNHs styreleder oppnevnt i NAFKAMs senterråd

    NNHs styreleder John Petter Lindeland er oppnevnt som representant for alternative behandlerforbund i senterrådet for Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin (NAFKAM). Med John Petter i rollen er vi trygge på at terapeutorganisasjonene i Norge her har fått en dyktig representant med mye erfaring og faglig integritet.

  • Naturterapi som ein del av framtids-medisinen

    Det bles for tida ein vind over store delar av verda som prøver å så tvil om både innhaldet og sanningsgehalten i den naturterapeutiske filosofien og tilhøyrande prinsipp. Alt som ikkje kan målast innanfor det evidensbaserte paradigmet, blir fasa ut som humbug. Denne vinden har også kome til landet vårt, blant anna feia innom fleire partikontor og skapt kastevindar i stortingskorridorar.