Gå videre til innhold
Eit forelska par. Inga (Martha Standal Pavelich) og Håkon (Eivind Kandal). Foto Øystein Torheim
Eit forelska par. Inga (Martha Standal Pavelich) og Håkon (Eivind Kandal). Foto Øystein Torheim

Nyhet -

Martha elskar kontakten med publikum

18-åringen Martha Pavelich frå Eid valde vekk skuletur til Praha for å spele hovudrolla Inga i operaen Sildagapet.

Martha er elev ved Eid vidaregåande skule der ho går siste året på studiespesialiserande med realfag som fordjuping. I samband med rolla i Sildagapet valde Martha vekk skuletur til Praha med klassetrinnet sitt. Det luktar det engasjement av! Då ho takka ja til rolla som Inga trudde ho først det var ei mindre rolle. Det har etter kvart gått opp for ho at dette er ei stor og krevjande rolle.

Martha meiner at Sildagapet er ein produksjon som høver for mange!
- Her er referansar til moderne musikk og er ikkje som eit klassisk operastykke med meir krevjande lydbilete. Det er ei lettbeint framsyning med mykje humor, musikal-ish, jazzete og innslag av folketonar, fortel 18-åringen. Kulissar, kostyme, lys og lydspor set publikum og solistar direkte tilbake i tid og inn i eit røft, maritimt miljø ved kysten.

Å vekse opp i operafamilien Pavelich har hatt stor påverknad på den musikkutøvaren Martha er i dag.
- Like viktig for musikkengasjementet mitt er alle dei flinke musikarane og musikklærarane her på Eid. Eit aktivt, levande og profesjonelt kulturliv er årsaker til at eg ynskjer å satse vidare på musikken, seier Martha og nemner tankar om Oslo, jazz, klassisk musikk. Og ikkje minst å halde fram med bandprosjektet Indigo Child.

Heime i huset på Løkja har Martha vakse opp i ein syskenflokk på seks. Her har musikken alltid vore i sentrum, og song blir tidvis nytta som kommunikasjonsform. Frå ho var lita har ho blitt "tvinga" med på foreldra sine ulike jobbar, og på denne måten fått musikken og miljøet under huda. Dette har nok bidrege til at ho no inntar større roller og ikkje minst beherskar kunstforma godt. Martha haustar mange lovord for stemma si og nærværet på scena. Frå ho var lita jente har ho sunge i operakoret saman med syskena sine.

Kven er så Inga, rolla som Martha spelar?
- Inga er ei 17 år gammal jente som tidleg må ta ansvar og bli vaksen. Både av di faren som gamblar og drikk treng hjelp, men òg av di tida ho lever i krev det. I dagens samfunn ville nok Inga skilt seg ut med å vere tidlig vaksen, fortel Martha Pavelich.

Martha er spent desse dagane før premiere. Før ho entrar scena blir ho lett uroleg og får litt skylappar på. Ho er trygg på rolla og ikkje minst den omfattande teksten ho skal synge. Når ho først er på scena og har funne seg til rette, elskar ho kontakten med publikum og kicket det gir.

Martha gler seg til å møte publikum frå scena i Operahuset Nordfjord.

Emner

Kategorier

Regions

Kontakter

Relatert innhold

  • Eit forelska par på verdspremiera på Sildagapet. Foto: Øystein Torheim

    Havets sølv glitra i Sildagapet i kveld.

    Onsdag 4. oktober kl 21.10 gjekk sceneteppet att etter tredje akt i verdspremiera på Sildagapet. Opera Nordfjord ynskjer å takke publikum, solistar, frivillige, elevar og alle andre med ei vel gjennomført premiere. - i kveld oppførte vi oss som ein ekte sildestim, der koordinasjon, prestasjonar og retning gjorde dette til ei vakker oppleving, seier ein lukkelig operasjef Kari Standal Pavelich.

  • Sildegutar og sildejenter i operaen Sildagapet,  av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde

    Nyhendebrev nr. 3 - Opera Nordfjord innbyr til 20-årsfest i 2018

    Kven hadde trudd at ein vill idé om å lage «opera til folket» i Sogn og Fjordane skulle slå rot, vekse og blomstre utan stans i 20 år? No ser operaentusiastane i Nordfjord fram til eit spennande jubiléumsår med eit variert repertoar for ALLE. Distriktsoperaen på Nordfjordeid feirar seg sjølv og ønskjer velkomen til fest.