Gå videre til innhold
Kari Standal Pavelich debuterer med eigen blogg.
Kari Standal Pavelich debuterer med eigen blogg.

Blogginnlegg -

Opera + sild = sant

Opera + sild = sant

Kven skulle vel tru at vi nokon gong skulle komme til å tinge ein opera som skulle handle om sildefiske? Ikkje eg, men no har vi – i Opera Nordfjord - altså gjort det! Tru det eller ei, men onsdag 4. oktober vert det premiere på sildeoperaen Sildagapet av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde i Operahuset Nordfjord. Med klippfiskopera i Kristiansund og tørrfiskopera på Røst er det likevel ikkje så rart at ein distriktsopera på Nordfjordeid med Måløy som nærmaste kystby, attpåtil med ei lang sildehistorie, skulle velje silda som «hovudrolle» i neste hovudproduksjon!

Som fiskehandlardotter frå Ålesund med farsgener frå Store-Standal i Hjørundfjorden og morsgener frå Hornindal, med ein Besten på Bøna som spikra sildekasser nede på «saga» på Sanden hadde det vore både naturleg og ønskjeleg at det var eg som kom på den geniale idéen til operatema. Men, trass i at eg er ein ubeskjeden og til tider høglytt sunnmøring, kan eg diverre ikkje ta æra for idéen.

Under eit middagsselskap i Remmedalen for nokre år sidan møtte eg ein hyggeleg sørlending busett i Oslo, Kjell Sunde, som viste stor interesse for kystmiljø, fiske og alt maritimt – og særleg for silda. Han fortalde om den dramatiske historia frå 1956, då han hadde teneste i marinen om bord i KN Tromsø, og dei måtte ta fleire russiske trålarar i arrest for ulovleg sildefiske og ta dei til havna i Ålesund. Det var storhende for ålesundarane å kunne sjå levande russarar «i fargar» og ikkje i «svart-kvitt»! Hendinga skapte dei store overskriftene i nyhendesendingane i aviser og radio over heile Europa.

Vegen var ikkje så lang frå middagsselskap til styrerom, og med ivrige tilbakemeldingar om kva sildefisket hadde å bety, ikkje berre for kystfolket, men òg for bønder i indre Nordfjord med skog, sagbruk og sildekassespikring, vart det lett å ta ei avgjerd om at sildeopera skulle det bli! Vi kunne sjølvsagt ha lagt handlinga til Ålesund og skrive om slostarkaulene mellom hissige sunnmøringar og bøllete nordlendingar, men med all respekt å melde: nordfjordingane har si eiga sildehamn, Måløy, som det er vel verdt å lage opera om.

Eg må likevel innrømme med ein gong – og eg skjemmest litt når eg seier det – at eg ikkje er så veldig glad i sild. Eg kunne ha sagt at eg ikkje likar sild, men eg kan faktisk huske at eg åt Karisild i barndomen og likte det – sild i tomatsaus med raudt, knitrande silkepapir rundt metallboksen, som låg i reolane nede til venstre, nærmast vindauget på Karl Joh. Standal Fiskeforretning i Keiser Wilhemsgate 38. Og eg kan huske at vi hadde steikt sild til middag, som var godt, hadde det ikkje vore for alle dei små beina som kitla i gana og gjorde oss veldig fort mette. Det beste var steikt silderogn, oransje på farge, med store rogneegg. Men sursild, spekesild og boknasild er framleis ukjende smaksopplevingar for meg – eg er rett og slett for pysete til å prøve! Så, mitt prosjekt i 2017 må bli å lære å ete sild, helst før premieren 4. oktober, for då skal vi visst – i følge meg sjølv – ha sildebord både på premierefest og som pausemat i foajéen på operahuset. Eg får begynne med å tørrtrene gjennom å lese sildeoppskrifter, så får vi sjå om motet melder seg. Kjell Sunde, vår sildeoperaidéopphavsmann har nettopp sendt meg verdens beste sildekakeoppskrift, så ein skal ikkje sjå vekk ifrå at det blir sildekakeproduksjon på Løkja i nærmaste framtid.

Medan vi ventar på ferdigstilling av notar frå komponist og stryning Helge Sunde og intens innøving av solist- og korparti utover våren, kan vi alle lese oss opp på den spennande historia om sildefisket på 1950-talet. Måløyværingen Terje Sølvberg har allereie vore ei stor hjelp for Opera Nordfjord gjennom formidling av mykje god lokalhistorie og levande skildringar frå sildeåra i Måløy. Ålesundarane Magne Flem og Harald Grytten har skrive boka Sildefisket på Mørekysten på 1950-talet – ein flott dokumentasjon frå det eventyrlege sildefisket.

Eg kjenner at eg vert litt meir sunn berre av å skrive om dette, så eg får komme med ei oppmoding om at fleire må ete meir god fisk – og særleg sild; velkomen til sildeåret 2017!

Følg med på sildeoperaeventyret vårt vidare – 1. mars opnar billettsalet, og då kan du skaffe deg akkurat dei  billettane du ønskjer på yndlingsplassane dine ved å trykke akkurat her.

Du høyrer frå meg igjen før du anar det!

Emner

Kategorier

Regions

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge