Gå videre til innhold
Elisabet Berg laga flott logo for Opera Nordfjord - den er no 25 år!
Elisabet Berg laga flott logo for Opera Nordfjord - den er no 25 år!

Blogginnlegg -

Draumen om opera - del 2: Søknadsskriving og pengejakt

Starten på Opera Nordfjord – del 2: Søknadsskriving, prosjektstyre og dugnad

I forrige kapittel hadde eg fått kontakt med dirigent Kjell Seim i januar 1997, og vi starta saman med regissør Ronald Rørvik planlegginga av operetten Flaggermusen, med mål om å vere premiereklare vår eller haust 1998. Det var ein lang veg fram, og det var på tide å kvesse blyanten og ta fatt på søknadsskriving til kommune og fylke - og innby lokale tusenkunstnarar til operadugnad.

I april vart den første søknaden sendt av garde til Sogn og Fjordane fylkeskommune ved fylkeskultursjef Lidvin Osland. Eg hadde eit flott og positivt møte med Osland 3. mai og fekk etter kvart positiv respons frå kulturavdelinga i fylket.

Nokre få år tidlegare, i 1994, hadde Sogn og Fjordane fylkeskommunen ved Lidvin Osland og Øyvind Lyslo inngått eit spennande samarbeid med Riksoperaen, som rett og slett kom til Førde og sette opp Barberen i Sevilla, godt hjelpt av distriktsmusikarar og andre musikarar og songarar frå regionen vår. Både Michael og eg var medverkande i produksjonen på scena og i orkestergrava, og eg huskar kor kjekt det var å få spele opera i eige fylke! Eg fekk vite seinare at det hadde vore ein ganske dyr produksjon, så eg tenkte vel at noko slikt ikkje ville vere mogleg å få til igjen.

Eg huska også veldig godt kor imponert eg vart over at produsent Øyvind Lyslo huska å spørre orkesteret før vi avslutta om kvelden om kven som ønskte kveldsmat etter øvinga – opp med ei hand! Tenk at han huska på å spørre om noko slikt, ein slik liten, men viktig detalj opp i alt det praktiske arbeidet han hadde som produsent…Det tok eg med meg når vi nokre år seinare skulle sette standarden for servering og traktering i Opera Nordfjord😊. Både hotelldirektør Eli Førde Aarskog og eldsjel Linda Midthjell skulle seinare bli viktige medhjelparar i prosjektet «korleis-kan-vi-skjemme-bort-alle-medverkande-med-mest-mogleg-god-mat-på-alle-øvingar-og-framsyningar?» - men det krev eit eige kapittel.

Etter kvart fekk vi tilslag på søknaden og fekk tildelt kr 150.000 frå fylkeskommunen – det var stort! Tidleg på hausten skulle søknaden til Eid kommune på same sum handsamast i Eid Formannskap. Eg var i USA i familiebryllaup og måtte ringe ordførar Kristen Hundeide frå Flint i Michigan for å høyre korleis det gjekk – han kunne gledesstrålande fortelle at søknaden var tilrådd, og at vi mest sannsynleg kom til å få kr 150.000 under kommunestyremøtet i desember!

Noko seinare skulle det vise seg at det fanst nokre utviklingsmidlar i ein nyoppretta post i det kommunale budsjettet under namnet «Arrangement- og sponsorstøtte til regionale og nasjonale arrangement». Eg hadde søkt om kr 25.000 i underskotsgaranti frå denne potten, men lokalpolitikarane Dianne Eikås og Eli Førde Aarskog klarte å overtyde kultur- og næringsstyret om at kr 50.000 av potten på 100.000 burde tildelast Opera Nordfjord. Det var nok litt murring blant både politikarar og andre innbyggjarar over at Opera Nordfjord no hadde fått heile 200.000 kroner til eit veldig smalt tilbod til fiffen.

Det kom eit fornøyeleg innlegg i Fjordabladet frå Sigmund Larsen frå Kjølsdalen, som ikkje kunne skjøne kvifor det hadde sånn hast med å kaste desse ekstra 50.000 kronene etter Opera Nordfjord….det kunne jo tenkast at det var nokre andre som hadde tenkt å sende inn ein søknad på nettopp desse midlane – sjølv tenkte han å slenge inn ein søknad om å få arrangere verdmeisterskapen i mjølkespannkasting - men han lova å ta på seg lakkskoa og komme på opera når premieredagen opprann!

I desember 1997 vart det første prosjektstyret til Opera Nordfjord stifta, beståande av Olav Hjelle, Dianne Eikås, Brit Elin Ladehaug, Linda Midthjell og Gudmar Eikenes. Eg hadde eg blitt gravid igjen, og det passa seg slik at den dagen permisjonen starta – 10. januar og 3 veker før termin – fylte vi ein minibuss og reiste på studietur til Operaen i Kristiansund og møtte operasjef Olav Grytnes, produsent Rune Svendsen, scenograf Chinelle Markovic, kostymedesignar Anne Gotaas, maskør Hege Sky Mokkelbost og lysmeiser Svein Knudsen for å lære. Vi fekk lynkurs i «korleis starte ein distriktsopera» på ein dag og fekk stilt mange viktige spørsmål. Kontakten med storebror i Kristiansund var etablert, og det skulle bli mange og av og til daglege telefonar mellom underteikna og Olav Grytnes dei neste månadene.

Eg har to minne eg ikkje er spesielt stolt av – det eine er frå 16. mars 1998 – eg huskar det fordi det var bursdagen til Michael, og eg hadde laga overraskingsmiddag med heimelaga pizza, hadde dekka bordet med nystroken duk og stetteglas og ein stor, nyinnkjøpt bukett med tulipanar – og sola skein. Dette var før vi hadde fått trådlaus fasttelefon, så eg sat no der på den kvite pinnestolen på kjøkenet - den som hadde eit laust bein, og som eg hadde redda frå ein containar over vegen då naboane flytta – og skravla i veg i telefonen med operasjef Olav . Då såg eg plutseleg at Agnes på 1,5 år hadde krabba opp på det pynta middagsbordet, hadde klart å velte vasen med tulipanar over eit stetteglas som hadde knust, og som Agnes no hadde skore seg på. Ho pludra blid i veg og hadde klart å få fine, små fingeravtrykk med friskt blod på samtlege seks tallerkar, glad og fornøgd, før eg vart rykka ut av samtalen med Olav. Ein dag noko seinare – då eg også snakka med Olav i telefonen – høyrde eg rare lydar frå gjestetoalettet i gangen bak meg – og der sto Agnes – framleis glad og fornøgd - og pussa tennene i vatnet frå doskåla…eg trur det var den dagen vi kjøpte trådlaus telefon.

Måndag 12. januar - to dagar etter turen til Kristiansund - hadde vi invitert interesserte og nysgjerrige dugnadsarbeidarar til vårt aller første informasjons- og dugnadsmøte i kjellaren i Gamlebanken. 20 personar møtte opp, og ytterlagare 20 meldte seg – tenk at 40 eldsjeler ønskte å sy, snikre, koke kaffi, legge sminke, vere garderobevakt og parkeringsvakt for at vi skulle få verkeleggjere draumen om opera på Eid! Dei færraste hadde vore på opera før, men dette var berre så sprøtt at dette MÅTTE dei vere med på!

Når eg dei siste vekene har lese gjennom gamle permar på kontoret med møteinnkallingar, møtereferat, prosjektbeskrivingar og sett på gamle bilete og artiklar frå lokalavisene, vert eg rett og slett rørt når eg ser kor mange som hjalp til – alle på fritida si – og kanskje i arbeidstida, òg, kva veit vel eg. Det var hektisk møteaktivitet, med utsending av 1250 – tolvhundreogfemti – sponsorbrev til lokale verksemder i heile Nordfjord. Det vart laga strategiplanar for marknadsarbeid med planar for kontakt med lokalpresse og NRK Sogn og Fjordane. Eventyret var i gong, og det var MANGE Per, Pål og Espen Askeladdenar som var i sving for å lage eit vaskeekte operaeventyr frå Nordfjord, og helst med happy ending!

Vi nærma oss den aller første arbeidshelga i mai, der vi skulle møte alle dei kunstnariske leiarane for første gong; regissør Ronald skulle møte koret og dansarane, sydamene skulle møte kostymedesignar Anne, snikkarane skulle treffe Chinelle og Jan Sæthre skulle møte Svein på lys. Alt var planlagt, og spenninga var stor. Eg hadde ikkje tinga reise og hotell enno, men det var like før. Så hadde vi altså eit styremøte 11. mai, der vi måtte innsjå at vi ikkje hadde klart å fullfinansiere prosjektet, enno. Budsjettet hadde auka frå det aller første anslaget på 500.000 til 750.000, og vi mangla framleis 100.000 bitre kroner. Styret bestemte der og då - på nordfjordsk vis - at vi ikkje kunne arrangere øvingshelg med skattebetalarane sine pengar, og alt vart lagt på is til august. Eg kunne ikkje tru mine eigne øyre - klumpen i halsen min vaks mot slutten av møtet, og i bilen heim til Løkja den kvelden gret eg mine bitraste styremøtetårer….

Som eg avslutta sist, vil eg gjenta meg sjølv: Det vil helst gå bra, men det får de høyre om i neste kapittel. Forresten: det går veldig fint med Agnes; ho har ikkje krabba på middagsbordet sidan sist, har slutta å pusse tennene i do, har blitt 26 år og elskar opera. Og Paul vart fødd 7. februar 1998 og skofta ikkje eit einaste styremøte eller ei einaste operaøving i heile sitt første leveår!

Emner

Regions

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge