Gå videre til innhold
Musikalen Man of La Mancha i nynorsk språkdrakt som Mannen frå La Mancha, omsett av Hartvig Kiran.
Musikalen Man of La Mancha i nynorsk språkdrakt som Mannen frå La Mancha, omsett av Hartvig Kiran.

Nyhet -

Gladmelding: Musikalen Mannen frå La Mancha og Reisa til Julestjerna i Operahuset Nordfjord

Musikalen Mannen frå La Mancha (The Man of la Mancha) til Opera Nordfjord

Det er duka for Broadway-stemning i Operahuset Nordfjord, når sceneteppet går for Mannen frå La Mancha på premieren 30. september. Med spelerestriksjonar for alle kulturinstitusjonar i desse uvanlege tider, er Opera Nordfjord endeleg klare til å gi publikum etterlengta scenekunstopplevingar til hausten.

Mannen frå La Mancha (The Man of La Mancha) er ein musikal frå 1965 av Dale Wasserman, med tekst av Joe Darion, musikk av Mitch Leigh og nynorsk omsetting ved Hartvig Kiran. Den er basert på Wasserman sitt TV-teater I, Don Quixote, som igjen var inspirert av Miguel de Cervantes og hans roman Don Quixote, som kom ut mellom 1605 og 1615. Den fortel historia om den galne riddaren Don Quixote, som eit spel i spelet, framført av Cervantes og hans medfangar, medan dei ventar på ei høyring under Den spanske inkvisisjonen.

Regissør for årets storsatsing er Aksel-Otto Bull frå Oslo, som gjestar Opera Nordfjord for første gong. Det øvrige kunstnariske teamet er samansett av dirigent Michael Pavelich, scenograf og kostymedesignar Åse Hegrenes, lysmeister Arne Kambestad, koreograf Candice Bredesen og maskør Ingunn Schumann Mosand.

Solistlaget er ei spennande blanding av etablerte operasolistar, nyutdanna musikalartistar frå Nordfjordeid og dyktige, lokale amatørar. Espen Langvik, tidlegare solist ved Den Norske Opera & Ballett, spelar sjølvaste Don Quixote. Tenaren hans vert tolka av Jan Erik Fillan. Eli Kristin Hanssveen er til dagleg ein del av solistensemblet ved Den Norske Opera & Ballett, for mange også kjend frå Stjernekamp for nokre år tilbake. Rolla som Aldonza er som skapt for henne. Øvrige solistar vert bassen Trond Gudevold,  skodespelar Eirik Risholm Velle frå Ørsta, tenoren Erlend Tvinnereim, med slektsrøter frå Stryn, Eivind Kandal og Elisabeth Gimmestad frå Gloppen og Simon Standal Pavelich og Asbjørn Hagen, begge nyutdanna musikalartistar frå Nordfjordeid. I tillegg får vi gjensyn med fleire lokale talent;  Rønnaug Torheim er tilbake på scena saman med Paul Jacob Helgesen, Bård Stian DalsethHåvard Kvammen Furnes og Rune BalsnesMusikalen er definitivt ein ensemble-produksjon, der alle dei medverkande er tilstades og nærverande gjennom heile handlinga i eit intenst drama. Handlinga er vekselvis rå, brutal, morosam og djupt rørande, med vakker, spanskinspirert musikk.


Den originale 1965 Broadway-produksjonen vart framført 2328 gongar og vann fem Tony Awards, inklusive Best Musical. Musikalen er ein av dei kjæraste og mest populære innan musikkteater-sjangeren, der særleg den vakre songen The Impossible Dream er kjend for mange.

Billettsalet er allereie i gong, og musikalen har premiere onsdag 30. september, med dei sju øvrige framsyningane 1., 3., 4. 6., 7. 9. og 10. oktober i Operahuset Nordfjord.

www.operanordfjord.no

Endeleg kjem den store publikumssuksessen Reisa til Julestjerna til Operahuset Nordfjord, når Opera Nordfjord set opp denne folkekjære klassikaren frå 1924 i slutten av november.

Reisa til Julestjerna (originaltittel: Reisen til Julestjernen) er eit norsk skodespel av Sverre Brandt frå 1924, oppført første gong 2. juledag 1924 på Nationaltheatret i Oslo.

Stykket har rekord i antall forestillingar på Nationaltheatret – allereie i januar 1962 vart stykket oppført for 500. gang. Brandt brukte julesangen «Glade jul, hellige jul» som motiv, og det er Johan Halvorsen som har skrive musikken til stykket.

Opera Nordfjord er særs stolt over å ha fått rettane til dette vakre eventyrteateret, som passar for heile familien, frå dei aller minste til dei aller eldste.

Opera Nordfjord vil gå i gang med rollebesetning og audition for alle rollene innan utgangen av juni. På rollelista står det både vaksne og born, og sjølvsagt Sonja, som er hovudpersonen på leiting etter Julestjerna. I tillegg skal unge dansarar spele både nisseborn, snøfnugg og englar.

Michael Pavelich er regissør og dirigent, Candice Bredesen skal ha koreografiansvar, Anndi Bergset skal utforme scenografien og Ovar Holmen er lysmeister. Heile framsyninga vert driven fram av vakker, klassisk orkestermusikk, framført av 15 profesjonelle musikarar i orkestergrava.

Reisa til Julestjerna er ei klassisk eventyrfortelling, der den onde greven prøver å forhindre at den uskuldige og godhjarta Sonja,som heilt uvitande er prinsesse Gulltopp, skal komme heim til den snille faren sin, sjølvaste kongen. Han har ulukkeleg leita etter og venta på si kjære dotter sidan ho forsvann som lita jente. På si leiting etter Julestjerna møter Sonja både Heksa, Greven, Nissefar, Julemannen, Nordavinden, dei snille fuglane og ei gammal kone med ei dotter som frys, til ho møter Sonja, som gir henne ullvesten sin. På Slottet er det Ole og Petrine som på humoristisk vis støttar kongen så godt dei kan, og som sjølvsagt held eit ekstra auge på den onde greven….

Korleis det går til slutt, får ein vite den siste helga i november. Billettsalet har opna, og med eit avgrensa antal plassar tilgjengeleg, kan det lønne seg å sikre seg billettar allereie no. 

Framsyningar: 27., 28. og 29. november.

Billettar: www.operanordfjord.no

Emner

Regions

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge