Gå videre til innhold
Lars Marius Hølås, Eivind Rossbach Heier og Jostein Bolås Brødreskift utgjer Trio no Treble. Foto:Ole Wuttudal
Lars Marius Hølås, Eivind Rossbach Heier og Jostein Bolås Brødreskift utgjer Trio no Treble. Foto:Ole Wuttudal

Nyhet -

Trio no Treble med konsert i Gamlebanken

Trio no Treble er ein stryketrio med bratsj, cello og kontrabass! Ein trio utan diskant, kun mørke røyster og djup klang. Kan det bli betre? Opera Nordfjord har invitert denne utradisjonelle trioen til konsert og hyggeleg lag i Gamlebanken førstkommande søndag.

Trioen, som består av Lars Marius Hølås på bratsj, Eivind Rossbach Heier på cello og Jostein Bolås Brødreskift på kontrabass, vart stifta sommaren 2017 og har sidan oppstarten hatt stor suksess med sine konsertar i  Trøndelagsregionen, rundt i Noreg og i Serbia. Dei har også vore festivaltrio på Festspillene i Helgeland samt spelt eigne konsertar på Hamar og i Operaen i Oslo. Trioen har nettopp gitt ut sitt aller første album og er kjend for si leikne tilnærming til både folkemusikk og klassisk musikk og sine spreke tolkingar av ny popmusikk; det er all grunn til å gle seg til ein konsert heilt utanom det vanlege!

Emner

Regions

Kontakter