Gå videre til innhold
Oppe frå venstre: Sol Brendefur, Erlend Gjul, Eirik Risholm Velle, nede frå venstre: Solveig Othilie Skare, Simon Standal Pavelich, Asbjørn Hagen, Helga Botn, Roy Aron Myklebust
Oppe frå venstre: Sol Brendefur, Erlend Gjul, Eirik Risholm Velle, nede frå venstre: Solveig Othilie Skare, Simon Standal Pavelich, Asbjørn Hagen, Helga Botn, Roy Aron Myklebust

Nyhet -

Reisa til Julestjerna snart sceneklar

Reisa til Julestjerna (originaltittel: Reisen til Julestjernen) er eit norsk skodespel av Sverre Brandt frå 1924, med musikk av Johan Halvorsen, oppført første gong 2. juledag 1924 på Nationaltheatret i Oslo. Fredag 27. november er det  premiere i Operahuset Nordfjord, når Opera Nordfjord set opp det folkekjære musikkteateret for aller første gong i Nordfjord.

Det kunstnariske teamet består av  av regissør og dirigent Michael Pavelich, scenograf og rekvisitør Anndi Bergset, som også har ansvar for kostyma,  koreograf Candice Bredesen og lysmeister Ovar Holmen. Heile framsyninga vert driven fram av vakker, klassisk orkestermusikk, framført av 16 profesjonelle musikarar i orkestergrava. Ein gjer merksam på at musikken er originalmusikken til teaterstykket og  ikkje den som mange kjenner frå filmen.  

På scena møter vi Sol Brendefur frå Hornindal som Sonja, Erlend Gjul frå Askvoll som Kongen, Asbjørn Hagen frå Eid som Greven, Eirik Risholm Velle frå Ørsta som Magisteren/Julemannen, Simon Standal Pavelich frå Eid som Ole, Solveig Othilie Skare frå Austefjorden som Petrine, Helga Botn frå Volda som den onde Heksa, Roy Aron Myklebust frå Stryn som Nissafar og Åsaliv Røgeberg frå Gloppen som heksedottera. I tillegg kjem statistar, kor og dansarar frå heile Nordfjord, inklusive ballettborn frå Stad Kulturskule.

Reisa til Julestjerna er ei klassisk eventyrfortelling, der den onde greven prøver å forhindre at den uskuldige og godhjarta Sonja, som heilt uvitande er prinsesse Gulltopp, skal komme heim til den snille faren sin, sjølvaste kongen. Han har ulukkeleg leita etter og venta på si kjære dotter sidan ho forsvann som lita jente. På si leiting etter Julestjerna møter Sonja både Heksa, Greven, Nissefar, Julemannen, Nordavinden, Bamsefar, dei snille fuglane og ei gammal kone med ei dotter som frys, til ho møter Sonja, som gir henne ullvesten sin. På Slottet er det Ole og Petrine som på humoristisk vis støttar kongen så godt dei kan, og som sjølvsagt held eit ekstra auge på den onde greven….

Dei fem første framsyningane er allereie utselde, men det er framleis ledige billettar til måndag 30. november. Det kan også bli frigjort enkeltbillettar undervegs på utselde framsyningar, så sjekk gjerne jamleg, sjølv om det pr. i dag er utselt. 

Smittevern har sjølvsagt  det aller største fokus, både for aktørar og publikum, så ein skal kjenne seg trygge når ein kjem på framsyning i operahuset.

Det er ikkje pause i forestillinga, som varer om lag  1t 30 min.

Framsyningar: 27.11. kl. 18.00, 28.11. kl. 13 og kl. 18, , 29.11. kl. 14. og kl. 18 og 30. november kl. 18.00.

Billettar: www.operanordfjord.no

Emner

Regions

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge