Gå videre til innhold
Foto: Svein Nesbakk
Foto: Svein Nesbakk

Nyhet -

Eit klassisk stjernelag på Maskeballet

- Dette var eit stjernelag av solistar, dette har internasjonalt nivå, seier dirigent og musikalsk leiar Michael Pavelich etter premiera på Maskeballet i Operahuset Nordfjord onsdag kveld.

Henrik Engelsviken og Thomas Ruud delar på rolla som kongen, og Birgitte Christensen gjer Amelia. Maskeballet av Giuseppe Verdi er eitt av dei klassiske verka i Operalitteraturen og handlar om mordet på Gustav 3 i Stockholmsoperaen i 1792.

- Det er også vår oppgåve å presentere dei klassiske operaverka, seier operasjef Kari Standal Pavelich. Denne gongen har Opera Nordfjord samarbeidd med Den Norske Opera og Ballett og sett opp deira turnéversjon av Maskeballet.

Delar av staben frå nasjonaloperaen har reist til Nordfjord for å samarbeide om operaproduksjonen, og har vore leia av produsent Jan Helge Trøen.

- Det har vore ei glede å kome til det andre operahuset i Norge og å få arbeide i lag med operamiljøet her, seier Trøen. Han fortel at det er tydeleg at både tilsette og frivillige i Opera Nordfjord og Operahuset Nordfjord har arbeidd med opera og kan dette. Dei to organisasjonane smelta raskt saman og leverte ei framsyning med høg kvalitet. Operaen har til saman åtte framsyningar med Maskeballet dei neste vekene, og allereie 30. oktober vert det ny premiere. Denne gongen familieproduksjonen The Sound of Music.

Emner

Kategorier

Regions

Kontakter