Gå videre til innhold

Kategorier: operahuset nordfjord

  • Soga om Sol klar for Vestlandsturné i oktober

    Opera Nordfjord er klar for Vestlandsturné med musikalen Soga om Sol til Nordfjordeid, Stord, Os, Fana og Åsane i perioden 1. -11. oktober. 36 sceneaktørar, musikarar og kunstnarisk og teknisk personell set seg på turnébussen 6. oktober for å feire både utvandring og innvandring gjennom ei rørande historie om oppbrot, eventyrlyst, heimlengt, sorg, kjærleik og håpet om eit nytt liv i Amerika.

  • Opera Nordfjord feirar 25 år med nyskriven utvandrarmusikal

    Opera Nordfjord feirar 25 år i 2023 med nyskriven musikal av Øystein Wiik og komponist Gisle Kverndokk. Handlinga er lagt til om lag 1915, då mange nordfjordingar utvandra frå Nordfjord til Amerika. Dei aller fleste rollene vert fylte av lokale, profesjonelle musikalartistar og skodespelarar og eit utval av dyktige, lokale amatørar. Premieren vert onsdag 4. oktober i Operahuset Nordfjord.

  • 120 ungdommar syng Verdis Requiem med Opera Nordfjord

    Helga etter påske er det duka for ei sjeldan storsatsing, når Opera Nordfjord reiser på turné med fantastiske Requiem av Verdi, eit av dei aller største meisterverka for kor, solistar og orkester.

  • Klassisk operagalla på vårturné

    Opera Nordfjord kan skilte med store stemmer i internasjonal klasse, når sopranen Margrethe Strømmen Fredheim og tenoren Bror Magnus Tødenes gjestar distriktsoperaen på Nordfjordeid i april.

  • La Traviata til Opera Nordfjord

    Etter 23 år står La Traviata igjen på plakaten når Opera Nordfjord opnar dørene for sesongstart 28. september 2021 i Operahuset Nordfjord, med 8 framsyningar i perioden 28.09.-08.10..

  • Den store julekonserten i Operahuset Nordfjord

    Opera Nordfjord inviterer til stemningsfull julekonsert med høg gåsehudfaktor når fullt operaorkester, kor og solistane Beate Mordal og Alexander Standal Pavelich framfører dei vakraste julesongane, leia av dirigent Michael Pavelich. Det skjer i Operahuset Nordfjord 3. og 4. desember - velkomen til heile familien!

  • Opera Nordfjord med episk filmmusikk på fylkesturné

    Endeleg er Opera Nordfjord tilbake med nytt samarbeid med Score Productions, med fantasy filmmusikk på repertoaret! Etter stor suksess våren 2018 med dataspelmusikk, innbyr distriktsoperaen i samarbeid med Firda vidaregåande skule til eit nytt, magisk, musikalsk eventyr når SAGAS skal på turné til Trivselshagen, Sogndal Kulturhus, Operahuset Nordfjord og Førdehuset dagane 11.-14. november.

  • Opera Nordfjord inviterer til ANNIE-audition

    Opera Nordfjord feirar i år 20 år med opera, musikkteater og konsertar. Jubileumsåret vert avslutta den siste helga i november med den folkekjære familiemusikalen Annie av Charles Strouse. No sender operaen ut innbyding til jenter frå Nordfjord i alderen 8 år og oppover som kan vere interesserte i ei av dei mange rollene.