Gå videre til innhold
Konferansier Orvar Säfström og sopran Sabina Zweiacker, Score Productions.
Konferansier Orvar Säfström og sopran Sabina Zweiacker, Score Productions.

Nyhet -

Opera Nordfjord med episk filmmusikk på fylkesturné

Endeleg, på tredje forsøk i ei krevjande koronatid,  er Opera Nordfjord tilbake med nytt samarbeid med Score Productions frå Sverige! Etter stor suksess våren 2018 med dataspelmusikk, innbyr distriktsoperaen i samarbeid med  Firda vidaregåande skule til eit nytt, magisk, musikalsk eventyr, når SAGAS skal på turné til Trivselshagen, Sogndal Kulturhus, Operahuset Nordfjord og Førdehuset dagane 11.-14. november.

Publikum vert invitert med på ei fortryllande reise i fantasien si verd. Temaet er filmmusikk frå fantasysjangeren, i tillegg til klassikarar frå spelverda. Vi byr på publikumsfavorittar som Harry Potter, Narnia, The Lord of the Rings, Conan – The Barbarian, Princess Mononoke, Carmina Burana, Skyrim, Shadow of the Colossus og sjølvsagt musikk frå den umåteleg populære TV-serien Game of Thrones. I tillegg vert det smakebitar frå storverket Carmina Burana og dataspelet Final Fantasy VII. 

Konsertane passar både for det kresne, klassiske konsertpublikumet, for unge og eldre gamerar og ihuga fantasytilhengarar, uansett alder. Her er det heilt trygt for besteforeldre å ta med barnebarn for å oppleve spennande og inspirert symfonisk musikk med eit 52-tals profesjonelt orkester og stort kor på 75 songarar, samansett av Opera Nordfjord sitt eige operakor og musikklinjekoret ved Firda vidaregåande skule. Dirigent vert Michael Pavelich, solist er Sabina Zweiacker og konferansier er Orvar Säfström.

Opera Nordfjord garanterer igjen høg gåsehudfaktor, ellevill speleglede og episk korsong når dei reiser ut på vegen på ein etterlengta turné for å mette eit forhåpentlegvis sultefora publikum!

Emner

Kategorier

Regions

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge